Sogn Avis meiner
Følges av 47 medlemmer.
Her kan du lesa og diskutera leiarartiklane i Sogn Avis. Mer om sonen Sogn Avis meiner er en sone på Origo. Les mer Etter uvêretMe har lagt bak oss ein av dei verste jule-orkanane i manns minne. Få kan hugsa verre uvêr enn Dagmar som råka Vestlandet med full styrke første juledag. Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vart hardast råka. I skrivande stund, tre døgn etter at orkanen trefte, er det framleis mange i fyket som er utan både straum, vegsamband og telefon. Det er førebels ikkje dekning for å påstå at det gjekk liv tapt som følgje av dette uvêret. Men Helse Førde har registrert ein episode der pårørande til ein mann som vart sjuk, ikkje fekk kontakt med 113. Dei pårørande måtte sjølve henta ambulansen, men då ambulansen omsider kom, var det for seint, mannen var død. Justisminister Grete Faremo krev ein full gjennomgang, og seier til vg.no. at ho reknar med at saka blir handtert slik den skal av ansvarlege styresmakter. Statsråden vil også ha meir informasjon om kvifor så mange i fylket måtte klara seg utan straum og telefon i fleire dagar. Og ho vil dessutan be Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) om å ta desse orkanhendingane med i utgreiinga om kritiske feil i telenettet. Det er all mogeleg grunn til å gjennomføra ei omfattande gransking av beredskapen, også på dette området. Hadde det ikkje vore for ein fantastisk innsats frå dei ulike kraftselskapa sine mannskap og frå privatpersonar i kvar einaste grend og bygd, som har vore råka, ville mange fleire vore utan straum og telefon framleis. Desse mannskapa, frivillige og andre, må få ein stor takk for å ta stått på i mange timar undre svært vanskelege forhold. Det viktigaste spørsmålet etter uvêret sine herjingar, blir korleis ein kan førebyggja at neste uvêr, som heilt sikkert kjem, får så dramatiske konsekvensar for vårt moderne samfunn. Det er slik at når straumen forsvinn, så dett også mobilnettet lett ut. Dette er det mest dramatiske for liv og helse, sidan fleire og fleire berre har mobiltelefon. Sjølvsagt er det eit poeng at kvar kommune utstyrer seg med ein satellittelefon, men det må meir til. Frå vår synsstad må det enklaste, førebyggjande tiltaket mot slike dramatiske konsekvensar, vera å syta for at det blir rydda mykje betre i terrenget langs alle kraftlinjene, og først og fremst høgspentlinjene, sjølvsagt. Det burde ikkje vera tre så nær kraftlinjene at det kan skapa straumbrot om dei bles over ende. Det må vera mykje billegare å syta for å fjerna all skog som er for nær linjenettet før uvêret kjem, enn å rydda opp etterpå. og ikkje minst mykje tryggare for samfunnet.
Vist 36 ganger. Følges av 1 person. Annonse | ||