Rett diagnose - tvilsam medisinBønder over heile landet aksjonerer mot tilbodet som Staten la på bordet i årets jordbruksforhandlingar. Tilbodet om 900 millionar kroner er milevis frå kravet på 2,2 milliardar kroner. Slik sett er det ikkje vanskeleg å forstå frustrasjonen. Det er heller ikkje vanskeleg å forstå at bøndene aksjonerer. det er litt vanskelegare å forstå kvifor bøndene sine organisasjonar braut tvert av – og aksjonerer – før dei gjekk i reelle forhandlingar. Det blir hevda frå alle kantar at brotet kom som eit resultat av at utgangspunktet var så altfor dårleg. Brotet i helga og aksjonane som har blussa opp, og som kjem til å vara utover i veka, kom som eit uttrykk for ein stor frustrasjon. Eller rettare – på grunn av kunstig høge forventningar etter fine formuleringar i den ferske landbruksmeldinga? Vel og bra dette, men kor taktisk lurt var det å ta brotet før forhandlingane kom i gang? Det er vel ingen som tvilar på at bøndene sin beste ven på Stortinget er Senterpartiet. Eller trur bondeorganisasjonane at dei har meir å henta frå andre parti? Og at berre dei får skvisa Senterpartiet nok nedåt, så vil alt bli betre? Slik er det ikkje, og når landbruksoppgjeret hamnar på Stortinget sitt bord, er det framleis opp til dei raudgrøne – med Ap i spissen – korleis avtalen til slutt skal bli. Me trur bøndene – kanskje, hadde hatt meir å tena på å gjennomføra eit normalt oppgjer – før dei aksjonerte. Det er sjølvsagt lov å kritisera både landbruksminister Brekk og heile den raudgrøne regjeringa for den del – for å levera eit så stakkarsleg tilbod. Men me tvilar altså på om dette brotet er rett medisin for å retta det opp. No er det ingen stor tvil om kvar sympatien rundt om i landet ligg. Alt tyder på at bøndene har stor oppslutnad bak kravet om eit oppgjer som gir mykje meir enn tilbodet som kom. Det er ikkje kvardagskost at norske bønder får støtte i Aftenposten. Som då kulturredaktør Knut Olav Åmås sist laurdag gjekk ut med ei vilkårslaus støtte til norske bønder. Kryss i bondemargen! sjølvsagt har Åmås rett i at det er noko riv ruskande gale når den eine kjedebaronen etter den andre blir milliardær på å omsetja norske matvarer i kjedebutikkane sine, medan norske bønder må leva av smular. me støttar bøndene fullt ut – men trur dei risikerer unødvendig mykje – også støtte frå grasrota – ved å aksjonera før dei har forhandla. På tide å vakna Fjord1Sist laurdag dokumenterte Sogn Avis at Fjord1 ikkje akkurat er godt førebudde på at det kjem turistar til verdsarvferjene mellom Gudvangen og Flåm før 1. mai. Eller rettare sagt, mykje tyder på at konsernet ikkje kjenner til at turistsesongen i indre delar av fylket er i tilnærma full gang lenge før 1. mai. For i praksis kjem det turistar til Sogn heile året. Og fleire og fleire i det både reiselivsselskapa og – trudde me – Fjord1 har karakterisert som skuldersesongen. Det er nesten ikkje til å tru at Fjord1, som har frakta folk og fe att og fram over fjordane i dette fylket i mange generasjonar, ikkje har fått med seg at den moderne turistsesongen varar lenger, mykje lenger, enn frå 1. mai til 31. august. På ein av dei største turistattraksjonane her i landet, Nærøyfjorden – gjekk det den siste laurdagen i april ei turistferje med ein service og eit tilbod som må karakteriserast som katastrofalt dårleg. Det vil seia – den servicen dei tilsette om bord i ferja ytte, var så god som den kunne bli. Det er ikkje mannskapet sin feil at Fjord1 ikkje hadde sytt for å både auka bemanninga og ikkje minst – opna eit tilbod i kafeen som samsvarar med det