Varsel om nye helsekutt

Sidan føretaksmodellen vart sett ut i livet og Helse Førde såg dagens lys, har organisasjonen hatt eitt overordna mål: å redusera kostnadene med det desentraliserte helsetilbodet.

Det første Helse Førde gjekk laus på var fødeavdelinga i Lærdal. Sidan har det gått slag i slag, både forsterka fødestove og akuttmottak er fjerna.

Men heile tida har det vore ein føresetnad at ambulansetenestene skal styrkast. Nesten som ein slags kompensasjon. Det har ikkje vore måte på, og det har handla om ambulansetilbodet både til sjøs, i lufta og på land.

Det var soleis med meir enn undring me registrerte klinikkdirektør Tore Dvergsdal si saksutgreiing til styremøtet i helseføretaket torsdag. Der går det fram at kostnadene med ambulansetenesta i dette fylket vil auka så mykje dei komande åra at Helse Førde ikkje har økonomi til å bera det.

Det står så, svart på kvitt og dette heng ikkje på greip.

Og det blir ikkje betre av klinikkdirektøren si forklaring til nrk.no om kvifor det har vorte slik. Han peikar nemleg på at det har vore store omveltingar både innanfor kommunikasjon, kompetansekrav til tilsette og «andre ting».

Skulle betre kommunikasjon vera eit problem?

Er det slik at dei som leiar dette helseføretaket ikkje verken har forstått eller teke høgde for, at ein konsekvens av sjukehusraseringa måtte gje auka utgifter til ambulansetenesta? Har dei ikkje budsjettert med dette?

Og eit anna moment som nesten ikkje er til å tru i dagens Helse-Noreg: Det er visstnok slik at i eit grisgrendt fylke som vårt er det fare for at ambulanse­personellet ikkje får nok trening og øving etter dagens kompetansekrav. Det er for få utrykkingar, rett og slett.

Kompetansekrava til ambulansepersonell er med andre ord slik at distrikta – som har størst behov for ambulanse sidan avstanden til nærmaste sjukehus ofte er stor, ikkje kan ha ambulanse fordi kompetanseøvinga ikkje er omfattande nok.

Det pussige er at akkurat medan denne leiarartikkelen blir til, kjem følgjande e-post inn frå direktør Herlof Nilssen i Helse Vest: «Helse Vest landar 2012 med det beste resultat nokon gong. Måla for dei fem neste åra er klare: god samhandling, ingen fristbrot og kortare ventetid. Og først og fremst: Enda tryggare pasientbehandling».

Kan nokon utdjupa?

Vist 104 ganger. Følges av 1 person.
Annonse