Dei drit i fjordane

«Ei av dei største forureinings—skandalane i nyare tid», er karakteristikken som leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken har brukt om den blåblå regjeringa sitt klarsignal til det svært omstridde gruveprosjektet i Førdefjorden.

Det er diverre så mykje som tyder på at Haltbrekken har rett, at det er vanskeleg – for ikkje å seia uråd, å ikkje vera samd med han.

Og over heile fylket reiser det seg no ei protestrørsle mot klarsignalet til å starta øydelegginga av store delar av Førdefjorden. Det er spesielt gledeleg å sjå det engasjementet som ungdom over heile fylket syner mot prosjektet.

Dei som me vonar skal leva og bu i dette fylket i framtida, er opptekne av det miljøet dei og deira etterkomarar skal leva i og med. Og kvifor skulle me ikkje ta dei på største alvor? Og korleis skal me motivera dei til å bli buande i eit fylke der rein og frisk natur betyr så lite som dette klarsignalet vitnar om?

Dei einaste argumenta for den planlagde gruvedrifta i Engebøfjellet kan vera økonomi og arbeidsplassar. Og, ja – me treng arbeidsplassar, me treng industri og me treng utvikling i Sogn og Fjordane.

Men meir enn noko treng me å ta vare på naturen vår. Me må redusera ureininga og utslepp – ikkje auka. Me kan ikkje tola – me kan aldri akseptera at – at fjordane våre blir raserte på denne måten.

og drit dei i Førdefjorden – kva blir då det neste?

Det er når du ser kva Nordic Mining ASA er og kva dette selskapet har å visa til når det gjeld gruvedrift at dei kraftigaste alarmklokkene bør gå av. Det ser ikkje betryggjande ut.

Me registrerer at Ap-leiar i Sogn og Fjordane, Hilmar Høl meiner det hastar med å koma i gang med gruveutbygginga. Han karakteriserer prosessen i forkant som open og ærleg. Me kan ikkje med vår beste evne forstå korleis han kan vera så kategorisk positiv til dette.

Me nektar å akseptera at det skal dumpast 11 tonn gruveavfall kvart einaste minutt, døgeret rundt i 50 år framover i Førdefjorden. Me har ikkje fleire fjordarmar å rasera.

Og med det internasjonale fokus dette alt her fått i til dømes Guardian, kan denne valdtekta av ein fjord også få negative konsekvensar for viktige næringar som sjømat og reiseliv.

Det er alt for stor uvisse om konsekvensane av dumpinga i Førdefjorden til at me kan akseptera dette. Spesielt i ei tid der me burde vera opptekne av på redda miljøet – ikkje drita i det.

Ein tonedøv provokasjon

NRK Sogn og Fjordane har denne veka sett eit passande og viktig søkjelys på språkpolitikken i fylkeskommunen.

Etter at byråkratane på fylkeshuset fekk leika seg fritt med språkreglane i fjor haust, er det gjort endringar som mange, spesielt her i Sogn, ikkje set pris på.

Dei nye og innsnevra språkreglane gjer at dei tilsette i fylkeskommunen må bruka e-ending og «vi» i staden for «me». Dette er stikk i strid med det som er vanleg skrivemåte i Sogn. Me brukar a-ending og «me»!

Både direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, mange i den vidaregåande skulen i Sogn reagerer på dei nye reglane. Vonen legg ikkje skjul på at han er overraska over at fylkes­kommunen vel ut enkelte av dei likestilte skrivemåtane framfor andre.

I nynorsk er som kjent «vi» og «me» likestilte former. Det same gjeld a- eller e-ending. Norsklærarane og rektor Marta Sofie Vange på Sogndal vidaregåande skule er veldig skuffa, og har skrive brev til fylkesrådmann Tore Eriksen der dei ber om at reglane blir endra.

