Samhandling og samarbeid

Ifølgje årdalsordførar Arild Ingar Lægreid vil det vera ein katastrofe for samarbeidet i regionen dersom det ikkje lukkast å etablera eitt, felles lokalmedisinsk senter i tilknyting til Lærdal sjukehus.

Dette er sterke ord og dei må først og fremst tolkast som ei åtvaring til Sogndal. Bakgrunnen er sogndølene sine kostbare planar om ei samlokalisering av alle helse- og omsorgstenestene under eitt tak.

Dette blir av mange tolka som at sogndølene tek mål av seg til å byggja sitt eige lokalmedisinske senter. Og at regionsenteret dermed sviktar naboen i Lærdal.

Det er kanskje tid for sogndølene å ta eit lite steg til side og tenkja seg om ein gong til før dei køyrer vidare. Førebels i ei retning som for utanforståande framleis kan virka litt diffus i forhold til kva innhald og tenester Sogndal ser før seg i det som dei framleis – offisielt – kallar Sogndal Omsorgssenter.

For dersom fleire av ekspertane som har uttalt seg har litt meir rett enn kommuneadministrasjonen og det folkevalde fleirtalet i Sogndal, så har ikkje regionsenteret det store hastverket med å byggja si helseblokk i Stitoppen.

Overlege ved Haukeland universitetssjukehus, utflytt sogndøl Eirik Vikane er til dømes heilt klar på at dersom dei skal få til gode og robuste tenester så har ikkje kommunane i Sogn noko val: dei må samarbeida. Ifølgje Vikane er det mykje å spara på å byggja opp desse tenestene i tilknyting til eit sjukehus.

Ifølgje Vikane bør pasientgrunnlaget for eit lokalmedisinsk senter vera mellom 25.000 og 30.000 innbyggjarar. Sogndal har eit stykke att dit – men uansett – det er på tide at Aarvoll & Co er heilt klare på kva dei eventuelt ikkje vil samarbeida med Lærdal om.

Framleis er det alt som tyder på at sogndølene vil gjera alvor av å investere store midlar i eit nytt «mini» sjukehus, framleis kalla omsorgssenter. Som – uansett – vil leggja band på store ressursar i åra framover.

Når den nye «helseblokka» er reist, må også innhald vera på plass. Etter det me forstår bør det i lokalmedisinske senter vera team med lege, fysioterapeut, ergoterapeut, logoped, synspedagog, ernæringsfysiolog, sosionom, sjukepleiar og psykiatrisk sjukepleiar.

Kan Sogndal, som i dag slit med å bemanna kommunelegestillingane sine, garantera at dei – åleine – klarar å rekruttera tilstrekkeleg kompetanse på alle desse områda?

Treng fleire opplevingar

Reiselivet i distrikta treng fleire opplevingar for å lokka nye turistar. Det hevda marknads- og mediesjef i Hanen, Ole Jonny Trangsrud til Nationen sist veke. Han oppmoda soleis overnattingsbedrifter ute i distrikta til å satsa på nye og spanande opplevingar for å få fleire gjester.

Det er eit faktum at reiselivet i Distrikts-Noreg slit og må tenkja nyare. Innovasjon Noreg sine tal for 2012 talar sitt klare og tydelege språk: hotella rundt om i distrikta slit, medan byhotella gjer det bra.

Det er førebels ei stund til dei endelege tala for fjoråret kjem. Likevel meiner mediesjefen i Hanen, som er organisasjonen for bygdeturisme og gardsmat, å kunna slå fast at det er dei verksemdene som kan varta opp med litt ekstra spanande tilbod og ulike opplevingar i sitt nærmiljø, som har gjort det best. Ein god del betre enn dei som berre tilbyr overnatting, faktisk.

Det er ingen tvil om at 2013 blir eit vanskeleg år for hotell og overnattingsbedrifter. Alt no kjem det sterke signal om at Eurokrisa og den kritiske situasjonen nedover i Europa vil bli svært merkbar også hjå oss.

Fleire reiselivsbedrifter har allereie justert satsinga si frå den søreuropeiske marknaden og i retning av den langt meir kjøpesterke norske marknaden. Med over 25 millionar arbeidsledige europearar nedover på kontinentet er det heilt sikkert eit lurt trekk.

Det var nullvekst for det internasjonale reiselivet her i landet i fjor, medan det var ein vekst på tre prosent i talet på norske gjestedøgn. Alt tyder på internasjonal nullvekst også i 2013, kanskje til og med ein nedgang.

