Sogn Avis meiner
Følges av 47 medlemmer.
Her kan du lesa og diskutera leiarartiklane i Sogn Avis. Mer om sonen Sogn Avis meiner er en sone på Origo. Les mer Bør greia ut samanslåingÅrsmøtet i Leikanger Arbeidarparti vil leggja arbeidet med å greia ut konsekvensane av ei kommunesamanslåing med Sogndal på is. Sidan Senterpartiet i Leikanger alt under i valkampen i fjor gjorde det klart at dei meiner det same, er det fleirtal for å stoppa opp dette arbeidet i det nye kommunestyret i Leikanger. Det kanskje mest oppsiktsvekkjande i denne saka, er grunngjevinga for at eit samrøystes årsmøte i Leikanger Ap, vil leggja utgreiinga på is. Dei meiner at denne saka ikkje er moden for ei utgreiing enno. Dersom ikkje tida er moden for ei utgreiing av ei samanslåing av Sogndal og Leikanger no, så blir ho aldri det. Då er det snarare manglande vilje enn modning det handlar om. Etter vårt skjøn er denne saka overmoden for ei skikkeleg og grundig utgreiing, og det har ho vore i mange år. Og spesielt etter at tunnelane i Stedjeberget og gjennom Fatla kom på plass. Me har for så vidt stor sans for at Leikanger Ap meiner at ei samanslåing av berre Sogndal og Leikanger blir for puslete. Ifølgje partileiar Jan Håkon Odd ser årsmøtet føre seg ei større kommunesamanslåing på nordsida. Lokallaget meiner at ei samanslåing av Sogndal, Leikanger og Luster ei minimumsløysing. Dette er me samde med lokallaget i, og det har me teke til orde for tidlegare, ved fleire høve. Ein samanslått storkommune av desse tre vil få stor tyngde, på alle måtar. Men me er redd for at dette ligg eit godt stykke inn i framtida. Og me trur ikkje at det er lurt å venta med å greia ut den mest openberre samanslåinga i heile fylket, Sogndal og Leikanger, medan ei ventar på lustringane. Det einaste som truleg vil setja skikkeleg fart i den prosessen, er ei samanslåing med tvang der Stortinget fortel kvar kommuneskapet skal stå, rett og slett. Det er heilt utenkjeleg at ei raudgrøn regjering vil gå inn for tvangssamanslåing av kommunar, i alle fall så lenge Senterpartiet sit i regjeringa. Men skulle Erna Solberg & Co ta over styringa kan det bli heilt andre tonar. Det kan vera at Leikanger Ap ser føre seg eit regjeringsskifte etter Stortingsvalet i 2013, og at det er konsekvensane av eit slikt regjeringsskifte dei vil bu seg på. Me tykkjer det er ei alt for defensiv haldning og oppmodar både sogndøler og systrendingar til å gjennomføra denne utgreiinga. Då legg dei premissane sjølve. Og så får det koma som ein stor pluss om lustringane skulle vakna. Seksjoner Min side Sider Kontrollpanel
Vist 44 ganger. Følges av 1 person. Annonse | ||