som er naturleg å venta i 2012. Ansvaret for kva tilbod passasjerane skal få ligg lenger oppe i systemet enn om bord i den enkelte ferja, om det no gjeld tilbodet på turistferjene i Nærøyfjorden eller mellom Hella og Dragsvik, til dømes. Og dette ansvaret er det på høg tid at nokon lenger oppe i systemet snart tek. Det er heilt uakseptabelt at det i april gjekk ferjer i trafikk på Nærøyfjorden utan eit skikkeleg og heilskapleg tilbod til dei mange passasjerane. For det var mange passasjerar om bord. Mange var komne frå andre sida av jordkloden til Noreg for, mellom anna, å oppleva verdsarva i Nærøyfjorden. Det går rett og slett ikkje an av ein seriøs aktør å behandla turistar slik. Og sidan tilbodet Norway in a Nutshell var godt i gang, måtte Fjord1 kjenna til at det ville vera mange turistar. Etter vårt skjøn bør Fjord1 opna eit fullt tilbod om bord i ferjene når sesongen startar. Men ifølgje Sivert Bakk i Flåmsbana er det ikkje berre Fjord1 som søv i timen. Også reiselivsbedrifter på land er seine med å utvida tilbodet i takt med ein veksande etterspurnad i den sokalla skuldersesongen. Det er på høg tid at dei som driv innanfor denne bransjen tek seg sjølve i nakken og etablerer eit tilbod som ein region som vår, i eit land som Noreg, kan vera kjent av. Vil me ha turistar før 1. mai og etter 31. august, må det også vera eit tilbod til dei! Fare for historisk feilSogndal kommune er i ferd med å gjera ein historisk tabbe. Me er rimeleg trygge på at eit vedtak om å byggja opp eit nytt omsorgssenter i og under Stitoppen kloss i barneskulen, vil bli vurdert som nær ein skandale av framtidige generasjonar. Det er vanskeleg å fatta og begripa korleis det framleis kan vera mogeleg at det er eit fleirtal for desse planane. Dette har ikkje primært med at bygget vil framstå som ein firkanta koloss å gjera. Det er mangelen på vilje eller kanskje meir evne til å sjå ting i heilskap og å sjå litt lenger inn i framtida enn til 2015 som er alarmerande. Tenk om nokon våga å tenkja 2030, eller til og med 2050? Etter vårt skjøn har Sogndal ein historisk sjanse til å gjera eit grep som vil bli lagt merke til. Langt utanfor fylket. Me har vore inne på det før, men gjentek det gjerne. Kommunen må sjå heile området, frå og med Sogndal velferdssenter og heilt til prestegarden, i eitt. Dette området kan bli unikt for både helse og omsorg. Sogndal velferdssenter er til sals. Kommunen har frist på seg til 15. mai til å svara på eit bod om å overta eigedomen frå Leighs legat for rundt 10 millionar kroner. Sjølvsagt bør kommunen takka ja. Det neste kommunen burde gjera er å hyra ein arkitekt som kan laga ein utbyggingsplan for heile dette området, ein eigen helse og omsorgspark bokstavleg tala. Det ligg sjølvsagt implisitt i dette at barneskulen må rivast og flyttast til Kvåle dit alle andre skular er. For dyrt, gnålar politikarane. Kanskje litt dyrt på kort sikt men på lang ein framtidsretta genistrek. Noko som vil gjera Sogndal til eit fyrtårn i måten å tenkja omsorg på. Det skulle ikkje forundra oss om slike planar kunne utløysa ekstra tilskot, også. Også det kunne prøvast. Slik nytenkjing burde premierast! Det må vera langt å føretrekka framfor det som no ligg på bordet som arkitekt Erling Birger Haugen kom med karakteristikkar om på folkemøtet sist veke. Han karakteriserte det som eit fullstendig absurd og vanvittig prosjekt. Og han hadde heilt rett. Berre tanken på at det også skal drivast barneskule under ein eventuell utbyggingsperiode av kolossen i Stitoppen er meir enn gale nok. Men framleis er ingenting