Det skal mykje til at nyrike russarar og kinesarar kan vega opp for bortfallet av tilreisande sør-europarar. I allefall på kort sikt, sjølv om me registrerer at talet på russiske gjestedøgn veks fort enkelte stader.

Det må uansett tenkjast nytt og annleis enn før. Og me ser fleire teikn på at dette allereie skjer her i distriktet. I Sogndal kan pudderekspressen, som kom i fjor utvilsamt reknast inn i denne kategorien. Skiturisme og toppturar er opplevingar som kan og vil trekkja nye gjester til regionen.

Og i den samanheng var det oppløftande å registrera planane til Sigrid Henjum og Sander Buene midt i Sogndalsfjøra. På gode, gamle Lisabui vil dei etablera eit tilbod som er midt i fatet i forhold til det leiaren i Hanen etterlyser.

Sogningane er i gang med å by fram dei nye opplevingane som reiselivet i distrikta treng.

Opprørande og heilt uakseptabelt

Sogn Avis har ved fleire høve skrive om Ove Kristian Lunden sin kamp for å få avlasting til stell av sin sjuke ektefelle. Historia har opprørt mange, som tykkjer det er heilt uhøyrt at Leikanger kommune seier nei til å gje avlasting i heimen tredjekvar helg.

Sist veke gjorde Fylkesmannen om vedtaket. Etter ein grundig gjennomgang av pasient- og brukar-rettslova fekk Lunden fullt medhald i klagen på avslaget frå kommunen.

Dette må etter vårt skjøn vera det einaste rette – både juridisk, etisk og ikkje minst – reint menneskeleg. Det høyrer ingen stad heime i eit samfunn som vårt, at ein kommune skal seia nei til ein søknad som den frå Lunden og hans familie.

Men dette er verre enn som så. Måten tenesteleiar Anne Margrethe Kråvik har handtert denne saka på er så horribel at det bør få konsekvensar. Også Leikanger kommune er sett i eit svært stygt lys, etter å ha halde eit dokument hemmeleg for Lunden.

Tenesteleiar Kråvik utforma nemleg ei slags uromelding om Ove Kristian Lunden sin psykiske helsetilstand. I dette notatet skriv ho : «Ut ifrå møte og klagesak er ein blitt uroleg for om dette er ein mann i krise som treng samtale for eigen del. Han har ei alvorleg sjuk kone og har teke på seg mykje ansvar. Ut ifrå situasjonen som er oppstått, er pleie- og omsorg varsame med å nemna noko til Ove Kristian Lunden. Det vil difor bli sendt ei uromelding til fastlege, om at det kan vera eit behov for samtale med psykiatritenesta».

Innhaldet i desse setningane er nesten ikkje til å tru. Og korleis kan kommunen halda seg med ein tenesteleiar som vurderer ei sak som dette på denne måten? Snakk om å snu alt på hovudet! Har denne tenesteleiaren ikkje forstått noko om kva som ligg i omgrepet «pleie- og omsorg»? Forstår ho ikkje at det tek på å stella ein svært sjuk ektefelle, veke ut og veke inn i månadsvis – utan avlasting?

Er det slike svar og reaksjonar innbyggjarane i Leikanger kommune må rekna med dersom nokon i nær familie blir alvorleg sjuk og dei treng ekstra hjelp i heimen i ein periode?

Og kva med at denne uromeldinga vart halden unna Ove Kristian Lunden og først vart kjent for han via Fylkesmannen? Kva seier dette om kommunen? Veit dei ikkje kva rettar innbyggjarane i kommunen har?

Det er gledeleg at Fylkesmannen no set Leikanger kommune skikkeleg på plass. Og at familien Lunden omsider får avlasting. Spørsmålet no er kva konsekvensar det får at denne kommunen freistar å sjukleg-gjera folk som, når dei er i krise ber om litt ekstra hjelp og avlasting.

Hjartelaust mot små born

For tredje gong kjempar bygdefolk i Kaupanger for å få behalda ein barnefamilie, som har slått rot i bygda, men som UDI meiner ikkje har rett til å bli verande.

Havila (6) og Paola (2) har budd heile livet på Kaupanger. Like før jul kom meldinga som opnar for at dei to syskena, til liks med rundt tre hundre andre asylborn, utan varsel, kan bli kasta ut av landet.