Det er stor semje om at arbeidet med ein ny språkbruksplan for fylkeskommunen er viktig. Og det har – heilt fram til lokalkringkastinga sette søkjelys på innhaldet, nærmast vore opplese og vedteke at dei nye språkreglane er gode.

Me er fleire som kan og bør ta sjølvkritikk på at innhaldet i desse språkreglane ikkje vart gjort kjende for allmenta på eit tidlegare tidspunkt. Det er ikkje godt å seia kvifor det har teke sopass lang tid å få fram desse reaksjonane.

Betyr det at dei tilsette i fylkeskommune eigentleg ikkje bryr seg så mykje om språket? Og kva med dei folkevalde? Har dei meldt seg heilt ut av debatten om korleis den fylkeskommunale skrivemåten skal vera?

Me stussar litt når ein språkmedviten politikar som Jan Olav Fretland (SV) let dei nye reglane passera. Han meiner, ifølgje NRK-no at nynorsken har bruk for eit slikt einskapleg bilete. Og at dei fylkeskommunalt tilsette dermed må bruka «vi» og e-ending.

Men sjølv kjem folkevalde Fretland til å «skriv me og a-infinitiv» til handa hans sluttar å virka. Dette heng ikkje heilt på greip.

Dei folkevalde burde snarast gripa inn mot det uforståelege, og fullstendig tonedøve språkpolitiske grepet som fylkesadministrasjonen har gjort seg skuldig i. Viss dei meiner språkleg identitet er viktig, også i fylkes-kommunen.

Ein grufull tragedie

Den grufulle massakren om bord i Valdresekspressen måndag kveld har skaka heile landet. Ja, historia om den ufattelege tragedien har gått verda rundt. Me stiller oss alle spørsmålet: korleis kunne dette skje?

Våre tankar går i dag først og fremst til dei pårørande i Årdal, Valdres og i Sverige, som må leva vidare med at deira kjære vart rivne vekk frå dei på den verste, mest brutale måten. No må dei få den oppfølging, hjelp og støtte som dei treng.

Utover natta til i går vart det klart at gjerningsmannen er ein 31 år gamal asylsøkjar frå Sør-Sudan. Han skal ha fått avslag på asylsøknaden fordi han allereie har søkt om asyl i Spania. Trippeldrapsmannen skulle ifølgje VG sendast åleine ut av landet i går.

Ugjerninga om bord i Valdresekspressen reiser fleire spørsmål. Det eine handlar – endå ein gong i denne regionen – om politiet si responstid. Det tok ein time og 14 minutt før den første politipatruljen var framme på åstaden. Igjen opplevde bilistar at både brannvesen, ambulansepersonell og andre redningsmannskap kom fram lenge før politiet. Også Sogn Avis var i området med to journalistar lenge før politipatruljen kom fram.

Dette er heilt uhaldbart. Og denne episoden er endå eit døme på at politiet sin beredskap er alt for dårleg her ute i distrikta. Me torer ikkje tenkja på korleis det vil bli dersom konklusjonane i den ferske politianalysen blir sette ut i livet.

Politiet må få auka ressursar, lensmannskontor må ikkje leggjast ned, men i staden setjast i stand til å aksjonera straks noko skjer i nærmiljøet. Det er meiningslaust at det skal koma ein politipatrulje heilt frå Lærdal når det skjer så grufulle ugjerningar som dette ein 20 minuttars køyretur frå Øvre Årdal.

Me kan ikkje leva med at brannfolk eller tilfeldige forbireisande skal gripa inn i så dramatiske episodar. Kva om trippeldrapsmannen i går hadde hatt skytevåpen?

Eit anna spørsmål denne saka reiser er korleis asylsøkjarar, som får avslag på asylsøknaden sin og skal ut av landet, blir følgde opp og ikkje minst – transporterte ut av landet. Det grufulle trippeldrapet i går må føra til at UDI og dei ulike asylmottaka rundt om i landet går grundig gjennom sine rutinar.