avgjort. Framleis kan dei folkevalde snu. Eller rettare: ta til vit. Spørsmålet er om det finst mange nok folkevalde med mot, evne og vilje nok til å sjå viktige saker i samanheng og i perspektiv. Ei terrorfri soneDei fleste norske media, både papiraviser, nettaviser, fjernsyn og radio er i desse dagar fulle av stoff om rettssaka mot massedrapsmannen Anders Behring Breivik. Det vil vera slik i 10 veker framover, heilt til jonsok. Og dette er berre første rettsrunde. Dette er den største rettssaka her i landet etter andre verdskrigen. Også den viktigaste. Sjølvsagt er det heilt naudsynt at saka etter dei grufulle gjerningane i Oslo og på Utøya, blir gjennomført i tråd med vår rettsstat sine prinsipp. Same kor gale det er å høyra og sjå på drapsmannen, er det slik ein rettsstat som vår må svara på slike åtak. Også mannen bak den verste ugjerninga på norsk jord i fredstid har rett på å få forklara seg. Og han har like klart krav på eit skikkeleg forsvar. Det er imponerande at forsvarar Geir Lippestad og hans team klarar å gjera den jobben dei gjer på den måten dei gjer det. Og like viktig er det at media får høve til å dekkja denne rettssaka på ein grundig og skikkeleg måte. Det som kjem fram i rettssalen, dei bevisa som blir førde, må dokumenterast på beste måte for ettertida. Massedrapsmannen sine grufulle ugjerningar og hans bestialske argument og forklaringar på kvifor, må sikrast for komande generasjonar. Så er det lov å meina noko om dimensjonane over mediedekninga. Og det er lov å stilla spørsmål om alt som kjem fram i media er naudsynt for oss å vita. Kva verdi har det til dømes at landets største mediehus Verdens Gang leiger inn ein barndomsven av drapsmannen som rettsreferent, berre for at dei skal kunna skriva om møtet mellom barndomsvenene etterpå? «Terror er teater», skal massedrapsmannen ha sagt, må me gje han ei scene, større enn rettssalen? Fleire har frykta at media skulle gjera denne rettssaka til eit sirkus. Og kva posisjon media ville gje massedrapsmannen gjennom måten dei dekkjer saka på. Desse spørsmåla er ikkje enkle svar på og uansett så er det opp til kvar og ein av oss kor mykje me faktisk vil ha med oss. Sogn Avis dekkjer ikkje rettssaka mot massedrapsmannen. Det er ikkje fordi me ikkje meiner det er viktig og rett og dekkja ho, men fordi me utruleg nok, er så heldige at ingen i vårt dekningsområde er direkte råka av den fullstendig meiningslause terroren. Og heldigvis er det media, også internasjonale som dekkjer rettssaka på ein slik måte at me faktisk kan forstå kor meiningslaust det heile var. Rett val av SISOFStudentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF) vil selja bustadmassen dei eig på Kaupanger. Hovudårsaka er at moderne studentar stiller nye krav. Skal dei studera i Sogndal, vil dei helst bu sentralt. Dette kravet er enkelt å forstå. Soleis er også SISOF sitt ynske om å selja desse bustadene rett veg å gå. Dersom SISOF finn kjøpar til dei 40 bueiningane, vil dei definitivt gjera slutt på dei feilvurderingane som vart gjorde på 1970-talet. Den gong dei folkevalde i Sogndal ikkje berre trudde, men helst ville, lokalisera ein høgskule for Sogn og Fjordane på Kaupanger. Dette vart seriøst debattert i kommunestyret og var den direkte forklaringa på at det også vart skaffa til vege grunn til desse studentbustadene. men også knapp tilgang på areal i sentrum! var ei forklaring å denne satsinga. Bustadene vart tekne i brukt eit stykke på 1980-talet. I dag er det liten tvil om at regionen skal vera glad for at ein høgskule ikkje vart lokalisert på Kaupanger. Årsaka