Siste fredagen før julaftan fall domen i Høgsterett, som kan få tragiske konsekvensar for fleire hundre asylborn. Høgsterett avslo då ein anke frå to asylborn om å få bli i landet – trass i at familiane deira hadde fått avslag på søknaden om opphald.

Motivasjonen for anken til Høgsterett var at det er born sitt beste som må vega tyngst i saker, der familiar med born som har budd heile livet i Noreg, har fått endeleg avslag på søknad om opphald.

Det er verdt å merka seg at det var ein forholdsvis stor dissens i Høgsterett i denne saka. Det er med andre ord fleire høgsterettsdomarar som fann dekning i dagens regelverk, for å gje born i denne kategorien opphald. Problemet var at ikkje mange nok lèt seg overtyda.

Då er det regelverket det er noko gale med. Det er regelverket som må justerast i ei retning, som gjer at neste gong ei slik sak kjem i Høgsterett, så får ho eit anna utfall.

Noreg kan etter vårt skjøn ikkje leva med at me kastar ungar som Havila og Paola ut av landet. Det er hjartelaust og det er i strid med alle intensjonar om at uskuldige born skal skjermast.

Det er eit sunnheitsteikn at det blir skipa støttegrupper for familiar som blir utsette for slik behandling. Det skjer over heile landet, og slett ikkje berre på Kaupanger. Men Kaupanger har vorte hardare råka av slike saker enn dei fleste andre små lokalsamfunn. Kaupingane veit kor vondt det gjer – ikkje minst for ungane, når familiar blir røska opp med rota og sende av garde til ei uviss og ukjend framtid.

Me ser at representantane for støttegruppa på Kaupanger set si lit til at lokalpolitikarar no tek tak. At lokale folkevalde gjer det dei kan for å påverka dei som sit inne på Stortinget og gøymer seg bak at dei ingenting kan gjera, sidan regelverket er som det er – sjølv om det er dei som lagar reglane.

Finst det slike folkevalde i Sogndal og er dei villige til å ta jobben med å påverka Tor Bremer & Co på Stortinget? Det er ikkje store justeringane i regelverket som skal til for at slike saker kan få eit anna utfall. Men nokon må ta skikkeleg tak i dette no !

Neppe utan konsekvensar

Laurdag 1. desember kunne Sogn Avis avsløra at hamnevesenet i Aurland vil plassera ein Seawalk i hamnebassenget i Flåm. Den bevegelege flytekaien, som har sin prototype på Skjolden, er tenkt plassert i forlenginga av den eksisterande cruisekaien – rett utanfor elveosen i turistbygda.

Etter det me har forstått vart desse planane lanserte for første gong under eit møte mellom kommunen, hamnevesenet og ein plankonsulent den 22. november. Allereie den 3. desember vart saka handsama i Plan- og utviklingsutvalet, og denne veka – den 13. desember kjem saka om oppstart av reguleringsarbeid for realisering av prosjektet opp i kommunestyret.

her kan me trygt konstatera at det har gått unna i svingane. Nokre er sikkert godt nøgde med ei så rask og effektiv kommunal sakshandsaming, men på langt nær alle. Og spesielt ikkje dei som er litt opptekne av miljøet og av konsekvensar tiltak som dette i fjord og strandsone kan få.

Frå fleire hald blir det soleis stilt spørsmål om det ikkje har gått vel fort. Og ikkje minst kvifor både administrasjonen i kommunen og dei folkevalde i fagutvalet, har valt å sjå heilt vekk ifrå krav om konsekvensutgreiing for dette tiltaket.

Tilrådinga til kommunestyret førstkomande torsdag er samrøystes. Og ho er utdelt positivt til det kommunalt eigde hamnevesenet sitt ynske om å starta opp arbeidet med ein reguleringsplan for den nye flytekaien.

I saksutgreiinga har administrasjonen konkludert med at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing. Slik sett blir det vel i realiteten konstatert at denne seawalken ikkje vil koma i konflikt med noko som helst.

Me har ikkje grunn til å tru at administrasjonen og utvalet ikkje held seg innanfor lovverket når dei ser vekk ifrå ei konsekvensutgreiing. Men av og til burde både byråkratar og folkevalde vera i stand til sjå litt lenger enn til lovgrensa. Dette er etter vårt skjøn, ei slik sak.

Cruisebåttrafikken til og frå Flåm vil vera viktig for reiselivet i regionen langt inn i framtida. Men den er også kontroversiell. Og mange er kritiske til måten ureininga av fjorden og lufta blir vurdert og målt på.