Det er elles svært viktig at både folk i lokalmiljøet i Årdal og elles, no lyttar til ordførar Arild Ingar Lægreid sine kloke ord, då han i går peika på at det er snakk om ein enkelt gjerningsmann. Og at han åleine er ansvarleg for den grufulle ugjerninga.

(Leiar Sogn Avis papirutgåve onsdag 6.11.)

Krev rask handling

Dei tilsette ved Vik bygde- og sjukeheim opplever arbeidsdagen sin som så krevjande, arbeidspresset som så stort at dei ikkje er i stand til å dekkja pasientane sine grunnleggjande behov.

Arbeidsforholda er vortne så tøffe at samtlege tillitsvalde ved bygde- og sjukeheimen har gått saman om uromelding til hovudverneombodet i kommunen.

Brevet frå dei fire tillitsvalde fortel om alt for mjuke bruk av mellombelse løysingar, som korridorpasientar, bruk av dobbeltrom og – endå verre – bruk av rom som er heilt ueigna for pasientar – til gamle og sjuke folk.

Slike mellombelse løysingar fører sjølvsagt til mange ekstra og tunge belastningar på dei tilsette, både fysisk og psykisk. Ingen som går inn i omsorgsyrke lever godt med at dei må plassera gamle og sjuke på lagerrom, vaskerom og toalett.

Ingenting kan vel vera verre enn å gå heim etter enda arbeidsdag, heilt utsliten og likevel klar over at du ikkje har vore i stand til å dekkja brukarane sine basale behov?

Sjølvsagt er det først og fremst ein stadig strammare kommuneøkonomi som er forklaringa på at det har gått så gale. Me registrerer det som positivt at rådmann Oddbjørn Ese tek saka på høgaste alvor og at han går til det drastiske steget det er å be Fylkesmannen om å gjennomføra eit tilsyn på institusjonen.

Dagen før saka vart omtalt i Sogn Avis, varsla rådmannen Fylkesmannen om at det kjem ei skriftleg oppmoding om tilsyn.

Det er derimot urovekkjande at rådmannen, og dermed kommunen vart så overraska over innhaldet i uromeldinga frå dei tilsette ved bygde- og sjukeheimen. At arbeidsforholda der er langt verre enn det dei ansvarlege i kommunen har vore kjende med.

Det kan berre skuldast anten at dei tilsette på heimen har tolt for store belastningar for lenge før dei manna seg opp til å seia skikkeleg ifrå. Eller at dei ansvarlege i kommunen ikkje har følgt godt nok med. Ikkje har sjekka kva konsekvensar kutta i pleie- og omsorgssektoren dei siste åra har ført til. Vik er ikkje ein så stor kommune …

Uansett – no er problemet skikkeleg adressert og her må det mykje meir til enn «ein gjennomgang av dei arbeidsmiljømessige utfordringane som blir omtalte». Uromeldinga må resultera i konkret handling så fort det berre lèt seg gjera. Dette går ikkje lenger.

Samstundes varslar dei folkevalde i formannskapet ytterlegare kutt i den kommunale drifta. Dette går ikkje i hop. Vik treng ekstraordinær hjelp – og kanskje ho som sende det berømte Vik-brevet som utløyste Terra-skandalen, Erna Solberg kan hjelpa?

Kva var feil, Jonas Olsson ?

«Ei lita lokalavis har fått unødvendig mykje merksemd», sa sogndalstrenar Jonas Olsson på direkten til TV-stasjonen Cmore før kampen mot Vålerenga laurdag. Etter kampen gjekk den hardt pressa trenaren endå lenger i sin kritikk mot Sogn Avis.

Han hevda, ifølgje fleire aviser følgjande: «Det at en lokalavis skriven en sak med mange feil, og skal kunne legge et grunnlag for at de nasjonale avisene skal henge ut spillere med både namn og bilde er alvorlig. Det skuffer meg enormt mye. Det så ikke ut til å påvirke deres prestasjon, men det skader spillernes privatliv».

