Ein tonedøv provokasjon

NRK Sogn og Fjordane har denne veka sett eit passande og viktig søkjelys på språkpolitikken i fylkeskommunen.

Etter at byråkratane på fylkeshuset fekk leika seg fritt med språkreglane i fjor haust, er det gjort endringar som mange, spesielt her i Sogn, ikkje set pris på.

Dei nye og innsnevra språkreglane gjer at dei tilsette i fylkeskommunen må bruka e-ending og «vi» i staden for «me». Dette er stikk i strid med det som er vanleg skrivemåte i Sogn. Me brukar a-ending og «me»!

Både direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, mange i den vidaregåande skulen i Sogn reagerer på dei nye reglane. Vonen legg ikkje skjul på at han er overraska over at fylkes­kommunen vel ut enkelte av dei likestilte skrivemåtane framfor andre.

I nynorsk er som kjent «vi» og «me» likestilte former. Det same gjeld a- eller e-ending. Norsklærarane og rektor Marta Sofie Vange på Sogndal vidaregåande skule er veldig skuffa, og har skrive brev til fylkesrådmann Tore Eriksen der dei ber om at reglane blir endra.

Det er stor semje om at arbeidet med ein ny språkbruksplan for fylkeskommunen er viktig. Og det har – heilt fram til lokalkringkastinga sette søkjelys på innhaldet, nærmast vore opplese og vedteke at dei nye språkreglane er gode.

Me er fleire som kan og bør ta sjølvkritikk på at innhaldet i desse språkreglane ikkje vart gjort kjende for allmenta på eit tidlegare tidspunkt. Det er ikkje godt å seia kvifor det har teke sopass lang tid å få fram desse reaksjonane.

Betyr det at dei tilsette i fylkeskommune eigentleg ikkje bryr seg så mykje om språket? Og kva med dei folkevalde? Har dei meldt seg heilt ut av debatten om korleis den fylkeskommunale skrivemåten skal vera?

Me stussar litt når ein språkmedviten politikar som Jan Olav Fretland (SV) let dei nye reglane passera. Han meiner, ifølgje NRK-no at nynorsken har bruk for eit slikt einskapleg bilete. Og at dei fylkeskommunalt tilsette dermed må bruka «vi» og e-ending.

Men sjølv kjem folkevalde Fretland til å «skriv me og a-infinitiv» til handa hans sluttar å virka. Dette heng ikkje heilt på greip.

Dei folkevalde burde snarast gripa inn mot det uforståelege, og fullstendig tonedøve språkpolitiske grepet som fylkesadministrasjonen har gjort seg skuldig i. Viss dei meiner språkleg identitet er viktig, også i fylkes-kommunen.

Vist 191 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Dette var ei interessant, informativ og viktig klargjering. Talemålsvariasjonane i skriftspråket vårt er ikkje alltid så lett å vera medviten om. Ortografi og formverk gjev oss ein del utfordringar i kampen mot språkleg massepåverknad frå ulikt hald, difor er det flott at det vert sett på dagsorden.

KS, region Vest-Norge, er ei viktig informasjonskjelde både i høve til kurstilbod og aktuell informasjon. Når desse e-postvarslingane kjem er det alltid hyggeleg når ulike tema vert varsla med nynorsk språkdrakt. Men det eg reagerer på er at etter ein flott nynorsk tekst om eit kurstilbod til dømes, kjem spørsmålet “Hvor?” og med informasjon om hotell og stad. For ei tid tilbake sende eg spørsmål til kontaktpersonen om kvifor dette “Hvor” alltid stod på e-postinformasjonen og ikkje “Kvar?”. Det kom eit hyggeleg svar tilbake der vedkommande forklarde at i all informasjonspost stod “Hvor” på malene, og det kunne ikkje endrast fordi malene kom frå KS sentralt. KS er da ein offentleg organisasjon, og det undrar meg at dei ikkje har maler på både nynorsk og bokmål.

I Sogn er talemålsvarianten av spørjepronomen klangfulle. Dette vart eg først klar over da språkforskar Øystein Vangsnes i november 2006 hadde ei forelesing om temaet på No-Ta seminaret “Oslomålet”. Han presenterte da “kest, kå, kåfør”, o,l. Detaljane hugsar eg ikkje, men det var fascinerande å setja merksemda på desse talemålsvariantane som me har i Sogn. Diverre kan det vera fort gjort å knota litt for mykje av og til, og bruka bokmålsvariantane.

Annonse