til at HSF eksisterer og veks, er nettopp att høgskulen vart lokalisert i sentrum. Rett no har HSF vore på vandring, men snart er alt samla i Campus på Fosshaugane. Denne sentrale lokaliseringa av dei ulike studieretningane er eitt av dei største konkurransefortrinna HSF har. men ein endå større fordel vil det vera dersom SISOF maktar å gjera alvor av draumen om å busetja alle sine studentar i sentrum. Gangavstand eller sykkelavstand til undervisningslokale, til ulike offentlege tilbod og fritidstilbod, vil vera gull verd når HSF skal konkurrera om framtidige studentar. Sogndal har lenge freista å marknadsføra seg som «femminuttarssamfunnet», og på fleire måtar er dette ei korrekt framstilling, men ikkje på langt nær på alle. Bustadmarknaden for tilreisande er eitt av dei områda der dette stemmer dårlegast. Alt for mange studentar har dei siste to-tre åra blitt flytta alt for langt unna sentrum. Og når det offentlege transporttilbodet er for dårleg, seier det seg sjølv at det som burde vore eit konkurransefortrinn nesten er det motsette Det betyr sjølvsagt mykje at studentar slepp å vera avhengige av eigen bil eller offentleg transport for å koma seg til å frå både undervisning og sosiale tilbod på kveldstid. Tenk for ein verdi det vil ha å kunna reklamera med gangavstand til alt. Ikkje minst difor er SISOF sitt utspel om å selja bustadmassen på Kaupanger eit rett steg mot eit endå meir moderne og framtidsretta høgskulemiljø i Sogn. Ubegripeleg tankeløyseI snart tusen år har runesteinen, som viser kvar Kong Olav stod då han skaut opp pila som skulle visa kvar kyrkja i Sogndal skulle stå, fått stå i fred. No er han knekt etter å ha vorte nytta som lagringsplass for snø! Slik blir tusen år gamle kulturminne passa på og stelte med i kulturbygda Sogndal! Det er heilt horribelt. Den 1.89 cm høge runesteinen ved Stedje kyrkje er eit svært sjeldan kulturminne. Det finst under eitt dusin slike steinar i Noreg. På mange vis er dette det mest verdfulle kulturminnet regionsenteret har. Det er soleis heilt ubegripeleg korleis steinen har kome til skade på denne måten. Det er sjølvsagt ikkje til å fatta at nokon kan koma på at dette er eit område der det kan dumpast snø. Og at denne dumpinga kunne gå føre seg ein heil vinter utan at nokon greip inn! Ifølgje professor Stein Bondevik har snødumpinga vore ein snakkis mellom folk i grenda. Og ikkje berre det fleire skal ha vore i kontakt med kommunen for å stogga aktiviteten. Dei har også sagt ifrå til brøytefolka om at dette måtte dei slutta med. Leiar for kommunal teknikk, Kristian Losnegård Karlsen stadfestar dette, og at kommunen stogga dumpinga. Men han trur at private kan ha halde fram, sidan det først låg ein snødunge der. Ordførar Jarle Aarvoll tykkjer det er for tidleg å konkludera. Han ynskjer fleire svar frå teknisk etat. Ærleg tala, kva passiv haldning er dette frå kommunen? Har historieløysa teke fullstendig over i korridorane i heradshuset? Runesteinen er øydelagd! Punktum! Kva meir er det å konkludera på? Spørsmålet som kommunen må svara på er korleis dette kunne skje. Kvifor i allverda dei ikkje sperra av heile området då dei stogga dumpinga i første omgang. Forstod dei ikkje kva som var i ferd med å skje? Visste dei kanskje ikkje kva kulturminne runesteinen er? Politiet har heldigvis forstått alvoret etter at Sogn Avis avslørte skandalen. No er området sperra av i påvente av at snøen skal smelta og forhåpentlegvis at dei steinane som har falla av vert funne att. Kanskje lèt det seg gjera å reparera runesteinen. Dersom det viser seg mogeleg