Olsson sikta sjølvsagt til vårt oppslag laurdag om at han – eigenhendig – hadde refsa to av spelarane sine for å ha vore rusa i sentrum onsdag kveld og natt. Dagen etter var der oppvaskmøte der dei to angrande syndarane, Erik Dahlin og Espen Næss Lund fekk klar melding om at dei får sparken dersom slike episodar gjentek seg.

Sogn Avis sitt oppslag var basert på intervju med same Olsson, med dei to spelarane som vedgjekk, la seg flate og orsaka og med Håvard Flo i det sportslege apparatet.

At Jonas Olsson valde å gå ut for å «refsa» lokalavisa etter tapet mot Vålerenga er nesten ikkje til å tru. Mannen har ikkje kontakta oss for å dementera noko. Det einaste han har teke opp er at «fyll» ikkje var dekkjande for Espen Næss Lund sin del.

Kan Jonas Olsson no fortelja oss kva som var feil i denne artikkelen? Eller reagerer han slik fordi saka fekk merksemd langt utover Sogn?

Me kan forstå at Olsson og klubben ikkje likar at lokalavisa skriv om slike episodar. Men at Olsson gjer eit poeng av at Sogn Avis er ei lita lokalavis er latterleg. Hadde vore greiare for han om ei større avis tok opp saka? Trur han det er storleiken det kjem an på når det handlar om journalistiske prioriteringar?

Er Sogn avis ei lita lokalavis så er Sogndal Fotball ein liten klubb. Betyr dette at Olsson meiner at det gjeld heilt andre reglar for dei enn andre?

Ingen følgjer Sogndal Fotball tettare enn Sogn Avis. På godt og vondt. Me lagar reportasje når trenaren innfører felles frukost, fordi det er viktig for både helse, haldningar og prestasjonar. Fyll midt i veka, er neppe spesielt prestasjonsfremjande – så sjølvsagt skriv me om det også.

Men det er viktig å presisera at laurdagens oppslag ikkje var basert på dei første og einaste tipsa av dette slaget. Sogn Avis har – over tid – motteke fleire og no var begeret fullt. Me konstaterer også at trenaren ikkje har dementert at han refsa dei to spelarane. Så igjen, Olsson – kva var feil i Sogn Avis sitt oppslag?

For mykje halvgodt

I går vart det store Vestlandstreffet avslutta i Balestrand. I tre heile dagar til endes har reiselivsfolk vore samla for å snakka om og utveksla erfaringar frå denne næringa, som er så viktig for regionen vår.

Tre tema stod sentralt under konferansen, opplevingsturisme, industrielt reiseliv og cruiseutvikling. Midt i fatet for sogneregionen alle tre, skulle me tru, og soleis viktig å setja på dagsorden.

Det er større grunn til å diskutera at det er brukt ressursar på å finna ut at folk er viktig for å skapa attraktive reisemål. Dette er nemleg det mest sentrale funnet i ein rapport som Telemarkforsking har laga for Distriktssenteret.

Då rapporten vart presentert tysdag konstaterte Lars Ueland Kobro frå Telemarkforsking at det både i planlegging og marknadsføring av Noreg blir gjeve inntrykk av at det er naturen som sel dette landet.

telemarkforsking har forska seg fram til at dette er ei sanning med modifikasjonar. Og at desse natur- og kulturkvalitetane berre er ei råvare om ingen foredlar dei til eit reiselivsprodukt.

Dette har altså ein seriøs institusjon som Telemarkforsking brukt tid på å forska seg fram til.

For sjølvsagt er det slik! Du kan jo elles snu dette på hovudet og lura på kva folk kunne bidra med utan fjorden, utan isbreen, fjella, og elvane? Hadde det nytta mykje med kreative reiselivsfolk utan desse naturgjevne fordelane?

Neppe – folk reiser i hopetal til Syden på grunn av sola – dei ville ikkje kome i flokk og følgje hit berre på grunn av vêret vårt. Noreg er rett og slett for usentralt plassert til at turistane hadde kome utan den spektakulære naturen me er vesigna med.

