Viser arkivet for januar, 2013

Samhandling og samarbeid

Ifølgje årdalsordførar Arild Ingar Lægreid vil det vera ein katastrofe for samarbeidet i regionen dersom det ikkje lukkast å etablera eitt, felles lokalmedisinsk senter i tilknyting til Lærdal sjukehus.

Dette er sterke ord og dei må først og fremst tolkast som ei åtvaring til Sogndal. Bakgrunnen er sogndølene sine kostbare planar om ei samlokalisering av alle helse- og omsorgstenestene under eitt tak.

Dette blir av mange tolka som at sogndølene tek mål av seg til å byggja sitt eige lokalmedisinske senter. Og at regionsenteret dermed sviktar naboen i Lærdal.

Det er kanskje tid for sogndølene å ta eit lite steg til side og tenkja seg om ein gong til før dei køyrer vidare. Førebels i ei retning som for utanforståande framleis kan virka litt diffus i forhold til kva innhald og tenester Sogndal ser før seg i det som dei framleis – offisielt – kallar Sogndal Omsorgssenter.

For dersom fleire av ekspertane som har uttalt seg har litt meir rett enn kommuneadministrasjonen og det folkevalde fleirtalet i Sogndal, så har ikkje regionsenteret det store hastverket med å byggja si helseblokk i Stitoppen.

Overlege ved Haukeland universitetssjukehus, utflytt sogndøl Eirik Vikane er til dømes heilt klar på at dersom dei skal få til gode og robuste tenester så har ikkje kommunane i Sogn noko val: dei må samarbeida. Ifølgje Vikane er det mykje å spara på å byggja opp desse tenestene i tilknyting til eit sjukehus.

Ifølgje Vikane bør pasientgrunnlaget for eit lokalmedisinsk senter vera mellom 25.000 og 30.000 innbyggjarar. Sogndal har eit stykke att dit – men uansett – det er på tide at Aarvoll & Co er heilt klare på kva dei eventuelt ikkje vil samarbeida med Lærdal om.

Framleis er det alt som tyder på at sogndølene vil gjera alvor av å investere store midlar i eit nytt «mini» sjukehus, framleis kalla omsorgssenter. Som – uansett – vil leggja band på store ressursar i åra framover.

Når den nye «helseblokka» er reist, må også innhald vera på plass. Etter det me forstår bør det i lokalmedisinske senter vera team med lege, fysioterapeut, ergoterapeut, logoped, synspedagog, ernæringsfysiolog, sosionom, sjukepleiar og psykiatrisk sjukepleiar.

Kan Sogndal, som i dag slit med å bemanna kommunelegestillingane sine, garantera at dei – åleine – klarar å rekruttera tilstrekkeleg kompetanse på alle desse områda?

Treng fleire opplevingar

Reiselivet i distrikta treng fleire opplevingar for å lokka nye turistar. Det hevda marknads- og mediesjef i Hanen, Ole Jonny Trangsrud til Nationen sist veke. Han oppmoda soleis overnattingsbedrifter ute i distrikta til å satsa på nye og spanande opplevingar for å få fleire gjester.

Det er eit faktum at reiselivet i Distrikts-Noreg slit og må tenkja nyare. Innovasjon Noreg sine tal for 2012 talar sitt klare og tydelege språk: hotella rundt om i distrikta slit, medan byhotella gjer det bra.

Det er førebels ei stund til dei endelege tala for fjoråret kjem. Likevel meiner mediesjefen i Hanen, som er organisasjonen for bygdeturisme og gardsmat, å kunna slå fast at det er dei verksemdene som kan varta opp med litt ekstra spanande tilbod og ulike opplevingar i sitt nærmiljø, som har gjort det best. Ein god del betre enn dei som berre tilbyr overnatting, faktisk.

Det er ingen tvil om at 2013 blir eit vanskeleg år for hotell og overnattingsbedrifter. Alt no kjem det sterke signal om at Eurokrisa og den kritiske situasjonen nedover i Europa vil bli svært merkbar også hjå oss.

Fleire reiselivsbedrifter har allereie justert satsinga si frå den søreuropeiske marknaden og i retning av den langt meir kjøpesterke norske marknaden. Med over 25 millionar arbeidsledige europearar nedover på kontinentet er det heilt sikkert eit lurt trekk.

Det var nullvekst for det internasjonale reiselivet her i landet i fjor, medan det var ein vekst på tre prosent i talet på norske gjestedøgn. Alt tyder på internasjonal nullvekst også i 2013, kanskje til og med ein nedgang.

Det skal mykje til at nyrike russarar og kinesarar kan vega opp for bortfallet av tilreisande sør-europarar. I allefall på kort sikt, sjølv om me registrerer at talet på russiske gjestedøgn veks fort enkelte stader.

Det må uansett tenkjast nytt og annleis enn før. Og me ser fleire teikn på at dette allereie skjer her i distriktet. I Sogndal kan pudderekspressen, som kom i fjor utvilsamt reknast inn i denne kategorien. Skiturisme og toppturar er opplevingar som kan og vil trekkja nye gjester til regionen.

Og i den samanheng var det oppløftande å registrera planane til Sigrid Henjum og Sander Buene midt i Sogndalsfjøra. På gode, gamle Lisabui vil dei etablera eit tilbod som er midt i fatet i forhold til det leiaren i Hanen etterlyser.

Sogningane er i gang med å by fram dei nye opplevingane som reiselivet i distrikta treng.

