Viser arkivet for stikkord årdal

Ein grufull tragedie

Den grufulle massakren om bord i Valdresekspressen måndag kveld har skaka heile landet. Ja, historia om den ufattelege tragedien har gått verda rundt. Me stiller oss alle spørsmålet: korleis kunne dette skje?

Våre tankar går i dag først og fremst til dei pårørande i Årdal, Valdres og i Sverige, som må leva vidare med at deira kjære vart rivne vekk frå dei på den verste, mest brutale måten. No må dei få den oppfølging, hjelp og støtte som dei treng.

Utover natta til i går vart det klart at gjerningsmannen er ein 31 år gamal asylsøkjar frå Sør-Sudan. Han skal ha fått avslag på asylsøknaden fordi han allereie har søkt om asyl i Spania. Trippeldrapsmannen skulle ifølgje VG sendast åleine ut av landet i går.

Ugjerninga om bord i Valdresekspressen reiser fleire spørsmål. Det eine handlar – endå ein gong i denne regionen – om politiet si responstid. Det tok ein time og 14 minutt før den første politipatruljen var framme på åstaden. Igjen opplevde bilistar at både brannvesen, ambulansepersonell og andre redningsmannskap kom fram lenge før politiet. Også Sogn Avis var i området med to journalistar lenge før politipatruljen kom fram.

Dette er heilt uhaldbart. Og denne episoden er endå eit døme på at politiet sin beredskap er alt for dårleg her ute i distrikta. Me torer ikkje tenkja på korleis det vil bli dersom konklusjonane i den ferske politianalysen blir sette ut i livet.

Politiet må få auka ressursar, lensmannskontor må ikkje leggjast ned, men i staden setjast i stand til å aksjonera straks noko skjer i nærmiljøet. Det er meiningslaust at det skal koma ein politipatrulje heilt frå Lærdal når det skjer så grufulle ugjerningar som dette ein 20 minuttars køyretur frå Øvre Årdal.

Me kan ikkje leva med at brannfolk eller tilfeldige forbireisande skal gripa inn i så dramatiske episodar. Kva om trippeldrapsmannen i går hadde hatt skytevåpen?

Eit anna spørsmål denne saka reiser er korleis asylsøkjarar, som får avslag på asylsøknaden sin og skal ut av landet, blir følgde opp og ikkje minst – transporterte ut av landet. Det grufulle trippeldrapet i går må føra til at UDI og dei ulike asylmottaka rundt om i landet går grundig gjennom sine rutinar.

Det er elles svært viktig at både folk i lokalmiljøet i Årdal og elles, no lyttar til ordførar Arild Ingar Lægreid sine kloke ord, då han i går peika på at det er snakk om ein enkelt gjerningsmann. Og at han åleine er ansvarleg for den grufulle ugjerninga.

(Leiar Sogn Avis papirutgåve onsdag 6.11.)

Kampen for soknepresten

Handlekraftige damer i Årdal har sett i gang ein underskriftsaksjon for å få sokneprest Carsten Wind Hansen attende i stillinga. Den danske presten har vore sjukmeld sidan i fjor sommar. Damene gjekk først ut med ei støtteerklæring, fordi mange hevda det er ei gruppering i kyrkja som vil pressa presten ut for godt.

Sogn Avis skreiv om denne saka første gong laurdag 28. januar. Årsaka til at mange årdøler er forarga, er eit nesten tre sider langt brev som vart sendt til Årdal kyrkjelege fellesråd i fjor. Dette brevet skal innehalde ei rekkje klagepunkt mot soknepresten i Nedre Årdal Sokn, Carsten Wind Hansen, som vart innsett i stillinga i januar i fjor.

Mange trur at forklaringa på den langvarige sjukmeldinga startar her.

Då damene ikkje fekk noko svar frå dei ansvarlege i kyrkja på kvifor den danske presten er uynskt i bygda, starta dei underskriftsaksjonen. Dei hevdar at dei har fått overveldande respons sidan dei la ut underskriftslistene i dei fleste kioskar og butikkar sist fredag. Listene blir liggjande ute til førstkomande måndag. Då skal aksjonistane vurdera kva neste steg blir.

Carsten Wind Hansen blir av fleire karakterisert som ein god og folkeleg prest. Damene gir seg ikkje, og forlanger eit klart svar på kvifor han ikkje får halda fram i jobben.

