Høgre vil ha eit oppegåande Heimervern

Av stortingsrepresentant og fylkesleiar Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Høgre

Omstillinga av Heimevernet (HV) har vore omfattande og viktige, men med årets budsjett blir heile reforma sett i fare. Derfor vil Høgre føreslå i vårt alternative budsjett for i år ei auke på 75 millionar kroner. Høgre sitt budsjett ville betydd at mange av landets HV-område ville kunne halde oppe eit tilstrekkeleg øvingsmønster.

2009 og 2010 blir skildra som ”unntaksår”, men sanninga er at vi no fleire stader i landet ser HV-avdelingar som ikkje har hatt tilstrekkelege øvingar på fleire år. Dette blir forsterka i 2010. Sjølv eit einskild år der størsteparten av HV sine mannskapar ikkje får øve, er svært uheldig for utviklinga av HV sine kapasitetar og moralen blant mannskapa.

Basert på svar frå Forsvarsdepartementet (FD) skal dette, saman med regjeringa si løyving til øvingar, gje høve til å trene 75 % av FO-styrka i 2010. Over de to siste åra har altså Høgre foreslått 225 millionar kroner meir til øvingar av HV. Våre forslag om å styrke Heimevernet har blitt røysta ned av dei raudgrøne i Stortinget.

Som en del av omstillingane i Forsvaret skal Heimevernet (HV) ha ein meir sentral rolle i samband med samfunnsikring og hjelp ved kriser. Dette som ein konsekvens av eit breiare og meir samansett trusselbilde. HV har i dag eit territorielt militært ansvar, og skal i tillegg kunne forsterke det at militæret er til stades i utsette område. Vidare skal HV ivareta andre typar spesielle oppdrag og kan etter oppmoding også hjelpe sivile styresmakter.

HV skal ha en rask og uthaldande evne til å verne om viktig infrastruktur, støtte nasjonal krisehandtering, forsterke at militæret er til stades i landet etter behov, og støtte sivilsamfunnet. Dette betyr samarbeid med lokale styresmakter som politi, fylkesmenn, kommunar og etatar innan ramma av totalforsvaret. HV kan gje veldig viktig hjelp i samband med naturkatastrofer, ulykker osb. Skogbrannen i Froland i 2008 er eit av mange døme.

Heimevernet sin kvalitetsreform starta i 2004 og har vore ein vellukka del av omstillinga i Forsvaret. Dagens heimevern står fram som ein moderne, relevant og tilgjengeleg ressurs for forsvaret av landet, men trening er heilt naudsynt for å løyse oppdraga gjevne av Stortinget. Dersom det ikkje blir løyva tilstrekkelig med midlar, vil ikkje HV ha høve til å halde oppe eit forsvarleg militært nivå. Vi vil dei næraste åra sjå einskilde HV-område som ikkje har fått øva på 4–5 år, det er heilt uakseptabelt.

I HV sin årsrapport for 2008 skreiv generalinspektøren for HV dette: ”HV vil ikke kunne tåle flere år med svært begrensede ressurser. Da vil kvalitetsreformen stoppe opp. Det som holder HV trent, oppdatert og motivert er årlige treninger og øvinger.” Det står vidare at definerte hovudoppgåver i 2008 ”bare delvis er blitt løst. Hovedutfordringene har som alltid vært ressurstilgang. Rammekutt mot slutten av året har medført at flere planlagte treninger for områdestrukturen måtte kanselleres.”

Regjeringa fylgde åtvaringa ved å kutte all øving for vanlege mannskapar i 2009!

Vist 91 ganger.
Annonse