Sjølvsagt heng folk og natur saman. Og sjølvsagt har Telemarkforsking eit poeng når dei peikar at folk – me som bur i dette fantastiske fjordlandskapet – som turistar kjem frå alle verdshjørne for å oppleva – gjer det me kan for at desse gjestene skal få så mykje ut av besøket som mogleg.

Dette er elles eit tema me har teke opp ei rekkje gonger. Reiselivsnæringa må profesjonaliserast, sesongen og opningstider må utvidast – og tilbodet løftast. Korleis få mykje meir lokalprodusert mat og drikke på bordet, gjerne servert av litt fleire innfødde sogningar, kunne det med fordel ha vore forska litt meir på.

Det er for mykje halvgodt i norsk reiseliv – og det er ikkje naturen si skuld.

Dersom det handlar om innverknad...

Så er valkampen unnagjort. I dag pustar politikarane ut, og bur seg på ei spennande valvake, både rundt om i landet og på dei ulike partihovudkontora i hovudstaden.

NO er det du som bestemmer. Me vonar at så mange som mogleg nyttar stemmeretten sin. Så om du ikkje har gjort det på førehand, kom deg til eit stemmelokale nær deg i dag!

Meiningsmålinga har i heile år peika ei retning. Det går mot blått fleirtal på Stortinget – kor blått står att og sjå. Enkelte vonar på blåblått, andre fryktar det. Det skal uansett eit lite jordskjelv – nei forresten – eit stort, for å nekta Erna Solberg å flytta inn i statsministerbustaden bak slottet.

Men, så lenge folket skal bestemma, er det alltid eit men. Like før helga registrerte me at rundt 700.000 veljarar ikkje hadde bestemt seg. Det er mange. Og då er sjølvsagt ingenting heilt avgjort.

her i Sogn og Fjordane kom det sist veke ei meiningsmåling som var stikk i strid med dei nasjonale strøymingane. Høgre gjekk dramatisk attende frå juni – heile 11,5 prosent. Ap og KrF gjekk begge fram med over fire prosent og Sp med to.

For Sp var det gledeleg med litt framgang sjølv om det er langt att til førre valresultat. Det er eit lite hav frå 19 prosent til over 25 som Liv Signe Navarsete &  Co fekk i 2009.

Same kor raud, grøn eller blå du er – er det grunn til å peika på eit faktum – nemleg at fylket dei seks siste åra har vore representert tettare på den nasjonale makta enn nokon gong før. Liv Signe Navarsete har vore ein av tre i det aller inste.

Det er ei stund til Bjørn Lødemel kjem seg i ein tilsvarande posisjon, for å seia det varsamt. Sjølv om mange har svartmåla situasjonen i dette fylket nokså grundig dei siste månadene, så er det kanskje grunn til å spørja seg korleis det kunne ha vore her utan den tette kontakten inn der dei viktigaste avgjerdene blir tekne.

Kva med høgskuleutbygginga? Kva med Loftesnesbrua, Vikafjellstunnelen, vegen gjennom Lærdalsdalen og over Filefjell, til dømes? Me registrerer at Marta Finden har brukt 600.000 kr på Geelmuyden Kiise for å få tunnelen på plass, men hadde det vore tilstrekkeleg under ei anna regjering, utan direkte innverknad frå dette vesle fylket?

Sjølvsagt er det også god grunn til å stilla spørsmål ved omfattande sentralisering både her og der og bøndene vil alltid klaga og kyta. Men igjen – kva hadde vore alternativet? Uansett – viss du trur at innverknad og nærkontakt med makta betyr noko, så er valet greitt.

Og vil du ha endring så snakkast me ved neste krossveg, etter at dette fylket har vore frikopla makta i fire år …

Varsel om nye helsekutt

Sidan føretaksmodellen vart sett ut i livet og Helse Førde såg dagens lys, har organisasjonen hatt eitt overordna mål: å redusera kostnadene med det desentraliserte helsetilbodet.

