Viser arkivet for september, 2012

Uriaspost og Aarebrot

Årdal kommune slit tungt med å få seg ny rådmann. Etter andre gongs utlysing vart det endeleg tilsett ny rådmann. Men etter å ha tenkt seg litt om, takka vedkomande som fekk tilbod om jobben, sist veke nei. Dermed må stillinga lysast ut endå ein gong.

Arne Gunnar Dokken, som er administrerande direktør i Delphi Consulting, eit selskap som driv med leiarrekruttering i offentleg og privat sektor, karakteriserer dette som ein uriaspost. Han meiner det vil bli svært krevjande å få på plass ein ny toppsjef i kommunen. Først og fremst fordi Årdal no er ei bygd prega av vanskelege tider.

Han ser ikkje vekk ifrå at det hadde vore enklare å rekruttera ny rådmann i betre økonomiske tider for kommunen.

Men samstundes som Årdal fekk nei frå ein søkjar som var tilsett, fortalde Bergens Tidende at Hordaland fylkeskommune ikkje har fått ein einaste søkjar til stillinga som fylkesrådmann. Og det etter å ha lyst ut denne stillinga to gonger. Heilt sidan april har nabofylket i sør jobba med å finna kandidatar til den viktigaste byråkratjobben i fylket.

Ikkje ein einaste person har førebels meldt sin interesse. Og då er det kanskje på tide å minna om kva professor Frank Aarebrot uttalte til Sogn Avis før jul i fjor, etter at berre ein person hadde søkt stillinga som fylkesrådmann i Sogn og Fjordane.

Då stilte den frittalande professoren følgjande spørsmål: Kven vil vera fylkesrådmann eller fylkesmann og bu i ein kommune der ingenting skjer?

Aarebrot trudde sjølv at ei av forklaringane var at Sogn og Fjordane er eit så lite attraktivt fylke, at folk ikkje vil vera fylkesrådmann eller fylkesmann der. Men Aarebrot opna alternativt for at det kanskje ikkje var noko i vegen med fylket, men med administrasjonssenteret Hermansverk.

«Kven vil vera fylkesrådmann eller fylkesmann på ein stad der ingenting skjer, i motsetjing til ute ved kysten som i Florø, der det er eit dynamisk miljø», spurde Frank Aarebrot i desember 2011.

Me er spente på kva vurderingar den same professoren har av byen Bergen etter at det ikkje har meldt seg ein einaste søkjar til den tilsvarande stillinga i Hordaland – etter to utlysingar. Me ser vel føre oss at han legg lista ein annan stad for Bergen enn for Hermansverk.

Skader og forventningar

Sist veke var direktøren i Helse Vest, Herlof Nilssen ute og åtvara mot det han karakteriserte som eit stadig større forventningspress til sektoren han er direktør i. «Folk må slutte å tru at helsevesenet kan hjelpe alle og gjere alle friske», sa direktøren for helsetilbodet på heile Vestlandet til nrk.no. fredag 7. september.

Måndag 10. – berre tre døgn etter at Nilssen oppmoda oss alle om å ha mindre forventning til kva helsevesenet vårt kan rydda opp i – kom ein rapport som snudde alt på hovudet.

Ei gransking som vart utført i Helse Vest, avdekte at kvar einaste dag i 2010 vart 69 – sekstini – vaksne pasientar skadde under opphald på sjukehus i denne helseregionen. Det hjelper lite at tala er endå meir skremmande i andre helseregionar.

Helsedirektør Nilssen likte – naturleg nok– desse tala svært dårleg. Han sa mellom anna dette til nrk.no : «me kan ikkje leva med at me ikkje får endra denne situasjonen». Og han lova at desse tala vil bli tekne på alvor i helseføretaket.

Dette er den same direktøren som fredag var ute og bad oss dempa forventingane til helsevesenet. Då var Nilssen oppteken av at alt for mange folk trur at helsevesenet – også sjukehusa i Helse Vest – kan ordna alt.

