Viser arkivet for desember, 2012

Neppe utan konsekvensar

Laurdag 1. desember kunne Sogn Avis avsløra at hamnevesenet i Aurland vil plassera ein Seawalk i hamnebassenget i Flåm. Den bevegelege flytekaien, som har sin prototype på Skjolden, er tenkt plassert i forlenginga av den eksisterande cruisekaien – rett utanfor elveosen i turistbygda.

Etter det me har forstått vart desse planane lanserte for første gong under eit møte mellom kommunen, hamnevesenet og ein plankonsulent den 22. november. Allereie den 3. desember vart saka handsama i Plan- og utviklingsutvalet, og denne veka – den 13. desember kjem saka om oppstart av reguleringsarbeid for realisering av prosjektet opp i kommunestyret.

her kan me trygt konstatera at det har gått unna i svingane. Nokre er sikkert godt nøgde med ei så rask og effektiv kommunal sakshandsaming, men på langt nær alle. Og spesielt ikkje dei som er litt opptekne av miljøet og av konsekvensar tiltak som dette i fjord og strandsone kan få.

Frå fleire hald blir det soleis stilt spørsmål om det ikkje har gått vel fort. Og ikkje minst kvifor både administrasjonen i kommunen og dei folkevalde i fagutvalet, har valt å sjå heilt vekk ifrå krav om konsekvensutgreiing for dette tiltaket.

Tilrådinga til kommunestyret førstkomande torsdag er samrøystes. Og ho er utdelt positivt til det kommunalt eigde hamnevesenet sitt ynske om å starta opp arbeidet med ein reguleringsplan for den nye flytekaien.

I saksutgreiinga har administrasjonen konkludert med at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing. Slik sett blir det vel i realiteten konstatert at denne seawalken ikkje vil koma i konflikt med noko som helst.

Me har ikkje grunn til å tru at administrasjonen og utvalet ikkje held seg innanfor lovverket når dei ser vekk ifrå ei konsekvensutgreiing. Men av og til burde både byråkratar og folkevalde vera i stand til sjå litt lenger enn til lovgrensa. Dette er etter vårt skjøn, ei slik sak.

Cruisebåttrafikken til og frå Flåm vil vera viktig for reiselivet i regionen langt inn i framtida. Men den er også kontroversiell. Og mange er kritiske til måten ureininga av fjorden og lufta blir vurdert og målt på.

Når det no skal vurderast å plassera ein seawalk i den tronge hamna – rett utanfor lakseelva og den fine badeplassen, må dei folkevalde ta til vit og visa ansvar. Me meiner at det – uansett – bør gjennomførast ei konsekvensutgreiing av tiltaket.