Viser arkivet for juni, 2012

For feigt om lokalisering

Sogn regionråd utsette å ta stilling til problemet, og sette i staden ned eit interimsstyre som skal ta stilling til kvar eit regionalt reisemålsselskap skal lokaliserast. Eller som ordføraren i Luster, Ivar Kvalen så korrekt sa: Dette er elefanten i rommet som ingen vil snakka om.

Etter at saka om ei ny reiselivs-organisering har vore på høyring i samtlege kommunestyre – er det klart at alle kommunane er med vidare i denne prosessen. Men det mest kontroversielle temaet – det som «alle» eigentleg er opptekne av – nemleg lokaliseringa av administrasjonen for dette reisemålsselskapet, det har nesten ingen snakka om.

Berre kommunestyret i Luster har tort, rett nok i eit todelt vedtak – men likevel. Lustringane meiner at for å få god oppslutning om næringa, bør selskapet etablerast i Sogndal. «Dersom det vert etablert to selskap med to kontor må dei to eksisterande miljøa for reiselivsselskap i Flåm og Gaupne veljast», heiter det i Luster kommunestyre sitt delte vedtak.

I dei andre kommunane har dei ikkje teke stilling til lokalisering av selskapet som i utgangspunktet skal ha fem tilsette. Frå fleire hald har det kome kritikk mot at folkevalde i Sogndal tidleg var ute og peika på sin kommune, som ein naturleg stad å leggja denne administrasjonen. Men heller ikkje sogndølene har – i vedtaks form – manna seg opp til å seia noko om lokaliseringa.

Me har stor sans for den klare talen frå Ivar Kvalen i regionrådsmøtet denne veka. Han har etter vårt skjøn heilt rett. Regionrådet burde hatt mot til å avgjera lokaliseringa.

Me tykkjer det er ei avsporing å gjera dette først og fremst til ei sak om arbeidsplassar. Dei fem arbeidsplassane er ikkje avgjerande. Dette er mykje meir eit spørsmål om kven dei klarar å rekruttera til å gjera dette selskapet til eit lokomotiv som skal bidra til å gjera reiselivsnæringa i heile regionen meir spanande og lønsam. Og ikkje minst gjera Sogn til eit meir attraktivt og kjent reisemål både innanfor og utanfor landegrensene.

Som me har skrive før – med ei slik målsetjing er me hundre prosent overtydde om at det er enklast å rekruttera dei rette folka til eit kontor passert i Sogndal.

Me har førebels til gode å sjå andre argument mot regionsenteret enn at desse fem arbeidsplassane er viktige for nabokommunane. Det er ikkje det etableringa av dette selskapet handlar om – og det burde Sogn regionråd ha mot til å seia – utan å gå vegen om eit eige interimsstyre.

Kampen mot «fjøslatinen»

Fylkestinget har samrøystes vedteke å medverka til at det blir etablert eit nynorsk forum i Sogn og Fjordane. Dette forumet skal mellom anna ha som oppgåve å fremja ein språkpolitisk debatt. Det kan ikkje vurderast som anna enn eit bra og velmeint tiltak.

Men så skulle det også berre mangla om ikkje eit nynorskfylke som vårt stilte seg i bresjen for språkkampen, som går føre seg kvar einaste dag. Akkurat slik fylkesordførar Åshild Kjelsnes gjorde i sin opningstale til fylkestinget tysdag.

Der synte ho ambisjonar om at fylket skal skaffa seg ein meir sentral posisjon i dei nasjonale, nynorskpolitiske miljøa. Frå fylkeskommunen si side er det soleis eit mål å forankra forumet breitt og på tvers av sektorar som kommunane, utdanningsinstitusjonane, næringsorganisasjonar, arbeidstakarorganisasjonar og media.

Dette er eit stort og viktig arbeid som vil krevja både interesse og stort engasjement frå fleire enkeltindivid. Me er trygge på at fylkestinget har valt sin best mogelege kandidat i så måte.

Lærdølen og målmannen Jan Olav Fretland (SV) blir deira sin representant. Då kjem det ikkje til å vanta verken klare standpunkt eller engasjement.

Allereie då han hadde ordet under tingseta gjekk Fretland ut mot delar av den skriftlege framstillinga, som me opplever i det offentlege byråkratiet. Fretland konstaterte, heilt treffande og presist, at nynorsk lett kan bli uforståeleg, om ein bind seg for mykje opp i fagorda, eller «fjøslatinen» som han kalla det.

Fretland strekar under kor viktig det er at me brukar målet vårt rett, me som skriv nynorsk. Og i arbeidet med å gjera Sogn og Fjordane til nynorskfylke nummer ein, må det sjølvsagt ventast at byråkratane herifrå gjer som Fretland ber om – lærer seg og nyttar ein forståeleg nynorsk.

Og ikkje minst må folkevalde og administrative organ i fylkeskommunen og i dei ulike kommunane, vera meir medvitne på ansvaret dei har for den nynorske målforma.

Eit språkmedvite fylkesting vedtok også at fylkeskommunen skal bidra til å markera Språkåret 2013, når det også er 200 sidan Ivar Aasen vart fødd. Det er vel og bra og dessutan godt eigna til å visa fram at ein held seg med eit Nynorsk forum i dette fylket. Men den daglege kampen er det viktigaste. Jan Olav Fretland sin måte å angripa utfordringane på lovar godt.