forlanger me at Sogndal kommune dekkjer alle kostnader med å reparera runesteinen. Me forlanger også at kommunen syter for at området blir sikra på ein slik måte at dette aldri kan gjenta seg. Skivebom frå SIVA-sjef«Aurland og Flåm har alle forutsetninger og en unik mulighet til å utvikle et reisemål i verdensklasse», heiter det i eit lesarinnlegg underteikna av Espen Susegg, eiendomsdirektør i SIVA i går. Bakgrunnen for innlegget er Sogn Avis sine mange artiklar om Aurland Ressursutvikling AS (AR) dei siste vekene. I dette innlegget avslører eigedomsdirektøren at han ikkje har forstått kvifor Sogn Avis har stilt kritiske spørsmål til organiseringa og drifta av den lokale reiselivsgiganten. Me har ikkje vore i nærleiken av å kritisera sjølve reisemålet. Sjølvsagt er me samde i at Aurland og Flåm kan bli eit reisemål verdsklasse. Ja i mange sine auge er det allereie det. Men det er ein fullstendig skivebom av Susegg dersom han har oppfatta dette som at Sogn Avis ikkje ynskjer at dette reisemålet skal få utvikla seg vidare. utgangspunktet for vår artikkelserie var eit urobrev som Terje Hilstad sende til Aurland kommune. Kommunen er den eine store, offentlege eigaren i tillegg til SIVA. Dette brevet gjorde det heilt naudsynt for lokalavisa å sjå nærare på korleis AR heng saman. Og ikkje minst om det kunne vera grobotn for utvikling av ein ukultur som vart omtalt i urobrevet. Våre undersøkingar har avdekt at svaret på det spørsmålet er ja. Først og fremst fordi så mykje makt i dette konsernet er konsentrert på så få hender. I praksis er det trefire personar som styrer det meste, ikkje berre i AR, men også i heile skogen av dotterselskap som er spreidde rundt i kommunen. Dersom ikkje offentlege eigarar som Aurland kommune og SIVA ser at denne sausen av selskap som sel og kjøper tenester frå kvarandre ofte med sentrale AR-folk på begge sider av bordet, er uheldig, så er det meir enn ille. spørsmålet dei offentlege eigarane må stilla seg er om måten AR er bygd opp på er eigna til å skapa den naudsynte tillit i lokalsamfunnet og ikkje minst dei mange tilsette i konsernet. Dersom ikkje SIVA og dei folkevalde ser det heilt klare behovet for ei grundig opprydding og avklaring av roller og om kven som gjer kva kvifor i konsernet så bør dei vurdera om dei er eigna til å sitja som eigar i eit konsern som dette. All tvil om dobbeltroller og blanding av private og offentlege næringsinteresser må ryddast av vegen. Eit ekte vekstsenterSist veke kom tala frå Statistisk sentralbyrå som stadfestar det alle som reiser gjennom Sogndal ser med eigne auge regionsenteret er eit ekte vekstsenter. Eit stort vektsenter, faktisk. I fjor auka folketalet i Sogndal mykje meir enn nokon annan stad i Sogn og Fjordane. I dag ser Sogn Avis nærare på den store byggjeaktiviteten, som går føre seg i regionsenteret no. Denne må vera større og meir omfattande enn noko anna utbygging i Sogn gong før, truleg i heile fylket. Det er snakk om fire store byggjeprosjekt på ein gong. Samla prosjektkostnader nærmar seg milliarden. Svære heisekranar både på Slakteritomten, på Foss og ved Sogningen Storsenter er synlege prov på at utviklinga i bygdebyen er stor. I tillegg er endå ei blokk på Ulvahaugen under oppføring, og bustadbygginga på Gurvin er formidabel. Snart kjem også bygging av den nye Loftesnesbrua i gang og som ein i denne samanheng liten, men viktig parentes vonar me at arbeidet med Fjordstien også kjem i gang i løpet av året. Sogndal kommune hadde altså den desidert største folketalsveksten i Sogn og Fjordane i fjor. Ein auke på 188 