Dette svaret kan ingen gje dei i alle fall ikkje førebels. Både prost Bård Haukedal og leiar i Årdal kyrkjelege fellesråd, Oddbjørn Einan viser til at dette er ei personalsak og at dei har teieplikt.

Det er greitt nok, men samstundes bør leiinga i kyrkja ta det store folkelege engasjementet for soknepresten på alvor. Årdal er eitt av dei lokalsamfunna i regionen med størst takhøgd, størst rom for det folkelege og det ekte. Dersom Wind Hansen si sjukmelding skuldast at dei mørkare, meir fundamentalistiske kristne kreftene har vunne fram med sitt syn, er det grunn til å slå alarm med tanke på framtida for ei levande folkekyrkje som folk flest vil engasjera seg i.

Aksjonen for den folkelege, danske soknepresten kjem paradoksalt nok, i ein periode der dei to sokna i Årdal paradoksalt nok har stor prestemangel. På grunn av fleire sjukmeldingar står 120 prosent stilling som prest ledig.

Frå utsida verkar dette som ei forholdsvis grei sak å ordna opp i men meir enn noko bør, i første omgang, Årdal kyrkjelege fellesråd ta det store folkelege engasjementet i denne saka på alvor.

Partnerskap på papiret

Leiaren er skriven av journalist Jan Egil Fimreite.

Nav slit tungt for tida. Dei er langt unna sine eigne tidskrav når det gjeld barnebidrag, inntekter til livsopphald, stønad til einslege forsytarar, sjukeløn og på andre område. Nav har også fått saftig kritikk av Riksrevisjonen, der dei peikar på mangelfull kontroll av utbetalingar på ei rekke område.

Me har forståing for at det kan oppstå akutte situasjonar som er utfordrande å handtera, som til dømes utbetaling av dagpengar i Høyanger der fleire hundre vart arbeidsledige over natta. Men me trur at krisa i Nav vil halda fram, blant anna på grunn av mangel på styring og oppfølging av retningsliner for arbeidet. Arbeids- og velferdsdirektør Tor Saglie seier til Aftenposten at dei ikkje kan instruera dei lokale løysingane, men at både stat og kommune har stor innverknad på arbeidet på eit Nav-kontor.

Føringar blir også blant anna lagde gjennom ei etableringshandbok for Nav-kontora. Men, som Saglie seier, så er det heilt naudsynt at eigarane tek eit felles ansvar og er aktive i oppfølginga av det lokale Nav-kontoret i den daglege drifta for at partnerskapen skal fungera.

Det er her me meiner Nav så langt har svikta og har blant anna ført til at dei ulike einingane i partnarskapen skuldar på kvarandre når folk ikkje får det dei har krav på til rett tid. Det nyttar lite med ei etableringshandbok dersom denne ikkje blir følgd opp i praksis. Ei haldning som seier at avgjerslene om korleis Nav-kontora blir organiserte skal gjerast lokalt, er for passiv og kan i mange tilfelle føra til at partnerskapen berre vil fungera på papiret.

Det tek tid å få ein partnarskap til å fungera, men det er fullt mogleg. Det krev at retningslinene som er lagde, blir følgde opp. Dette er heilt klart eit leiaransvar å planta slike samarbeidshaldningar inn i organisasjonen. Det kan her vera nyttig å sjå til ein nyleg komen ut rapport frå helsetilsynet om det arbeidet som blir utført i kommunane når det gjeld hjelp til utsette born og unge. Årdal kommune vart her, som ein av berre 11 kommunar, trekt fram som førebilete. Årdal har lukkast i dette arbeidet fordi dei har fått eit samarbeid til å fungera. PPT, barnevern, helsestasjonstenesta, sosialtenesta, skulehelsetenesta, legetenesta, skular og barnehagar trekk lasset saman og resultata har heller ikkje late venta på seg. Årdal er ei bygd med lite ungdomskriminalitet og svært lite rusproblem blant unge.

Eit sterkt fokus på samhandling i høve til brukarane har gjeve resultat. Det er klart at dette for ein del er personavhengig. Men med ein så kraftig og solid samarbeidsplattform som Årdal har bygd opp på dette feltet, er ikkje systemet så sårbart i høve til utskifting av folk som det elles ville ha vore.