Når det no skal vurderast å plassera ein seawalk i den tronge hamna – rett utanfor lakseelva og den fine badeplassen, må dei folkevalde ta til vit og visa ansvar. Me meiner at det – uansett – bør gjennomførast ei konsekvensutgreiing av tiltaket.

Uriaspost og Aarebrot

Årdal kommune slit tungt med å få seg ny rådmann. Etter andre gongs utlysing vart det endeleg tilsett ny rådmann. Men etter å ha tenkt seg litt om, takka vedkomande som fekk tilbod om jobben, sist veke nei. Dermed må stillinga lysast ut endå ein gong.

Arne Gunnar Dokken, som er administrerande direktør i Delphi Consulting, eit selskap som driv med leiarrekruttering i offentleg og privat sektor, karakteriserer dette som ein uriaspost. Han meiner det vil bli svært krevjande å få på plass ein ny toppsjef i kommunen. Først og fremst fordi Årdal no er ei bygd prega av vanskelege tider.

Han ser ikkje vekk ifrå at det hadde vore enklare å rekruttera ny rådmann i betre økonomiske tider for kommunen.

Men samstundes som Årdal fekk nei frå ein søkjar som var tilsett, fortalde Bergens Tidende at Hordaland fylkeskommune ikkje har fått ein einaste søkjar til stillinga som fylkesrådmann. Og det etter å ha lyst ut denne stillinga to gonger. Heilt sidan april har nabofylket i sør jobba med å finna kandidatar til den viktigaste byråkratjobben i fylket.

Ikkje ein einaste person har førebels meldt sin interesse. Og då er det kanskje på tide å minna om kva professor Frank Aarebrot uttalte til Sogn Avis før jul i fjor, etter at berre ein person hadde søkt stillinga som fylkesrådmann i Sogn og Fjordane.

Då stilte den frittalande professoren følgjande spørsmål: Kven vil vera fylkesrådmann eller fylkesmann og bu i ein kommune der ingenting skjer?

Aarebrot trudde sjølv at ei av forklaringane var at Sogn og Fjordane er eit så lite attraktivt fylke, at folk ikkje vil vera fylkesrådmann eller fylkesmann der. Men Aarebrot opna alternativt for at det kanskje ikkje var noko i vegen med fylket, men med administrasjonssenteret Hermansverk.

«Kven vil vera fylkesrådmann eller fylkesmann på ein stad der ingenting skjer, i motsetjing til ute ved kysten som i Florø, der det er eit dynamisk miljø», spurde Frank Aarebrot i desember 2011.

Me er spente på kva vurderingar den same professoren har av byen Bergen etter at det ikkje har meldt seg ein einaste søkjar til den tilsvarande stillinga i Hordaland – etter to utlysingar. Me ser vel føre oss at han legg lista ein annan stad for Bergen enn for Hermansverk.

Skader og forventningar

Sist veke var direktøren i Helse Vest, Herlof Nilssen ute og åtvara mot det han karakteriserte som eit stadig større forventningspress til sektoren han er direktør i. «Folk må slutte å tru at helsevesenet kan hjelpe alle og gjere alle friske», sa direktøren for helsetilbodet på heile Vestlandet til nrk.no. fredag 7. september.

Måndag 10. – berre tre døgn etter at Nilssen oppmoda oss alle om å ha mindre forventning til kva helsevesenet vårt kan rydda opp i – kom ein rapport som snudde alt på hovudet.

Ei gransking som vart utført i Helse Vest, avdekte at kvar einaste dag i 2010 vart 69 – sekstini – vaksne pasientar skadde under opphald på sjukehus i denne helseregionen. Det hjelper lite at tala er endå meir skremmande i andre helseregionar.

Helsedirektør Nilssen likte – naturleg nok– desse tala svært dårleg. Han sa mellom anna dette til nrk.no : «me kan ikkje leva med at me ikkje får endra denne situasjonen». Og han lova at desse tala vil bli tekne på alvor i helseføretaket.

Dette er den same direktøren som fredag var ute og bad oss dempa forventingane til helsevesenet. Då var Nilssen oppteken av at alt for mange folk trur at helsevesenet – også sjukehusa i Helse Vest – kan ordna alt.

Så viser det seg altså at 69 vaksne pasientar, eller 14 prosent, vart skadde av det same helsevesenet kvar einaste dag i 2010.