personar til 7.348 er ein vekst på nesten 100 fleire enn i fylket sin mest folkerike kommune, Førde. Men også Førde og dei andre store kommunane i fylket veks. Og fleire av nabokommunane til Sogndal, som Leikanger og Luster hadde vekst i folketalet i fjor. Dette er gledeleg. I tillegg til folketalsveksten i Sogndal er det sjølvsagt positivt å registrera at folketalet i Sogn og Fjordane auka med 459 i 2011. men Det er grunn til litt uro på sørsida av fjorden i Sogn, med eit gledeleg unntak frå Aurland, som fekk 23 nye innbyggjarar i fjor. Både i Vik, Lærdal, Balestrand, Årdal og ikkje minst Høyanger, gjekk folketalet ned. Folketalet i Sogndal har gått rett veg i fleire år no, men veksten har kome seint, og regionsenteret i Sogn har sakka etter samanliknbare bygdebyar. Men i fjor voks Sogndal meir enn gjennomsnittet og det er det verdt å merka seg. Denne veksten har med fleire ting å gjera, men først og fremst trur me at det handlar om at det blir utvikla nye og spanande arbeidsplassar og at bustadbygginga har skote skikkeleg fart dei siste åra. Denne veksten dreg dei næraste kommunane med, og spørsmålet no er om den vidare veksten blir så kraftig at den blir merkbar også for dei andre kommunane. Byggjeaktiviteten som no går føre seg peikar i den retning. Eldre, sjuke og omsorgKommunalminister Liv Signe Navarsete har vore på studietur til Danmark for å læra om Fredericia-modellen. Det er danskane sin suksessmodell for ei ny og moderne eldreomsorg. Etter at kommunen Fredericia starta opp dette prosjektet i 2008, har nær alle andre danske kommunar følgt etter. Bakgrunnen for prosjektet var ein altfor stor utgiftsvekst grunna eit veksande tal eldre og dermed også mangel på arbeidskraft i omsorgssektoren. Eit hovudmål med den danske modellen er å setja eldre i stand til å bu heime lenger, å bli sjølvhjelpne rett og slett. Sjølv skrøpelege 90-åringar trenar no på å klara seg best mogeleg på eiga hand i Danmark. Liv Signe Navarsete meiner at Noreg ikkje er i stand til å handtera den komande eldrebølgja utan drastiske tiltak. I praksis seier ho at me bør følgja etter danskane. Eldre nordmenn må rett og slett øvast opp til å klara seg sjølve lenger. Dei må trena meir. Til Aftenposten har Navarsete sagt at Velferdsstaten har virka passiviserande på mange eldre. Det kan ikkje vera særleg tvil om at den danske modellen kan ha mykje for seg for dei som er friske. Men Det har kome fleire innvendingar mot å innføra ein modell som dette. Først og fremst er frykta at dette vil råka sjuke eldre. Det er ein reell fare for at dei sjuke vil merka det dersom fokus og ressursar skal aukast for å gjera dei friske sprekare. Det er nemleg ikkje alle som kan gjera noko med at dei er sjuke. Eller førebyggja eller trena. I Sogn Avis i går fortalde systrene Randi Marie Tandle og Frida Kyllingstad ein sterk og gripande historie om far sin. Han var utsett for ei alvorleg ulukke for snart eitt år sidan, og er i dag heilt pleietrengjande, berre 62 år gamal. Etter mykje att og fram har han fått eit mykje betre liv etter at han vart flytta til Gaupne Omsorgssenter, som ligg ein fem minuttars trilletur med rullestolen unna heimen. No kan samhandlingsreformen tvinga 62-åringen til å bli flytta til eit anna omsorgssenter langt unna, for at kommunen skal tilfredstilla krava i reforma. Livskvaliteten vil bli kraftig forringa. Fredricia-modell eller ikkje, til sjuande og siste handlar det om å sjå enkeltindividet sine behov og mulegheiter. Greitt nok at mange eldre kan trena seg friskare, men samstundes må me makta å gjera det best mogeleg