Viser arkivet for april, 2013

Varsel om nye helsekutt

Sidan føretaksmodellen vart sett ut i livet og Helse Førde såg dagens lys, har organisasjonen hatt eitt overordna mål: å redusera kostnadene med det desentraliserte helsetilbodet.

Det første Helse Førde gjekk laus på var fødeavdelinga i Lærdal. Sidan har det gått slag i slag, både forsterka fødestove og akuttmottak er fjerna.

Men heile tida har det vore ein føresetnad at ambulansetenestene skal styrkast. Nesten som ein slags kompensasjon. Det har ikkje vore måte på, og det har handla om ambulansetilbodet både til sjøs, i lufta og på land.

Det var soleis med meir enn undring me registrerte klinikkdirektør Tore Dvergsdal si saksutgreiing til styremøtet i helseføretaket torsdag. Der går det fram at kostnadene med ambulansetenesta i dette fylket vil auka så mykje dei komande åra at Helse Førde ikkje har økonomi til å bera det.

Det står så, svart på kvitt og dette heng ikkje på greip.

Og det blir ikkje betre av klinikkdirektøren si forklaring til nrk.no om kvifor det har vorte slik. Han peikar nemleg på at det har vore store omveltingar både innanfor kommunikasjon, kompetansekrav til tilsette og «andre ting».

Skulle betre kommunikasjon vera eit problem?

Er det slik at dei som leiar dette helseføretaket ikkje verken har forstått eller teke høgde for, at ein konsekvens av sjukehusraseringa måtte gje auka utgifter til ambulansetenesta? Har dei ikkje budsjettert med dette?

Og eit anna moment som nesten ikkje er til å tru i dagens Helse-Noreg: Det er visstnok slik at i eit grisgrendt fylke som vårt er det fare for at ambulanse­personellet ikkje får nok trening og øving etter dagens kompetansekrav. Det er for få utrykkingar, rett og slett.

Kompetansekrava til ambulansepersonell er med andre ord slik at distrikta – som har størst behov for ambulanse sidan avstanden til nærmaste sjukehus ofte er stor, ikkje kan ha ambulanse fordi kompetanseøvinga ikkje er omfattande nok.

Det pussige er at akkurat medan denne leiarartikkelen blir til, kjem følgjande e-post inn frå direktør Herlof Nilssen i Helse Vest: «Helse Vest landar 2012 med det beste resultat nokon gong. Måla for dei fem neste åra er klare: god samhandling, ingen fristbrot og kortare ventetid. Og først og fremst: Enda tryggare pasientbehandling».

Kan nokon utdjupa?

Korleis kunne alle svikta

Korleis kunne alle svikta så kapitalt og korleis kan me unngå at dette skjer igjen? Det er to av mange spørsmål me sit att med etter å ha lese om Monika Polbratek sin kamp. Den kampen ho måtte kjempa mot det norske helsesystemet.

Den ufatteleg tragiske historia om vesle Natalia, som berre vart fem år, rørte folk over heile landet sist sommar. Historia om korleis storesyster Emilia gjorde alt som stod i hennar makt for å gjera den siste sommaren til si dødssjuke veslesyster så god som mogleg.

Men det me ikkje fekk vita då, var kva kamp den vesle polske familien hadde kjempa for å få hjelp før dei fekk beskjeden om at alt håp var ute. At det berre var snakk om tid fordi kreften hadde kome for langt.

Fylkeslegen i Hordaland gir Helse Førde knusande kritikk for å ha brote krav om forsvarleg verksemd. Det er alvorleg. For helseføretaket svikta vesle Natalia. Me konstaterer at fagdirektør Hans Johan Breidablik legg seg flat på vegner av Helse Førde. Og at han lovar at dei freistar å ta lærdom.

Men denne saka handlar om meir enn som så. Det er ikkje berre snakk om systemfeil og mangelfulle rutinar.