Det første Helse Førde gjekk laus på var fødeavdelinga i Lærdal. Sidan har det gått slag i slag, både forsterka fødestove og akuttmottak er fjerna.

Men heile tida har det vore ein føresetnad at ambulansetenestene skal styrkast. Nesten som ein slags kompensasjon. Det har ikkje vore måte på, og det har handla om ambulansetilbodet både til sjøs, i lufta og på land.

Det var soleis med meir enn undring me registrerte klinikkdirektør Tore Dvergsdal si saksutgreiing til styremøtet i helseføretaket torsdag. Der går det fram at kostnadene med ambulansetenesta i dette fylket vil auka så mykje dei komande åra at Helse Førde ikkje har økonomi til å bera det.

Det står så, svart på kvitt og dette heng ikkje på greip.

Og det blir ikkje betre av klinikkdirektøren si forklaring til nrk.no om kvifor det har vorte slik. Han peikar nemleg på at det har vore store omveltingar både innanfor kommunikasjon, kompetansekrav til tilsette og «andre ting».

Skulle betre kommunikasjon vera eit problem?

Er det slik at dei som leiar dette helseføretaket ikkje verken har forstått eller teke høgde for, at ein konsekvens av sjukehusraseringa måtte gje auka utgifter til ambulansetenesta? Har dei ikkje budsjettert med dette?

Og eit anna moment som nesten ikkje er til å tru i dagens Helse-Noreg: Det er visstnok slik at i eit grisgrendt fylke som vårt er det fare for at ambulanse­personellet ikkje får nok trening og øving etter dagens kompetansekrav. Det er for få utrykkingar, rett og slett.

Kompetansekrava til ambulansepersonell er med andre ord slik at distrikta – som har størst behov for ambulanse sidan avstanden til nærmaste sjukehus ofte er stor, ikkje kan ha ambulanse fordi kompetanseøvinga ikkje er omfattande nok.

Det pussige er at akkurat medan denne leiarartikkelen blir til, kjem følgjande e-post inn frå direktør Herlof Nilssen i Helse Vest: «Helse Vest landar 2012 med det beste resultat nokon gong. Måla for dei fem neste åra er klare: god samhandling, ingen fristbrot og kortare ventetid. Og først og fremst: Enda tryggare pasientbehandling».

Kan nokon utdjupa?

Korleis kunne alle svikta

Korleis kunne alle svikta så kapitalt og korleis kan me unngå at dette skjer igjen? Det er to av mange spørsmål me sit att med etter å ha lese om Monika Polbratek sin kamp. Den kampen ho måtte kjempa mot det norske helsesystemet.

Den ufatteleg tragiske historia om vesle Natalia, som berre vart fem år, rørte folk over heile landet sist sommar. Historia om korleis storesyster Emilia gjorde alt som stod i hennar makt for å gjera den siste sommaren til si dødssjuke veslesyster så god som mogleg.

Men det me ikkje fekk vita då, var kva kamp den vesle polske familien hadde kjempa for å få hjelp før dei fekk beskjeden om at alt håp var ute. At det berre var snakk om tid fordi kreften hadde kome for langt.

Fylkeslegen i Hordaland gir Helse Førde knusande kritikk for å ha brote krav om forsvarleg verksemd. Det er alvorleg. For helseføretaket svikta vesle Natalia. Me konstaterer at fagdirektør Hans Johan Breidablik legg seg flat på vegner av Helse Førde. Og at han lovar at dei freistar å ta lærdom.

Men denne saka handlar om meir enn som så. Det er ikkje berre snakk om systemfeil og mangelfulle rutinar.

Ho handlar til sjuande og sist om korleis vårt moderne, blårusstyrte og straumlinjeforma? helsevesen fungerer. Om haldningar og om korleis pasientar risikerer å bli tekne imot. Og kor gale det kan gå om du kjem skeivt ut.