for dei som ikkje kan det. Når det gjeld far til søstrene Tandle må han sjølvsagt få bli der han er no samhandlingsreform, Fredricia-modell eller kva det no blir kalla. Kampen for sokneprestenHandlekraftige damer i Årdal har sett i gang ein underskriftsaksjon for å få sokneprest Carsten Wind Hansen attende i stillinga. Den danske presten har vore sjukmeld sidan i fjor sommar. Damene gjekk først ut med ei støtteerklæring, fordi mange hevda det er ei gruppering i kyrkja som vil pressa presten ut for godt. Sogn Avis skreiv om denne saka første gong laurdag 28. januar. Årsaka til at mange årdøler er forarga, er eit nesten tre sider langt brev som vart sendt til Årdal kyrkjelege fellesråd i fjor. Dette brevet skal innehalde ei rekkje klagepunkt mot soknepresten i Nedre Årdal Sokn, Carsten Wind Hansen, som vart innsett i stillinga i januar i fjor. Mange trur at forklaringa på den langvarige sjukmeldinga startar her. Då damene ikkje fekk noko svar frå dei ansvarlege i kyrkja på kvifor den danske presten er uynskt i bygda, starta dei underskriftsaksjonen. Dei hevdar at dei har fått overveldande respons sidan dei la ut underskriftslistene i dei fleste kioskar og butikkar sist fredag. Listene blir liggjande ute til førstkomande måndag. Då skal aksjonistane vurdera kva neste steg blir. Carsten Wind Hansen blir av fleire karakterisert som ein god og folkeleg prest. Damene gir seg ikkje, og forlanger eit klart svar på kvifor han ikkje får halda fram i jobben. Dette svaret kan ingen gje dei i alle fall ikkje førebels. Både prost Bård Haukedal og leiar i Årdal kyrkjelege fellesråd, Oddbjørn Einan viser til at dette er ei personalsak og at dei har teieplikt. Det er greitt nok, men samstundes bør leiinga i kyrkja ta det store folkelege engasjementet for soknepresten på alvor. Årdal er eitt av dei lokalsamfunna i regionen med størst takhøgd, størst rom for det folkelege og det ekte. Dersom Wind Hansen si sjukmelding skuldast at dei mørkare, meir fundamentalistiske kristne kreftene har vunne fram med sitt syn, er det grunn til å slå alarm med tanke på framtida for ei levande folkekyrkje som folk flest vil engasjera seg i. Aksjonen for den folkelege, danske soknepresten kjem paradoksalt nok, i ein periode der dei to sokna i Årdal paradoksalt nok har stor prestemangel. På grunn av fleire sjukmeldingar står 120 prosent stilling som prest ledig. Frå utsida verkar dette som ei forholdsvis grei sak å ordna opp i men meir enn noko bør, i første omgang, Årdal kyrkjelege fellesråd ta det store folkelege engasjementet i denne saka på alvor. Alvorleg åtak på nynorskenEi arbeidsgruppe har laga forslag til ny læreplan i norskfaget. I eit brev til undervisningsminister Kristin Halvorsen skisserer Utdanningsdirektoratet fleire løysingar. Dette er ikkje gode nyheiter for nynorsken. SV-statsråd Halvorsen var i går ute i ei rekkje media og hevda at det er urealistisk å forlanga at elevane skal vera like gode i hovudmål og sidemål. Kunnskapsministeren hevdar at ho har fått klokkeklare tilbakemeldingar frå både lærarar og elevar, om at norskfaget er vorte altfor omfattande og arbeidskrevjande. slike arbeidsmengder kan me ikkje halda fram med på leggja på ungdomane, tykkjer statsråden. Difor har ho gjeve uttrykk for at ho vil støtta framlegget om å fjerna eigen karakter i sidemål. Sidemålet blir redusert til ein parentes, rett og slett. Noregs Mållag er, som ventande kan vera, misnøgd og karakteriserer utspelet som svært dramatisk for nynorsken. Mållaget minner om at alle dei tre regjeringspartia gjekk til val på at dei skulle styrkja