Så viser det seg altså at 69 vaksne pasientar, eller 14 prosent, vart skadde av det same helsevesenet kvar einaste dag i 2010.

Eit interessant spørsmål blir kva Herlof Nilssen no meiner om det han sa om forventningspress sist fredag. Visste han ingenting om desse realitetane i sjukehusa han leiar, då han var ute for å dempa forventningspresset?

I beste fall kan me konstatera at direktør Herlof Nilssen var lite heldig med «timinga» for utspelet sitt om å dempa forventningspresset til helsevesenet. I verste fall kan det stillast spørsmål om kor godt toppsjefen kjenner sin eigen organisasjon – med to så diametralt ulike konklusjonar på så kort tid.

me er langt på veg samde i at det moderne mennesket kan ha altfor høge forventingar til kva helsevesenet kan – og bør gjera.

Men det er mange gonger verre at så mange pasientar blir påført skader av eit helsevesen dei ventar – og skal få hjelp av. Det er mykje viktigare at Nilssen raskt bidreg til å redusera skadane, enn at han ber folk flest redusera sine forventningar til helsevesenet.

Departement utan ryggrad

Lokale politikarar er – mildt sagt ­– oppgjevne av Samferdsledepartementet si handtering av striden om flytilbodet i Sogn og Fjordane. Sogndalsordførar Jarle Aarvoll (Ap) karakteriserer det som heilt utruleg.

Det er eit faktum av Widerøe i dag ikkje følgjer dei konsesjonskrava som departementet har stilt for fylket. Dette er det inga usemje om. Widerøe har til og med stadfesta at dei bryt vilkåra.

Tidlegare i år la flyselskapet om rutetilbodet frå Sogndal. Konsekvensen er at det daglege direktetilbodet til Oslo vart redusert frå fire, som det står i konsesjonsvilkåra – til tre. Sogn regionråd har engasjert seg og har bede Samferdsledepartementet om å gripa inn.

Like før helga kom svaret frå departementet som Aarvoll karakteriserte som heilt utruleg. Det er lett å forstå kvifor Aarvoll reagerer. For departementet si løysing på det faktum at Widerøe bryt konsesjonsvilkåra er å overlata til fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane å rydda opp.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes vil forståeleg nok ikkje ta i saka. Rett og slett fordi flyrutene er eit statleg ansvar. Det er ikkje slik, i allefall ikkje så langt me kjenner til – at det er opp til fylkespolitikarane rundt om i landet avgjera kva flytilbodet som skal vera.

Me trudde faktisk dette var noko Samferdsledepartementet tok seg av då dei utarbeidde konsesjonsvilkåra.

Det er for oss ei einaste stor gåte korleis statssekretær Erik Lahnstein (Sp) – ifølgje nrk. no – karakteriserer det som eit paradoks at fylkespolitikarane takkar nei til å avgjera flytilbodet. Ifølgje nrk.no har han sagt dette : «Vanlegvis har fylkespolitikarane eit ynskje om å få mest mogeleg makt.» Og: «Her registrerer eg at dei meiner det er greiast at det er vi i Oslo som bestemmer kva som skal gjerast i Sogn og Fjordane».

Betyr dette at departementet vil overlata til fylkeskommunane å laga konsesjonsvilkår for flyrutene i framtida? Sjølvsagt gjer dei ikkje det. Det vil framleis vera slik at det er departementet som utarbeider og tildeler konsesjon.

Og når departementet først gjer det, så får Lahnstein & Co jammen også manna seg opp til å seia ifrå til dei flyselskapa som ikkje bryr seg om å følgja heilt klare og heilt udiskutable vilkår. Til og med i Samferdsledepartementet er dei i stand til å telja til fire skulle me tru – så då er det kanskje motet det står på?

Uansett – dette må det ryddast opp i og det snarast!