Viser arkivet for april, 2012

Ei terrorfri sone

Dei fleste norske media, både papiraviser, nettaviser, fjernsyn og radio er i desse dagar fulle av stoff om rettssaka mot massedrapsmannen Anders Behring Breivik. Det vil vera slik i 10 veker framover, heilt til jonsok. Og dette er berre første rettsrunde.

Dette er den største rettssaka her i landet etter andre verdskrigen. Også den viktigaste. Sjølvsagt er det heilt naudsynt at saka etter dei grufulle gjerningane i Oslo og på Utøya, blir gjennomført i tråd med vår rettsstat sine prinsipp. Same kor gale det er å høyra og sjå på drapsmannen, er det slik ein rettsstat som vår må svara på slike åtak.

Også mannen bak den verste ugjerninga på norsk jord i fredstid har rett på å få forklara seg. Og han har like klart krav på eit skikkeleg forsvar. Det er imponerande at forsvarar Geir Lippestad og hans team klarar å gjera den jobben dei gjer på den måten dei gjer det.

Og like viktig er det at media får høve til å dekkja denne rettssaka på ein grundig og skikkeleg måte. Det som kjem fram i rettssalen, dei bevisa som blir førde, må dokumenterast på beste måte for ettertida. Massedrapsmannen sine grufulle ugjerningar og hans bestialske argument og forklaringar på kvifor, må sikrast for komande generasjonar.

Så er det lov å meina noko om dimensjonane over mediedekninga. Og det er lov å stilla spørsmål om alt som kjem fram i media er naudsynt for oss å vita. Kva verdi har det til dømes at landets største mediehus Verdens Gang leiger inn ein barndomsven av drapsmannen som rettsreferent, berre for at dei skal kunna skriva om møtet mellom barndomsvenene etterpå?

«Terror er teater», skal massedrapsmannen ha sagt, må me gje han ei scene, større enn rettssalen?

Fleire har frykta at media skulle gjera denne rettssaka til eit sirkus. Og kva posisjon media ville gje massedrapsmannen gjennom måten dei dekkjer saka på. Desse spørsmåla er ikkje enkle svar på og uansett så er det opp til kvar og ein av oss kor mykje me faktisk vil ha med oss.

Sogn Avis dekkjer ikkje rettssaka mot massedrapsmannen. Det er ikkje fordi me ikkje meiner det er viktig og rett og dekkja ho, men fordi me utruleg nok, er så heldige at ingen i vårt dekningsområde er direkte råka av den fullstendig meiningslause terroren. Og heldigvis er det media, også internasjonale som dekkjer rettssaka på ein slik måte at me faktisk kan forstå kor meiningslaust det heile var.

Rett val av SISOF

Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF) vil selja bustadmassen dei eig på Kaupanger. Hovudårsaka er at moderne studentar stiller nye krav. Skal dei studera i Sogndal, vil dei helst bu sentralt. Dette kravet er enkelt å forstå. Soleis er også SISOF sitt ynske om å selja desse bustadene rett veg å gå.

Dersom SISOF finn kjøpar til dei 40 bueiningane, vil dei definitivt gjera slutt på dei feilvurderingane som vart gjorde på 1970-talet. Den gong dei folkevalde i Sogndal ikkje berre trudde, men helst ville, lokalisera ein høgskule for Sogn og Fjordane på Kaupanger.

Dette vart seriøst debattert i kommunestyret og var den direkte forklaringa på at det også vart skaffa til vege grunn til desse studentbustadene. men også knapp tilgang på areal i sentrum! var ei forklaring å denne satsinga. Bustadene vart tekne i brukt eit stykke på 1980-talet.

I dag er det liten tvil om at regionen skal vera glad for at ein høgskule ikkje vart lokalisert på Kaupanger. Årsaka til at HSF eksisterer og veks, er nettopp att høgskulen vart lokalisert i sentrum. Rett no har HSF vore på vandring, men snart er alt samla i Campus på Fosshaugane. Denne sentrale lokaliseringa av dei ulike studieretningane er eitt av dei største konkurransefortrinna HSF har.

men ein endå større fordel vil det vera dersom SISOF maktar å gjera alvor av draumen om å busetja alle sine studentar i sentrum. Gangavstand eller sykkelavstand til undervisningslokale, til ulike offentlege tilbod og fritidstilbod, vil vera gull verd når HSF skal konkurrera om framtidige studentar.

Sogndal har lenge freista å marknadsføra seg som «femminuttarssamfunnet», og på fleire måtar er dette ei korrekt framstilling, men ikkje på langt nær på alle.

Bustadmarknaden for tilreisande er eitt av dei områda der dette stemmer dårlegast. Alt for mange studentar har dei siste to-tre åra blitt flytta alt for langt unna sentrum. Og når det offentlege transporttilbodet er for dårleg, seier det seg sjølv at det som burde vore eit konkurransefortrinn nesten er det motsette

Det betyr sjølvsagt mykje at studentar slepp å vera avhengige av eigen bil eller offentleg transport for å koma seg til å frå både undervisning og sosiale tilbod på kveldstid. Tenk for ein verdi det vil ha å kunna reklamera med gangavstand til alt.

Ikkje minst difor er SISOF sitt utspel om å selja bustadmassen på Kaupanger eit rett steg mot eit endå meir moderne og framtidsretta høgskulemiljø i Sogn.