Viser arkivet for oktober, 2013

Krev rask handling

Dei tilsette ved Vik bygde- og sjukeheim opplever arbeidsdagen sin som så krevjande, arbeidspresset som så stort at dei ikkje er i stand til å dekkja pasientane sine grunnleggjande behov.

Arbeidsforholda er vortne så tøffe at samtlege tillitsvalde ved bygde- og sjukeheimen har gått saman om uromelding til hovudverneombodet i kommunen.

Brevet frå dei fire tillitsvalde fortel om alt for mjuke bruk av mellombelse løysingar, som korridorpasientar, bruk av dobbeltrom og – endå verre – bruk av rom som er heilt ueigna for pasientar – til gamle og sjuke folk.

Slike mellombelse løysingar fører sjølvsagt til mange ekstra og tunge belastningar på dei tilsette, både fysisk og psykisk. Ingen som går inn i omsorgsyrke lever godt med at dei må plassera gamle og sjuke på lagerrom, vaskerom og toalett.

Ingenting kan vel vera verre enn å gå heim etter enda arbeidsdag, heilt utsliten og likevel klar over at du ikkje har vore i stand til å dekkja brukarane sine basale behov?

Sjølvsagt er det først og fremst ein stadig strammare kommuneøkonomi som er forklaringa på at det har gått så gale. Me registrerer det som positivt at rådmann Oddbjørn Ese tek saka på høgaste alvor og at han går til det drastiske steget det er å be Fylkesmannen om å gjennomføra eit tilsyn på institusjonen.

Dagen før saka vart omtalt i Sogn Avis, varsla rådmannen Fylkesmannen om at det kjem ei skriftleg oppmoding om tilsyn.

Det er derimot urovekkjande at rådmannen, og dermed kommunen vart så overraska over innhaldet i uromeldinga frå dei tilsette ved bygde- og sjukeheimen. At arbeidsforholda der er langt verre enn det dei ansvarlege i kommunen har vore kjende med.

Det kan berre skuldast anten at dei tilsette på heimen har tolt for store belastningar for lenge før dei manna seg opp til å seia skikkeleg ifrå. Eller at dei ansvarlege i kommunen ikkje har følgt godt nok med. Ikkje har sjekka kva konsekvensar kutta i pleie- og omsorgssektoren dei siste åra har ført til. Vik er ikkje ein så stor kommune …

Uansett – no er problemet skikkeleg adressert og her må det mykje meir til enn «ein gjennomgang av dei arbeidsmiljømessige utfordringane som blir omtalte». Uromeldinga må resultera i konkret handling så fort det berre lèt seg gjera. Dette går ikkje lenger.

Samstundes varslar dei folkevalde i formannskapet ytterlegare kutt i den kommunale drifta. Dette går ikkje i hop. Vik treng ekstraordinær hjelp – og kanskje ho som sende det berømte Vik-brevet som utløyste Terra-skandalen, Erna Solberg kan hjelpa?

Kva var feil, Jonas Olsson ?

«Ei lita lokalavis har fått unødvendig mykje merksemd», sa sogndalstrenar Jonas Olsson på direkten til TV-stasjonen Cmore før kampen mot Vålerenga laurdag. Etter kampen gjekk den hardt pressa trenaren endå lenger i sin kritikk mot Sogn Avis.

Han hevda, ifølgje fleire aviser følgjande: «Det at en lokalavis skriven en sak med mange feil, og skal kunne legge et grunnlag for at de nasjonale avisene skal henge ut spillere med både namn og bilde er alvorlig. Det skuffer meg enormt mye. Det så ikke ut til å påvirke deres prestasjon, men det skader spillernes privatliv».

Olsson sikta sjølvsagt til vårt oppslag laurdag om at han – eigenhendig – hadde refsa to av spelarane sine for å ha vore rusa i sentrum onsdag kveld og natt. Dagen etter var der oppvaskmøte der dei to angrande syndarane, Erik Dahlin og Espen Næss Lund fekk klar melding om at dei får sparken dersom slike episodar gjentek seg.

Sogn Avis sitt oppslag var basert på intervju med same Olsson, med dei to spelarane som vedgjekk, la seg flate og orsaka og med Håvard Flo i det sportslege apparatet.

At Jonas Olsson valde å gå ut for å «refsa» lokalavisa etter tapet mot Vålerenga er nesten ikkje til å tru. Mannen har ikkje kontakta oss for å dementera noko. Det einaste han har teke opp er at «fyll» ikkje var dekkjande for Espen Næss Lund sin del.

Kan Jonas Olsson no fortelja oss kva som var feil i denne artikkelen? Eller reagerer han slik fordi saka fekk merksemd langt utover Sogn?

Me kan forstå at Olsson og klubben ikkje likar at lokalavisa skriv om slike episodar. Men at Olsson gjer eit poeng av at Sogn Avis er ei lita lokalavis er latterleg. Hadde vore greiare for han om ei større avis tok opp saka? Trur han det er storleiken det kjem an på når det handlar om journalistiske prioriteringar?

Er Sogn avis ei lita lokalavis så er Sogndal Fotball ein liten klubb. Betyr dette at Olsson meiner at det gjeld heilt andre reglar for dei enn andre?

Ingen følgjer Sogndal Fotball tettare enn Sogn Avis. På godt og vondt. Me lagar reportasje når trenaren innfører felles frukost, fordi det er viktig for både helse, haldningar og prestasjonar. Fyll midt i veka, er neppe spesielt prestasjonsfremjande – så sjølvsagt skriv me om det også.

Men det er viktig å presisera at laurdagens oppslag ikkje var basert på dei første og einaste tipsa av dette slaget. Sogn Avis har – over tid – motteke fleire og no var begeret fullt. Me konstaterer også at trenaren ikkje har dementert at han refsa dei to spelarane. Så igjen, Olsson – kva var feil i Sogn Avis sitt oppslag?