Ho handlar til sjuande og sist om korleis vårt moderne, blårusstyrte og straumlinjeforma? helsevesen fungerer. Om haldningar og om korleis pasientar risikerer å bli tekne imot. Og kor gale det kan gå om du kjem skeivt ut.

Ikkje misforstå – me trur at Helse Førde meiner alvor og at dei vil gjera noko for å unngå at dette gjentek seg. Og heldigvis er det mange som gjer ein god jobb.

Men det er ikkje ein systemfeil når ei mor med ein liten, sjuk unge gong på gong blir avvist og avfeia med spydigheiter om at ho er hysterisk. Og korleis kan nokon i helsevesenet lata vera å ta ei mor som køyrer frå Leikanger til Førde midt på natta med sitt sjuke barn, på alvor? Korleis kan nokon i det heile tenkja på å avvisa ei slik mor?

Truleg er realiteten at Monika var for lite hysterisk – både på Sogndal legesenter og i Førde. Hadde ho verkeleg bråka, kunne kanskje ein eller annan i kvitt teke seg bryet med å undersøkja meir enn Natalias underarm mykje tidegare. Korleis kunne dei tru at dette var noko som kunne kurerast med paracet, dersom dei brydde seg berre litt med å høyra etter kva mora sa om korleis Natalia hadde det?

Det er for seint for den vesle, tapre femåringen. Men det må vera von om at Monika Polbratrek si historie kan hindra at noko liknande skjer igjen. Dette burde bli pensum på alle helsearbeidar-utdanningar.

Viktig for Wittgenstein

Fleire av dei fremste filosofane i verda tok hausten 2009 initiativ til å attreisa huset som Ludwig Wittgenstein i si tid sette opp ved Eidsvatnet på Skjolden. Initiativtakarane fekk den gongen solid støtte frå ei rekke forfattarar og kunstnarar, også her i landet.  

Sakte, men sikkert har det også gått opp for lokale krefter og ikkje minst – for dei lokale folkevalde – kor viktig dette prosjektet er.

Luster kommune har dei siste åra jobba målretta og godt for å få hand om hustufti ved vatnet. Sist veke kom dei eit svært viktig steg vidare. Då gjekk formannskapet endeleg inn for å løyva 250.000 kroner til dette føremålet.

Dette er sjølvsagt eit heilt avgjerande steg i prosessen for å få sett opp att huset etter den verdskjende filosofen på tomta, som har fått namnet «Austerrike» etter heimlandet til filosofen.

Mange sogningar kjenner godt til soga om den verdskjende filosofen, som var i Skjolden fleire gonger etter at han fekk reist den omtalte hytta i 1914. Wittgenstein sa ved fleire høve at det var ingen stad han jobba så godt som på Skjolden.

Det er soleis ingen tvil om at Skjolden og hytta ved Eidsvatnet spelte ein viktig, enkelte meiner – avgjerande, rolle i filosofen sitt arbeid.

No når kommunen endeleg har sikra seg eigedomsretten til den ti mål store eigedomen, er det lov å tru på at dette prosjektet kan realiserast. No har dei folkevalde i Luster formannskap i allefall lagt til rette for at dei eksterne kreftene, som står i brodden for attreisinga kan lukkast.

Under siste møte i formannskapet nytta politikarane også høvet til å rosa grunneigar Rune Fuglesteg for goodwillen han har vist ved å avstå dette arealet. Dette må reknast som eit kulturhistorisk klenodium i verdsformat.

Det står mykje arbeid att før hytta er atterreist på denne tomta. Ikkje minst må den eksterne gruppa få tilgang til det som er att av den gamle hytta, i det som i dag er eit feriehus i bygda. Me vil tru det vil vera lettare å få til no når tomta er klargjort.

Neste steg bør vera å vurdera om det bør etablerast eit besøkssenter og eit lokalt arkiv i tilknyting til ei atterreist hytte på tomta – og korleis dette eventuelt kan ordnast reint praktisk. Også dette vil det vera enklare å få til no når kommunen har avklart tomtespørsmålet.

Det er all grunn til å gratulera Skjolden med denne utviklinga.