Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.
I Sogn Avis laurdag sette Gunnar Lotsberg fram til dels kraftig kritikk mot forvaltningsutvalet i Sogndal kommune. Lotsberg, sjølv ingeniør i Statens vegvesen, meiner at det politiske utvalet, som langt på veg bestemmer den fysiske og visuelle utviklinga i kommunen, er for svakt og at det må bli fagleg sterkare.
Same kva personleg motiv ingeniøren i vegvesenet måtte ha, er det ikkje enkelt å neglisjera denne kritikken. Det er heller ingen tvil om at Lotsberg har sett seg svært grundig inn i sakene. Den som vil sjekka påstandane og synspunkta, kan gå på heimesida hans som i alle fall burde gje grunnlag for debatt både internt i utvalet og elles der ein måtte vera oppteken av kommunal forvaltning.
Kritikken mot forvaltningsutvalet i Sogndal er ikkje eineståande og det er slett ikkje første gong slik kritikk kjem til overflata i regionsenteret. Kritikken råkar på ein måte ikkje berre dei folkevalde som sit i dette utvalet i dag. Heilt attende til då dette organet heitte bygningsråd, teknisk styre og seinare planutvalet har det – med ujamne mellomrom – kome kritikk. Det har mellom anna gått på forhold som ulik praktisering av byggjeskikk og det har gått på forskjellsbehandling i byggjesaker.
Ein del av kritikken mot måten forvaltningsutvalet fungerer på er tufta på at utvalet, truleg på grunn gav manglande kompetanse, blir prisgjevne administrasjonen. Sagt på ei annan måte, det er administrasjonen snarare enn dei folkevalde som bestemmer. Lotsberg meiner å kunna dokumentera at det er slik at i Sogndal blir tilrådinga frå rådmannen godkjent nesten uansett om den er negativ eller positiv. Sjølv om Sogn Avis ikkje har empiri på dette, må me vedgå det dette også er vårt inntrykk over tid.
Sjølvsagt skal dei folkevalde ha tillit til det arbeidet og dei tilrådingane som administrasjonen kjem med, det skulle berre mangla. Men det betyr ikkje at det ikkje skal, eller snarare bør, langt oftare enn tilfellet er i dag – stillast spørsmål både til saksutgreiingar og tilrådingar. Det finst fleire døme på saker som oppegåande folkevalde representantar burde ha gripa tak i og problematisert.
Same kva dei folkevalde som sit i utvalet i dag måtte meina, så bør dei ta ein kritisk gjennomgang av måten dette utvalet fungerer på. Det burde også administrasjonen ha interesse av. For meir enn noko handlar dette om folk sin tillit til måten eit så viktig utval som dette fungerer på. Det vil vera uheldig for lokaldemokratiet om det skulle festa seg eit inntrykk av at forvaltningsutvalet berre stør sand på tilrådingar frå administrasjonen og at dei ikkje verken evnar eller vil stilla spørsmål.