Viser arkivet for mars, 2012

Ubegripeleg tankeløyse

I snart tusen år har runesteinen, som viser kvar Kong Olav stod då han skaut opp pila som skulle visa kvar kyrkja i Sogndal skulle stå, fått stå i fred. No er han knekt etter å ha vorte nytta som lagringsplass for snø! Slik blir tusen år gamle kulturminne passa på og stelte med i kulturbygda Sogndal! Det er heilt horribelt.

Den 1.89 cm høge runesteinen ved Stedje kyrkje er eit svært sjeldan kulturminne. Det finst under eitt dusin slike steinar i Noreg. På mange vis er dette det mest verdfulle kulturminnet regionsenteret har. Det er soleis heilt ubegripeleg korleis steinen har kome til skade på denne måten.

Det er sjølvsagt ikkje til å fatta at nokon kan koma på at dette er eit område der det kan dumpast snø. Og at denne dumpinga kunne gå føre seg ein heil vinter utan at nokon greip inn!

Ifølgje professor Stein Bondevik har snødumpinga vore ein snakkis mellom folk i grenda. Og ikkje berre det fleire skal ha vore i kontakt med kommunen for å stogga aktiviteten. Dei har også sagt ifrå til brøytefolka om at dette måtte dei slutta med.

Leiar for kommunal teknikk, Kristian Losnegård Karlsen stadfestar dette, og at kommunen stogga dumpinga. Men han trur at private kan ha halde fram, sidan det først låg ein snødunge der. Ordførar Jarle Aarvoll tykkjer det er for tidleg å konkludera. Han ynskjer fleire svar frå teknisk etat.

Ærleg tala, kva passiv haldning er dette frå kommunen? Har historieløysa teke fullstendig over i korridorane i heradshuset? Runesteinen er øydelagd! Punktum! Kva meir er det å konkludera på?

Spørsmålet som kommunen må svara på er korleis dette kunne skje. Kvifor i allverda dei ikkje sperra av heile området då dei stogga dumpinga i første omgang. Forstod dei ikkje kva som var i ferd med å skje? Visste dei kanskje ikkje kva kulturminne runesteinen er?

Politiet har heldigvis forstått alvoret etter at Sogn Avis avslørte skandalen. No er området sperra av i påvente av at snøen skal smelta og forhåpentlegvis at dei steinane som har falla av vert funne att. Kanskje lèt det seg gjera å reparera runesteinen.

Dersom det viser seg mogeleg forlanger me at Sogndal kommune dekkjer alle kostnader med å reparera runesteinen. Me forlanger også at kommunen syter for at området blir sikra på ein slik måte at dette aldri kan gjenta seg.

Skivebom frå SIVA-sjef

«Aurland og Flåm har alle forutsetninger og en unik mulighet til å utvikle et reisemål i verdensklasse», heiter det i eit lesarinnlegg underteikna av Espen Susegg, eiendomsdirektør i SIVA i går. Bakgrunnen for innlegget er Sogn Avis sine mange artiklar om Aurland Ressursutvikling AS (AR) dei siste vekene.

I dette innlegget avslører eigedomsdirektøren at han ikkje har forstått kvifor Sogn Avis har stilt kritiske spørsmål til organiseringa og drifta av den lokale reiselivsgiganten.

Me har ikkje vore i nærleiken av å kritisera sjølve reisemålet. Sjølvsagt er me samde i at Aurland og Flåm kan bli eit reisemål verdsklasse. Ja i mange sine auge er det allereie det. Men det er ein fullstendig skivebom av Susegg dersom han har oppfatta dette som at Sogn Avis ikkje ynskjer at dette reisemålet skal få utvikla seg vidare.

utgangspunktet for vår artikkelserie var eit urobrev som Terje Hilstad sende til Aurland kommune. Kommunen er den eine store, offentlege eigaren i tillegg til SIVA. Dette brevet gjorde det heilt naudsynt for lokalavisa å sjå nærare på korleis AR heng saman. Og ikkje minst om det kunne vera grobotn for utvikling av ein ukultur som vart omtalt i urobrevet.

Våre undersøkingar har avdekt at svaret på det spørsmålet er ja.

Først og fremst fordi så mykje makt i dette konsernet er konsentrert på så få hender. I praksis er det trefire personar som styrer det meste, ikkje berre i AR, men også i heile skogen av dotterselskap som er spreidde rundt i kommunen.

Dersom ikkje offentlege eigarar som Aurland kommune og SIVA ser at denne sausen av selskap som sel og kjøper tenester frå kvarandre ofte med sentrale AR-folk på begge sider av bordet, er uheldig, så er det meir enn ille.

spørsmålet dei offentlege eigarane må stilla seg er om måten AR er bygd opp på er eigna til å skapa den naudsynte tillit i lokalsamfunnet og ikkje minst dei mange tilsette i konsernet. Dersom ikkje SIVA og dei folkevalde ser det heilt klare behovet for ei grundig opprydding og avklaring av roller og om kven som gjer kva kvifor i konsernet så bør dei vurdera om dei er eigna til å sitja som eigar i eit konsern som dette.

All tvil om dobbeltroller og blanding av private og offentlege næringsinteresser må ryddast av vegen.