Dei drit i fjordane

«Ei av dei største forureinings—skandalane i nyare tid», er karakteristikken som leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken har brukt om den blåblå regjeringa sitt klarsignal til det svært omstridde gruveprosjektet i Førdefjorden.

Det er diverre så mykje som tyder på at Haltbrekken har rett, at det er vanskeleg – for ikkje å seia uråd, å ikkje vera samd med han.

Og over heile fylket reiser det seg no ei protestrørsle mot klarsignalet til å starta øydelegginga av store delar av Førdefjorden. Det er spesielt gledeleg å sjå det engasjementet som ungdom over heile fylket syner mot prosjektet.

Dei som me vonar skal leva og bu i dette fylket i framtida, er opptekne av det miljøet dei og deira etterkomarar skal leva i og med. Og kvifor skulle me ikkje ta dei på største alvor? Og korleis skal me motivera dei til å bli buande i eit fylke der rein og frisk natur betyr så lite som dette klarsignalet vitnar om?

Dei einaste argumenta for den planlagde gruvedrifta i Engebøfjellet kan vera økonomi og arbeidsplassar. Og, ja – me treng arbeidsplassar, me treng industri og me treng utvikling i Sogn og Fjordane.

Men meir enn noko treng me å ta vare på naturen vår. Me må redusera ureininga og utslepp – ikkje auka. Me kan ikkje tola – me kan aldri akseptera at – at fjordane våre blir raserte på denne måten.

og drit dei i Førdefjorden – kva blir då det neste?

Det er når du ser kva Nordic Mining ASA er og kva dette selskapet har å visa til når det gjeld gruvedrift at dei kraftigaste alarmklokkene bør gå av. Det ser ikkje betryggjande ut.

Me registrerer at Ap-leiar i Sogn og Fjordane, Hilmar Høl meiner det hastar med å koma i gang med gruveutbygginga. Han karakteriserer prosessen i forkant som open og ærleg. Me kan ikkje med vår beste evne forstå korleis han kan vera så kategorisk positiv til dette.

Me nektar å akseptera at det skal dumpast 11 tonn gruveavfall kvart einaste minutt, døgeret rundt i 50 år framover i Førdefjorden. Me har ikkje fleire fjordarmar å rasera.

Og med det internasjonale fokus dette alt her fått i til dømes Guardian, kan denne valdtekta av ein fjord også få negative konsekvensar for viktige næringar som sjømat og reiseliv.

Det er alt for stor uvisse om konsekvensane av dumpinga i Førdefjorden til at me kan akseptera dette. Spesielt i ei tid der me burde vera opptekne av på redda miljøet – ikkje drita i det.

Vist 168 ganger. Følges av 3 personer.

Kommentarer

Skal dette liksom vere ein seriøs kommentar frå ein redaktør? Dette luktar det dårleg av.

For det første, kan du underbyggje påstanden om at dette er “ei av dei største forureinings—skandalane i nyare tid”? Kva slags forureining er det du snakkar om? Du skriv at det er mykje som tyder på at dette er ein korrekt påstand. Kva då? Ikkje la deg lure av propagandaen til Haltbrekken.

Dessutan, påstanden om at dette vil “rasere” fjorden er hinsides. Den er direkte feil. Kan du underbyggje denne påstanden med fakta?

Eg er også uroa for omdømet til sjømat- og reiselivsnæringa. Men då først og fremst fordi motstandarane av dette prosjektet aktiv spreier feilaktig informasjon om giftige kjemikalier, farlege tungmetall og spreiing av partikkelsky både nasjonalt og internasjonalt. Det er eit paradoks, at det motstandarane fryktar, bidrar dei sterkt til å skape sjølve.

Valdtekt av fjorden? Langt i frå. Du spelar deg sjølv ut over sidelinja med slik ordbruk.

Ei oppmoding til deg, Fardal; Set deg inn i alle sidene ved dette. Så skriv du ein ny tekst. Avtale?

Det slammet som vert deponert i fjorden inneheld vel ein del steinpartiklar som har svært uheldige konsekvensar for fisken i fjorden ? Dette fordi desse steinpartiklane som sviv rundt i vatnet set seg fast i hjellane på fisken, og dermed “druknar” han. Men dette står det kanskje noko om i eventuell konsulentrapport frå marinbiologisk hald?

Annonse