Ta til vit - snakk med Tommy att !

Snart startar Sogndal oppkøyringa til det som kan bli eit heidundrande comeback i eliteserien, både sportsleg og publikumsmessig. Det meste ligg til rette, bommen i Fjærland er borte og snart er den nye tribunen på Bjørkesida fullfinansiert. Sogndal Fotball melder om rekordstor etterspurnad etter sesongkort.

Dette lovar godt, og det er berre å gle seg!

Men toppklubben i fylket slit litt med å henta dei største talenta i eige fylke. Det er sikkert lurt av den – på lokalt nivå – giftige målscoraren Christoffer Hafsås å ta eitt år i Førde. Avstanden opp til elitenivå er enorm. Men eg registrerer at Hafsås har teikna 3-årskontrakt med Førde og vonar dette ikkje går ut over ei ordning med hospitering i Sogndal. Greitt nok at det blir bra kamptilbod i 2. divisjon, men ungguten bør ha ein kontinuerleg kontakt med treningskultur og miljø i ein toppklubb, når han er vorten sopass vaksen og då burde kanskje Sogndal passa?

Ser også at 19 år gamle Ruben Holsæter blir verande i Førde. Sikkert greitt det óg, sjølv om eg slit litt med grunngjevinga hans. Men dersom Sogndal, halvannan times bilkøyring unna, er for utrygt for tenåringen, bør han bli der han er. Og dersom Førde skal etablera seg i 2. divisjon treng dei spelartypar som blir i klubben over tid. Det er bra for klubben, men eg er usikker på kor bra det er for utviklinga til dette talentet. Likevel, det er mange faktorar som tel med når ein ung fotballspelar skal ta steget frå lokal stjernestatus i eigen klubb – til eit elitenivå – dei fleste talenta har ikkje det som skal til. Eg vonar Holsæter har det og at han ikkje ventar for lenge. For er du god nok, er du gamal nok.

Det som uroar meg er at Sogndal vil ha desse spelarane, men klarar ikkje overtala dei. Dette minner meg litt om korleis det var på slutten av 80-talet, då eg sjølv jobba for Sogndal og me sleit tungt med å få store talent frå Nordfjord til Sogn. Det var ikkje enkelt å overtala Stryn. Men i ettertid er det neppe nokon – verken leiarar i Stryn med store lokale ambisjonar eller spelarar med F som første bokstav i etternamnet, som angra på vala dei til slutt gjorde. Dei let seg overtala og resten er norsk fotballhistorie.

Og når eg først er inne på dette med overtaling – når unge talent glipp – kan det vera tid for å snakka meir med dei vaksne talenta. Lite, om noko, har skuffa meg meir enn at Tommy Øren vil gje seg etter oppvisninga mot Fredrikstad. Eg skjønar godt kvifor og hadde gjort nett det same om eg vart til dei grader oversett av trenar Harald som Tommy vart mot Sandnes/Ulf få dagar etter kampen som dokumenterte at tangingen framleis “har det”.

Likevel, folkens, dette må det vera råd å snakka om. Ta til vit Harald og få Tommy i gang att.

Saman med Eirik kjem han til å gje Sogndal det laget treng av kløkt, rutine og glimtvis fotballgenialitet i 2011.

Kvar skal dette elles koma ifrå?

Jani Fardal

Vist 144 ganger.
Annonse