Viser arkivet for februar, 2014

Ein tonedøv provokasjon

NRK Sogn og Fjordane har denne veka sett eit passande og viktig søkjelys på språkpolitikken i fylkeskommunen.

Etter at byråkratane på fylkeshuset fekk leika seg fritt med språkreglane i fjor haust, er det gjort endringar som mange, spesielt her i Sogn, ikkje set pris på.

Dei nye og innsnevra språkreglane gjer at dei tilsette i fylkeskommunen må bruka e-ending og «vi» i staden for «me». Dette er stikk i strid med det som er vanleg skrivemåte i Sogn. Me brukar a-ending og «me»!

Både direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, mange i den vidaregåande skulen i Sogn reagerer på dei nye reglane. Vonen legg ikkje skjul på at han er overraska over at fylkes­kommunen vel ut enkelte av dei likestilte skrivemåtane framfor andre.

I nynorsk er som kjent «vi» og «me» likestilte former. Det same gjeld a- eller e-ending. Norsklærarane og rektor Marta Sofie Vange på Sogndal vidaregåande skule er veldig skuffa, og har skrive brev til fylkesrådmann Tore Eriksen der dei ber om at reglane blir endra.

Det er stor semje om at arbeidet med ein ny språkbruksplan for fylkeskommunen er viktig. Og det har – heilt fram til lokalkringkastinga sette søkjelys på innhaldet, nærmast vore opplese og vedteke at dei nye språkreglane er gode.

Me er fleire som kan og bør ta sjølvkritikk på at innhaldet i desse språkreglane ikkje vart gjort kjende for allmenta på eit tidlegare tidspunkt. Det er ikkje godt å seia kvifor det har teke sopass lang tid å få fram desse reaksjonane.

Betyr det at dei tilsette i fylkeskommune eigentleg ikkje bryr seg så mykje om språket? Og kva med dei folkevalde? Har dei meldt seg heilt ut av debatten om korleis den fylkeskommunale skrivemåten skal vera?

Me stussar litt når ein språkmedviten politikar som Jan Olav Fretland (SV) let dei nye reglane passera. Han meiner, ifølgje NRK-no at nynorsken har bruk for eit slikt einskapleg bilete. Og at dei fylkeskommunalt tilsette dermed må bruka «vi» og e-ending.

Men sjølv kjem folkevalde Fretland til å «skriv me og a-infinitiv» til handa hans sluttar å virka. Dette heng ikkje heilt på greip.

Dei folkevalde burde snarast gripa inn mot det uforståelege, og fullstendig tonedøve språkpolitiske grepet som fylkesadministrasjonen har gjort seg skuldig i. Viss dei meiner språkleg identitet er viktig, også i fylkes-kommunen.