Gulrot heller enn tvang

Debatten om kommunesamanslåing har skote fart att dei siste vekene. Det tok skikkeleg av då
stortingsrepresentant Håkon Haugli, som sit i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget for Ap, gjekk ut i VG og sa det bør vera ei nedre folketalsgrense på 20.000 innbyggjarar i norske kommunar.

Ifølgje Ap-representanten har han kome til denne nedre folketalsgrensa etter å ha teke utgangspunkt i kva oppgåver kommunane skal ha. Ekspertisen rekna seg fram til at ein sokalla idealkommune bør ha minimum dette talet innbyggjarar. Mange har tilbakevist desse påstandane og hevda at små kommunar kan gje – og gjev – eit vel så godt tilbod.

Men Haugli har også fått støtte. Legeforeningen er mellom dei som meiner at små kommunar ikkje vil klara å byggja opp den kommunale helsetenesta for å kunna møta dei tiltak og pålegg som til dømes samhandlingsreforma legg opp til.

Men same kva legeforeininga og enkelte stortingsrepresentantar seier, det er framleis eit ope spørsmål korleis så omfattande kommunesamanslåingar eventuelt skal kunna skje. Og det er lite som tyder på at det finst politisk vilje til å tvinga kommunane til å slå seg saman.

NRK har spurt over 60 prosent av ordførarane i landet om kommunesamanslåing, og nær halvparten seier at dei ser det som eit mål å redusera talet på kommunar. Men tvang vil dei ikkje høyra om. Heile sju av ti ordførarar seier nei til tvang. Også på grasrota viser denne undersøkinga at tvang vil vera uakseptabelt.

Dersom Haugli sitt folketalskrav skulle leggjast til grunn for kommunestorleiken i Sogn, ville me sitja att med halvannan kommune her i regionen. Det seier seg sjølv at det ikkje er mogeleg, ikkje ein gong om viljen skulle vera til stades. Det ville reint praktisk vera heilt uråd å få til. Sogneregionen er soleis eit godt døme på kor håplaust det er å generalisera når det gjeld storleik på norske kommunar. Nokon er – og vil alltid vera – små og gode!

Det er altså likevel eit klart ynske om færre kommunar. Dei raudgrøne bør etter vårt skjøn gjera to ting: lansera effektive stimuleringstiltak slik at dei kommunane det er naturleg, og til og med fornuftig at slår seg saman, blir motiverte til å ta steget. Eit godt døme er Sogndal og Leikanger. Ei skikkeleg bra, økonomisk gulrot her, og me har ein kommune mindre rimeleg snøgt, vil me tru.

Slik er det heilt sikkert mange andre stader, og det andre dei raudgrøne bør gjera er å laga eit kommunekart som stemmer med terrenget, både økonomisk og praktisk. Gulrot framfor tvang, med andre ord.

Vist 187 ganger. Følges av 1 person.
Annonse