Sogn Avis meiner
Følges av 47 medlemmer.
Her kan du lesa og diskutera leiarartiklane i Sogn Avis. Mer om sonen Sogn Avis meiner er en sone på Origo. Les mer Ikkje spesielt betryggjandeLaurdag fortalde Sogn Avis om to dramatiske situasjonar som oppstod medan og etter at Dagmar hadde herja som verst med fylket. I begge tilfella handlar det om pasientar som ikkje kom fram, eller brukte det som må karakteriserast som heilt uforsvarleg lang tid, på å koma fram til sjukehus. Me kan berre ana korleis foreldra til den fire veker gamle babyen, som vart sendt ut på ei rundreise utan sidestykke, må ha hatt det. At dei måtte oppleva å bruka heile 11 timar frå Kaupanger til Førde sjukehus med ein liten, sjuk baby er ikkje enkelt verken å forstå eller akseptera. Foreldra sit att med mange spørsmål etter denne hendinga, noko som er svært lett å forstå. For heilt openbert vart det gjort ein del vurderingar som i beste fall er diskutable. Planen om å bruka ein hjullastar for å frakta ein liten sjuk baby og mor hans, gjennom eit område der det framleis var stor skredfare, er nesten ikkje til å tru. Og kva var det dei ansvarlege tenkte på då ambulansebåten med den vesle guten om bord vart omdirigert til Lånefjorden for på plukka opp passasjerar som sat i ein innesperra bussen. Passasjerane hadde ikkje fått melding om dette, viste det seg så det vart bomtur. Det er heller ikkje heilt enkelt å forstå kvifor verken Voss eller Haukeland Sjukehus var eit alternativ denne dagen. Og berre så det er sagt hadde dette skjedd for ti år sidan, hadde guten fått det bra på fødeavdelinga på Lærdal sjukehus… Dagen før den vesle babyen var send ut på denne rundreisa, opplevde 72 år gamle Berit Reppen i Sogndalsdalen å ikkje koma seg til sjukehus i det heile. Heldigvis viste det seg at hennar hjarteproblem ikkje var alvorleg, men kva om det hadde vore det? Beredskapen hadde ikkje vore betre om sjukdomen hadde vore meir akutt. Til liks med mange andre etter denne stormen, er Reppen fortvila over korleis beredskapen er når uvêret slår til. Ho peikar på kor viktig det er å behalda eit oppegåande sjukehus i Lærdal. Me konstaterer at Helse Førde sjølv meiner dei gjorde forsvarlege vurderingar i desse sakene. Noko anna ville vore overraskande. Men fleire spørsmål står likevel att. Me skal nøya oss med eitt: Kan det vera rett å bruka ein ambulansebåt til persontransport når liten ein baby er så dårleg at han må ha oksygentilførsel? Det er i så fall ikkje spesielt betryggjande vurderingsevne hjå dei som sit og skal vurdera slik.
Vist 28 ganger. Følges av 1 person. Annonse | ||