Kjapp visitt

(Leiaren er skriven av redaksjonssjef Eli Grotle)

Bjørnen som mest truleg har rusla over fylkesgrensa på Filefjell for å ta føre seg av lærdølene sine sauer, har allereie gjort eit stort innhogg på budsjettet til det interkommunale fellingslaget. Eit tosifra tal godt kvalifiserte og førehandsplukka jegerar vart kjapt tromma saman då bjørnealarmen gjekk sist helg. Like kjapt kom fellingsløyvet frå Fylkesmannen. Alt tufta på erfaringane frå tidlegare bjørnevisittar i fylket.

Funn av fem vaksne sauekadaver i lærdalsfjella fekk bjørnealarmen til å gå. Rett nok. Skal det i det heile vera mogeleg å koma i kontakt med sauedreparen, må det vera handlekraft medan spora er ferske.

Fellingslaget fekk eit romsleg løyve frå Fylkesmannen. Fram til 4. juli har dei lov å fyra av skot dersom dei kjem kloss på bamsen.

Rovdyransvarleg Christian Pedersen i World Wildlife Found (WWF) er derimot skeptisk til grunnlaget for jaktalarmen. Han finn det urimeleg at det ligg ein slags automatikk i å senda jaktlaget ut straks ein bjørn vert mistenkt for å slå i hel ei handfull med sauer. Skepsisen er spesielt knytt til at dette er eit terreng som frå gamalt er kjent for at bjørnen passerer gjennom. Pedersen trur lærdalsbamsen er ein ung hannbjørn på gjennomfart.

Sidan fellingslaget ikkje har sett snurten verken til bjørn eller nye spor, kan det tyda på at Pedersen har rett i at bjørnen er ein yr kar som berre har streifa forbi. Og han vert kanskje ikkje den einaste som passerer. Utan å gjera ein sau fortred. Difor har Pedersen eit poeng i at fellingsløyvet på to veker kan vera for sjenerøst, nettopp fordi faren for å skyta feil bjørn er stor.

Fellingslaget melde attende torsdag at dei trappa ned bjørnejakta sidan det ikkje lenger var spor å gå etter. Så lenge det ikkje vart funne nye kadaver, tydar det mest på at sauedreparen har reist att. Noko som viser at dei som koordinerer aksjonen er medvitne på at dei rettar geværet mot rett dyr.

Kor mange ihelslegne sauer som skal liggje att i fotefara til bjørnen før alarmen går, vil nok dyrevernarar, saueeigarar og jegerar ha delt syn på. Sikkert er det i alle fall, at mobiliseringa må skje raskt, om det først skal fellast ein sauesvolten bjørn. Så bør ein drøfta om omfanget av mobilseringa skal vera like romsleg kvar gong.

Vist 297 ganger. Følges av 1 person.
Annonse