Rett diagnose - tvilsam medisinBønder over heile landet aksjonerer mot tilbodet som Staten la på bordet i årets jordbruksforhandlingar. Tilbodet om 900 millionar kroner er milevis frå kravet på 2,2 milliardar kroner. Slik sett er det ikkje vanskeleg å forstå frustrasjonen. Det er heller ikkje vanskeleg å forstå at bøndene aksjonerer. det er litt vanskelegare å forstå kvifor bøndene sine organisasjonar braut tvert av – og aksjonerer – før dei gjekk i reelle forhandlingar. På tide å vakna Fjord1Sist laurdag dokumenterte Sogn Avis at Fjord1 ikkje akkurat er godt førebudde på at det kjem turistar til verdsarvferjene mellom Gudvangen og Flåm før 1. mai. Eller rettare sagt, mykje tyder på at konsernet ikkje kjenner til at turistsesongen i indre delar av fylket er i tilnærma full gang lenge før 1. mai. For i praksis kjem det turistar til Sogn heile året. Og fleire og fleire i det både reiselivsselskapa og – trudde me – Fjord1 har karakterisert som skuldersesongen. Fare for historisk feilSogndal kommune er i ferd med å gjera ein historisk tabbe. Me er rimeleg trygge på at eit vedtak om å byggja opp eit nytt omsorgssenter i og under Stitoppen kloss i barneskulen, vil bli vurdert som nær ein skandale av framtidige generasjonar. Det er vanskeleg å fatta og begripa korleis det framleis kan vera mogeleg at det er eit fleirtal for desse planane. Ei terrorfri soneDei fleste norske media, både papiraviser, nettaviser, fjernsyn og radio er i desse dagar fulle av stoff om rettssaka mot massedrapsmannen Anders Behring Breivik. Det vil vera slik i 10 veker framover, heilt til jonsok. Og dette er berre første rettsrunde. Rett val av SISOFStudentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF) vil selja bustadmassen dei eig på Kaupanger. Hovudårsaka er at moderne studentar stiller nye krav. Skal dei studera i Sogndal, vil dei helst bu sentralt. Dette kravet er enkelt å forstå. Soleis er også SISOF sitt ynske om å selja desse bustadene rett veg å gå. Ubegripeleg tankeløyseI snart tusen år har runesteinen, som viser kvar Kong Olav stod då han skaut opp pila som skulle visa kvar kyrkja i Sogndal skulle stå, fått stå i fred. No er han knekt etter å ha vorte nytta som lagringsplass for snø! Slik blir tusen år gamle kulturminne passa på og stelte med i kulturbygda Sogndal! Det er heilt horribelt. Skivebom frå SIVA-sjef«Aurland og Flåm har alle forutsetninger og en unik mulighet til å utvikle et reisemål i verdensklasse», heiter det i eit lesarinnlegg underteikna av Espen Susegg, eiendomsdirektør i SIVA i går. Bakgrunnen for innlegget er Sogn Avis sine mange artiklar om Aurland Ressursutvikling AS (AR) dei siste vekene. Eit ekte vekstsenterSist veke kom tala frå Statistisk sentralbyrå som stadfestar det alle som reiser gjennom Sogndal ser med eigne auge regionsenteret er eit ekte vekstsenter. Eit stort vektsenter, faktisk. I fjor auka folketalet i Sogndal mykje meir enn nokon annan stad i Sogn og Fjordane. Eldre, sjuke og omsorgKommunalminister Liv Signe Navarsete har vore på studietur til Danmark for å læra om Fredericia-modellen. Det er danskane sin suksessmodell for ei ny og moderne eldreomsorg. Etter at kommunen Fredericia starta opp dette prosjektet i 2008, har nær alle andre danske kommunar følgt etter. Kampen for sokneprestenHandlekraftige damer i Årdal har sett i gang ein underskriftsaksjon for å få sokneprest Carsten Wind Hansen attende i stillinga. Den danske presten har vore sjukmeld sidan i fjor sommar. Damene gjekk først ut med ei støtteerklæring, fordi mange hevda det er ei gruppering i kyrkja som vil pressa presten ut for godt. Annonse Sogn Avis meiner
Følges av 47 medlemmer.
Her kan du lesa og diskutera leiarartiklane i Sogn Avis. Mer om sonen Sogn Avis meiner er en sone på Origo. Les mer | ||