Ikkje misforstå – me trur at Helse Førde meiner alvor og at dei vil gjera noko for å unngå at dette gjentek seg. Og heldigvis er det mange som gjer ein god jobb.

Men det er ikkje ein systemfeil når ei mor med ein liten, sjuk unge gong på gong blir avvist og avfeia med spydigheiter om at ho er hysterisk. Og korleis kan nokon i helsevesenet lata vera å ta ei mor som køyrer frå Leikanger til Førde midt på natta med sitt sjuke barn, på alvor? Korleis kan nokon i det heile tenkja på å avvisa ei slik mor?

Truleg er realiteten at Monika var for lite hysterisk – både på Sogndal legesenter og i Førde. Hadde ho verkeleg bråka, kunne kanskje ein eller annan i kvitt teke seg bryet med å undersøkja meir enn Natalias underarm mykje tidegare. Korleis kunne dei tru at dette var noko som kunne kurerast med paracet, dersom dei brydde seg berre litt med å høyra etter kva mora sa om korleis Natalia hadde det?

Det er for seint for den vesle, tapre femåringen. Men det må vera von om at Monika Polbratrek si historie kan hindra at noko liknande skjer igjen. Dette burde bli pensum på alle helsearbeidar-utdanningar.

Viktig for Wittgenstein

Fleire av dei fremste filosofane i verda tok hausten 2009 initiativ til å attreisa huset som Ludwig Wittgenstein i si tid sette opp ved Eidsvatnet på Skjolden. Initiativtakarane fekk den gongen solid støtte frå ei rekke forfattarar og kunstnarar, også her i landet.  

Sakte, men sikkert har det også gått opp for lokale krefter og ikkje minst – for dei lokale folkevalde – kor viktig dette prosjektet er.

Luster kommune har dei siste åra jobba målretta og godt for å få hand om hustufti ved vatnet. Sist veke kom dei eit svært viktig steg vidare. Då gjekk formannskapet endeleg inn for å løyva 250.000 kroner til dette føremålet.

Dette er sjølvsagt eit heilt avgjerande steg i prosessen for å få sett opp att huset etter den verdskjende filosofen på tomta, som har fått namnet «Austerrike» etter heimlandet til filosofen.

Mange sogningar kjenner godt til soga om den verdskjende filosofen, som var i Skjolden fleire gonger etter at han fekk reist den omtalte hytta i 1914. Wittgenstein sa ved fleire høve at det var ingen stad han jobba så godt som på Skjolden.

Det er soleis ingen tvil om at Skjolden og hytta ved Eidsvatnet spelte ein viktig, enkelte meiner – avgjerande, rolle i filosofen sitt arbeid.

No når kommunen endeleg har sikra seg eigedomsretten til den ti mål store eigedomen, er det lov å tru på at dette prosjektet kan realiserast. No har dei folkevalde i Luster formannskap i allefall lagt til rette for at dei eksterne kreftene, som står i brodden for attreisinga kan lukkast.

Under siste møte i formannskapet nytta politikarane også høvet til å rosa grunneigar Rune Fuglesteg for goodwillen han har vist ved å avstå dette arealet. Dette må reknast som eit kulturhistorisk klenodium i verdsformat.

Det står mykje arbeid att før hytta er atterreist på denne tomta. Ikkje minst må den eksterne gruppa få tilgang til det som er att av den gamle hytta, i det som i dag er eit feriehus i bygda. Me vil tru det vil vera lettare å få til no når tomta er klargjort.

Neste steg bør vera å vurdera om det bør etablerast eit besøkssenter og eit lokalt arkiv i tilknyting til ei atterreist hytte på tomta – og korleis dette eventuelt kan ordnast reint praktisk. Også dette vil det vera enklare å få til no når kommunen har avklart tomtespørsmålet.

Det er all grunn til å gratulera Skjolden med denne utviklinga.