nynorsken og jobba for meir likestilling mellom nynorsk og bokmål. I SV sitt arbeidsprogram 2009 2013, under punktet les me følgjande: «SV vil styrkje nynorskopplæringa både som hovud og sidemål.» Å støtta eit framlegg som fjernar sidemålet, kan ikkje ein gong SV hevda er i samsvar med programmet dei gjekk til val på. Mållagsleiar Håvard B. Øvregård seier dette både er ei svekking av norskfaget og av nynorsk som offisielt språk. Og at jamstellinga mellom nynorsk og bokmål er i fare dersom det ikkje er eigen karakter i begge målformene. Det har han sjølvsagt heilt rett i. Det er nynorsken, og berre nynorsken, som vil tapa dersom sidemålet blir fjerna. Argumentasjonen om at det er for tøft for norske ungdom anno 2012 å læra seg to målformer, er ikkje til å tru. Me nektar å vera med på at nivå og kapasitet hjå norske ungdomar er så kraftig svekt dei siste tiåra. Dette handlar etter vårt skjøn ikkje om kapasitet og evne. Det handlar om vilje og motivasjon. Når både lærarar og politikarar snakkar ned sidemålet i praksis nynorsken på denne måten, er det ikkje nett eigna til å få fleire til å velja seg nynorsk. Elles reknar me med friske tak om dette i regjeringa sitt underutval, kva seier du, Liv Signe Navarsete? Betre vegar og kontrollDebatten om standarden på utanlandske vogntog på norske vintervegar har nådd nye høgder denne vinteren. Det gjeld både standard på sjølve køyretøya og ikkje minst sjåførane. Skrekkhistorier om vogntogsjåførar som set på kjettingar feil veg, blir lagt merke til. Frå ulike hald har det kome krav om mykje strengare kontroll på grensene. NAF har teke til orde for døgnbemanna grensekontroll, medan Ap si samferdslepolitiske talskvinne, Anne Marit Bjørneflaten har kravd at utanlandske vogntog må gjennom obligatorisk kontroll av vinterdekk og kjettingar når dei kryssar grensa. Det blir også snakka om å avgrensa talet på grenseovergangar, der vogntog skal ha lov å passera. I tillegg vil samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa utarbeida eit regelverk, som betyr at den som bestiller godstransport, kan haldast ansvarleg dersom vogntoget som fraktar lasta, sklir av vegen. Det vil mellom anna bety at den som bestiller transport vil måtta betala bot eller bergingsoppdrag dersom bilen ikkje har skikkelege dekk eller kjettingar. Det er eit tiltak som Norges Lastebileier-Forbund støttar fullt ut. Men det viktigaste tiltaket må vera å freista å stogga vogntoga som ikkje stettar minstekrava på grensa, før dei kjem inn i landet. Det vil gjera det tryggare å ferdast på vegane våre, og ikkje minst er det grunn til å tru at me vil unngå unødvendige stengingar av fjellovergangane. Laurdag fortalde Sogn Avis om Vangsgutadn i Vang sin rekordtravle vinter. Bilbergingsselskapet på Vang har så langt i vinter berga over 200 vogntog. På det mest travle var dei oppe i 19 oppdrag på eitt døgn. Då er det ikkje spesielt merkeleg at fjellovergangane har vore stengde med ujamne mellomrom denne vinteren, og slett ikkje alltid på grunn av vêrforholda. Ifølgje Vangsgutadn er 7080 prosent av vogntoga som får problem utanlandske. Men sjølv om det ofte er dårlege dekk, urøynde sjåførar og feil biltype på norske vintervegar som er årsaka, er det også slik at dårleg standard på vegane våre spelar ei viktig rolle. Smale og svingete vegar, som det er på fleire av fjellovergangane, er ikkje akkurat med å redusera faren for trafikkuhell. Dermed er det to tiltak som er heilt naudsynte betra standarden på norske vegar og styrkja kontrollen på grenseovergangane. Annonse | |||||||||||
Nyeste kommentarer