Opprørande og heilt uakseptabelt

Sogn Avis har ved fleire høve skrive om Ove Kristian Lunden sin kamp for å få avlasting til stell av sin sjuke ektefelle. Historia har opprørt mange, som tykkjer det er heilt uhøyrt at Leikanger kommune seier nei til å gje avlasting i heimen tredjekvar helg.

Sist veke gjorde Fylkesmannen om vedtaket. Etter ein grundig gjennomgang av pasient- og brukar-rettslova fekk Lunden fullt medhald i klagen på avslaget frå kommunen.

Dette må etter vårt skjøn vera det einaste rette – både juridisk, etisk og ikkje minst – reint menneskeleg. Det høyrer ingen stad heime i eit samfunn som vårt, at ein kommune skal seia nei til ein søknad som den frå Lunden og hans familie.

Men dette er verre enn som så. Måten tenesteleiar Anne Margrethe Kråvik har handtert denne saka på er så horribel at det bør få konsekvensar. Også Leikanger kommune er sett i eit svært stygt lys, etter å ha halde eit dokument hemmeleg for Lunden.

Tenesteleiar Kråvik utforma nemleg ei slags uromelding om Ove Kristian Lunden sin psykiske helsetilstand. I dette notatet skriv ho : «Ut ifrå møte og klagesak er ein blitt uroleg for om dette er ein mann i krise som treng samtale for eigen del. Han har ei alvorleg sjuk kone og har teke på seg mykje ansvar. Ut ifrå situasjonen som er oppstått, er pleie- og omsorg varsame med å nemna noko til Ove Kristian Lunden. Det vil difor bli sendt ei uromelding til fastlege, om at det kan vera eit behov for samtale med psykiatritenesta».

Innhaldet i desse setningane er nesten ikkje til å tru. Og korleis kan kommunen halda seg med ein tenesteleiar som vurderer ei sak som dette på denne måten? Snakk om å snu alt på hovudet! Har denne tenesteleiaren ikkje forstått noko om kva som ligg i omgrepet «pleie- og omsorg»? Forstår ho ikkje at det tek på å stella ein svært sjuk ektefelle, veke ut og veke inn i månadsvis – utan avlasting?

Er det slike svar og reaksjonar innbyggjarane i Leikanger kommune må rekna med dersom nokon i nær familie blir alvorleg sjuk og dei treng ekstra hjelp i heimen i ein periode?

Og kva med at denne uromeldinga vart halden unna Ove Kristian Lunden og først vart kjent for han via Fylkesmannen? Kva seier dette om kommunen? Veit dei ikkje kva rettar innbyggjarane i kommunen har?

Det er gledeleg at Fylkesmannen no set Leikanger kommune skikkeleg på plass. Og at familien Lunden omsider får avlasting. Spørsmålet no er kva konsekvensar det får at denne kommunen freistar å sjukleg-gjera folk som, når dei er i krise ber om litt ekstra hjelp og avlasting.

Hjartelaust mot små born

For tredje gong kjempar bygdefolk i Kaupanger for å få behalda ein barnefamilie, som har slått rot i bygda, men som UDI meiner ikkje har rett til å bli verande.

Havila (6) og Paola (2) har budd heile livet på Kaupanger. Like før jul kom meldinga som opnar for at dei to syskena, til liks med rundt tre hundre andre asylborn, utan varsel, kan bli kasta ut av landet.

Siste fredagen før julaftan fall domen i Høgsterett, som kan få tragiske konsekvensar for fleire hundre asylborn. Høgsterett avslo då ein anke frå to asylborn om å få bli i landet – trass i at familiane deira hadde fått avslag på søknaden om opphald.

Motivasjonen for anken til Høgsterett var at det er born sitt beste som må vega tyngst i saker, der familiar med born som har budd heile livet i Noreg, har fått endeleg avslag på søknad om opphald.

Det er verdt å merka seg at det var ein forholdsvis stor dissens i Høgsterett i denne saka. Det er med andre ord fleire høgsterettsdomarar som fann dekning i dagens regelverk, for å gje born i denne kategorien opphald. Problemet var at ikkje mange nok lèt seg overtyda.

Då er det regelverket det er noko gale med. Det er regelverket som må justerast i ei retning, som gjer at neste gong ei slik sak kjem i Høgsterett, så får ho eit anna utfall.

Noreg kan etter vårt skjøn ikkje leva med at me kastar ungar som Havila og Paola ut av landet. Det er hjartelaust og det er i strid med alle intensjonar om at uskuldige born skal skjermast.

Det er eit sunnheitsteikn at det blir skipa støttegrupper for familiar som blir utsette for slik behandling. Det skjer over heile landet, og slett ikkje berre på Kaupanger. Men Kaupanger har vorte hardare råka av slike saker enn dei fleste andre små lokalsamfunn. Kaupingane veit kor vondt det gjer – ikkje minst for ungane, når familiar blir røska opp med rota og sende av garde til ei uviss og ukjend framtid.

Me ser at representantane for støttegruppa på Kaupanger set si lit til at lokalpolitikarar no tek tak. At lokale folkevalde gjer det dei kan for å påverka dei som sit inne på Stortinget og gøymer seg bak at dei ingenting kan gjera, sidan regelverket er som det er – sjølv om det er dei som lagar reglane.

Finst det slike folkevalde i Sogndal og er dei villige til å ta jobben med å påverka Tor Bremer & Co på Stortinget? Det er ikkje store justeringane i regelverket som skal til for at slike saker kan få eit anna utfall. Men nokon må ta skikkeleg tak i dette no !