Eit interessant spørsmål blir kva Herlof Nilssen no meiner om det han sa om forventningspress sist fredag. Visste han ingenting om desse realitetane i sjukehusa han leiar, då han var ute for å dempa forventningspresset?

I beste fall kan me konstatera at direktør Herlof Nilssen var lite heldig med «timinga» for utspelet sitt om å dempa forventningspresset til helsevesenet. I verste fall kan det stillast spørsmål om kor godt toppsjefen kjenner sin eigen organisasjon – med to så diametralt ulike konklusjonar på så kort tid.

me er langt på veg samde i at det moderne mennesket kan ha altfor høge forventingar til kva helsevesenet kan – og bør gjera.

Men det er mange gonger verre at så mange pasientar blir påført skader av eit helsevesen dei ventar – og skal få hjelp av. Det er mykje viktigare at Nilssen raskt bidreg til å redusera skadane, enn at han ber folk flest redusera sine forventningar til helsevesenet.

Departement utan ryggrad

Lokale politikarar er – mildt sagt ­– oppgjevne av Samferdsledepartementet si handtering av striden om flytilbodet i Sogn og Fjordane. Sogndalsordførar Jarle Aarvoll (Ap) karakteriserer det som heilt utruleg.

Det er eit faktum av Widerøe i dag ikkje følgjer dei konsesjonskrava som departementet har stilt for fylket. Dette er det inga usemje om. Widerøe har til og med stadfesta at dei bryt vilkåra.

Tidlegare i år la flyselskapet om rutetilbodet frå Sogndal. Konsekvensen er at det daglege direktetilbodet til Oslo vart redusert frå fire, som det står i konsesjonsvilkåra – til tre. Sogn regionråd har engasjert seg og har bede Samferdsledepartementet om å gripa inn.

Like før helga kom svaret frå departementet som Aarvoll karakteriserte som heilt utruleg. Det er lett å forstå kvifor Aarvoll reagerer. For departementet si løysing på det faktum at Widerøe bryt konsesjonsvilkåra er å overlata til fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane å rydda opp.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes vil forståeleg nok ikkje ta i saka. Rett og slett fordi flyrutene er eit statleg ansvar. Det er ikkje slik, i allefall ikkje så langt me kjenner til – at det er opp til fylkespolitikarane rundt om i landet avgjera kva flytilbodet som skal vera.

Me trudde faktisk dette var noko Samferdsledepartementet tok seg av då dei utarbeidde konsesjonsvilkåra.

Det er for oss ei einaste stor gåte korleis statssekretær Erik Lahnstein (Sp) – ifølgje nrk. no – karakteriserer det som eit paradoks at fylkespolitikarane takkar nei til å avgjera flytilbodet. Ifølgje nrk.no har han sagt dette : «Vanlegvis har fylkespolitikarane eit ynskje om å få mest mogeleg makt.» Og: «Her registrerer eg at dei meiner det er greiast at det er vi i Oslo som bestemmer kva som skal gjerast i Sogn og Fjordane».

Betyr dette at departementet vil overlata til fylkeskommunane å laga konsesjonsvilkår for flyrutene i framtida? Sjølvsagt gjer dei ikkje det. Det vil framleis vera slik at det er departementet som utarbeider og tildeler konsesjon.

Og når departementet først gjer det, så får Lahnstein & Co jammen også manna seg opp til å seia ifrå til dei flyselskapa som ikkje bryr seg om å følgja heilt klare og heilt udiskutable vilkår. Til og med i Samferdsledepartementet er dei i stand til å telja til fire skulle me tru – så då er det kanskje motet det står på?

Uansett – dette må det ryddast opp i og det snarast!

Vel arrogant at Widerøe

Flytilbodet frå Sogndal til Gardermoen har vorte forringa dei siste vekene. Rutetilbodet er ikkje lenger i samsvar med krava som vart stilte då Widerøe fekk konsesjon. Det verste er at flyselskapet vedgår at dei bryt konsesjonskrava, men det er ikkje noko dei ser ut til å bry seg med.

Spørsmålet som me då må stilla er om den raudgrøne regjeringa har gjeve heilt opp, og no overlèt til dei som får konsesjon til å driva på nett som dei vil.

ordførar i Sogndal, og medlem i Sogn regionråd sitt flyplassutval, Jarle Aarvoll reagerer sterkt på at Widerøe bryt konsesjonskrava. Konkret handlar det om at rutetilbodet skal ha fire direkte avgangar frå Sogndal Lufthamn til Oslo kvar dag. Det er ikkje lenger tilfellet.

