Krev rask handling

Dei tilsette ved Vik bygde- og sjukeheim opplever arbeidsdagen sin som så krevjande, arbeidspresset som så stort at dei ikkje er i stand til å dekkja pasientane sine grunnleggjande behov.

Arbeidsforholda er vortne så tøffe at samtlege tillitsvalde ved bygde- og sjukeheimen har gått saman om uromelding til hovudverneombodet i kommunen.

Brevet frå dei fire tillitsvalde fortel om alt for mjuke bruk av mellombelse løysingar, som korridorpasientar, bruk av dobbeltrom og – endå verre – bruk av rom som er heilt ueigna for pasientar – til gamle og sjuke folk.

Slike mellombelse løysingar fører sjølvsagt til mange ekstra og tunge belastningar på dei tilsette, både fysisk og psykisk. Ingen som går inn i omsorgsyrke lever godt med at dei må plassera gamle og sjuke på lagerrom, vaskerom og toalett.

Ingenting kan vel vera verre enn å gå heim etter enda arbeidsdag, heilt utsliten og likevel klar over at du ikkje har vore i stand til å dekkja brukarane sine basale behov?

Sjølvsagt er det først og fremst ein stadig strammare kommuneøkonomi som er forklaringa på at det har gått så gale. Me registrerer det som positivt at rådmann Oddbjørn Ese tek saka på høgaste alvor og at han går til det drastiske steget det er å be Fylkesmannen om å gjennomføra eit tilsyn på institusjonen.

Dagen før saka vart omtalt i Sogn Avis, varsla rådmannen Fylkesmannen om at det kjem ei skriftleg oppmoding om tilsyn.

Det er derimot urovekkjande at rådmannen, og dermed kommunen vart så overraska over innhaldet i uromeldinga frå dei tilsette ved bygde- og sjukeheimen. At arbeidsforholda der er langt verre enn det dei ansvarlege i kommunen har vore kjende med.

Det kan berre skuldast anten at dei tilsette på heimen har tolt for store belastningar for lenge før dei manna seg opp til å seia skikkeleg ifrå. Eller at dei ansvarlege i kommunen ikkje har følgt godt nok med. Ikkje har sjekka kva konsekvensar kutta i pleie- og omsorgssektoren dei siste åra har ført til. Vik er ikkje ein så stor kommune …

Uansett – no er problemet skikkeleg adressert og her må det mykje meir til enn «ein gjennomgang av dei arbeidsmiljømessige utfordringane som blir omtalte». Uromeldinga må resultera i konkret handling så fort det berre lèt seg gjera. Dette går ikkje lenger.

Samstundes varslar dei folkevalde i formannskapet ytterlegare kutt i den kommunale drifta. Dette går ikkje i hop. Vik treng ekstraordinær hjelp – og kanskje ho som sende det berømte Vik-brevet som utløyste Terra-skandalen, Erna Solberg kan hjelpa?

Vist 58 ganger. Følges av 1 person.
Annonse