Me trudde, til liks med ordføraren i Sogndal, at det var ei meining med krava i anbodet, at det ikkje er heilt uvesentlege. Men faktum er at Widerøe, nesten med ein gong dei hadde fått ny konsesjon, kutta ein av dei fire direkteavgangane. Det skjedde frå 1. april. Og førebels er det ingenting som tyder på at selskapet kjem til å justera dette attende til krava, når neste ruteperiode startar 1. september.

Ettermiddagsflyet kl 14.00 – som lenge har vore eit populært tilbod frå Sogndal, går no via Sandane på kvardagar, unnateke fredag. Dette kjem på toppen av at sogningane ikkje har fått gjennomslag for eit nattbasert fly på Haukåsen.

Aarvoll og regionrådet jobbar difor det dei kan mot Stortinget og dei ansvarlege i Samferdsledepartementet i von om at nokon kan snakka Widerøe til rette.

Widerøe argumenterer med at dei har vurdert totaltilbodet i fylket og at dette er til beste for alle. Dette stadfestar også kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien til Sogn Avis. Han opplyser at det er omsynet til Sandane som gjer at Sogndal må leva med eit dårlegare tilbod enn det som er nedfelt i konsesjonsvilkåra.

Slik blir også Sogndal og Sandane sett opp mot kvarandre på ein, etter vårt skjøn, ufin måte. Dette er Widerøe sitt ansvar. Det er dei som skal gje både Sogndal og Sandane eit fullgodt tilbod.

Er det slik at departementet ikkje bryr seg eller ikkje har kontroll? Og at det er opp til Widerøe og dermed alle andre som får tildelt konsesjonar av eitt eller anna slag, til å vurdera innhaldet i desse nett som dei vil? Det vil i så fall skapa mange interessante utfordringar framover.

Kva seier du til det, Marit Arnstad?

Kunst som provoserer

Me er – heldigvis i ferd med å få ein kunstdebatt i fylket. Det er på høg tid. Denne veka har det vore heftige diskusjonar, både muntlege i lokalradioen og skriftlege på ulike sosiale media – om nye, og provoserande kunstverk.

I Sunnfjord har debatten gått høgt og heit om Stig Eikaas sitt siste verk, ein gigantisk statue av Fridtjof Urdahl. Det var svært høg temperatur i ein radiodebatt mellom kunstnar Eikaas og kulturmeldar Hans Jacob Reite.

her i Sogn og i våre spalter, har debatten dei siste dagane handla om ein bjørn som søv på ein søppelhaug. Kunstverket, eller rettare sagt, installasjonen til amerikanaren Mark Dion skal om få veker plasserast ut i naturen – ved den nasjonale turistvegen mellom Aurland og Lærdal.

reaksjonane har ikkje late venta på seg etter at Sogn Avis presenterte verket måndag. Fleire karakteriserer kunstverket som boss og at det bør sendast rett på bossplassen. Det er også fleire som har hevda at det er meiningslaust å bruka pengar på slikt.

Kva skal me med kunst som ikkje provoserer? Kva skal me med kunst som folk er likesæle til – og som ingen reagerer på? Og – er det rett å dømma eit kunstverk nord og ned før det er ferdig, før det er sett på plass i sin rette samanheng? Sjølvsagt ikkje.

I ein artikkel i dagens avis fortel me meir om kva samanheng den sovande bjørnen skal presenterast i. Og me er rimeleg trygge på at mange kjem til å endra syn på den sovande bamsen på søppelhaugen når dei har lese denne saka.

Bjørnehiet, som i desse dagar blir konstruert inne i fjellet på den vakre fjellovergangen, blir til dømes attskapt så nær opp til slik eit ekte bjørnehi er, og kan betraktast både gjennom eit vindauga over du kan dessutan gå inn i hiet.

Og så er det opp til kvar enkelt av oss å skapa vår eiga tolking av kva det kan bety at ein bjørn har sovna oppe på ein haug med søppel. Dersom du tek deg tid og studerer søppelet vil du sjå at det slett ikkje er så tilfeldig samanraska som det i utgangspunktet, kan virka.

Men det mest interessante er det engasjementet som dette kunstverket har skapt og skaper allereie fleire veker før det er på plass. Me har ingen vanskar med å forstå at nokon blir provosert av dette – men igjen – kva i all verda skal me med kunst som ikkje provoserer.

me ser fram til å sjå bjørnen – i sitt «rette» element …