Viser arkivet for stikkord helse

Varsel om nye helsekutt

Sidan føretaksmodellen vart sett ut i livet og Helse Førde såg dagens lys, har organisasjonen hatt eitt overordna mål: å redusera kostnadene med det desentraliserte helsetilbodet.

Det første Helse Førde gjekk laus på var fødeavdelinga i Lærdal. Sidan har det gått slag i slag, både forsterka fødestove og akuttmottak er fjerna.

Men heile tida har det vore ein føresetnad at ambulansetenestene skal styrkast. Nesten som ein slags kompensasjon. Det har ikkje vore måte på, og det har handla om ambulansetilbodet både til sjøs, i lufta og på land.

Det var soleis med meir enn undring me registrerte klinikkdirektør Tore Dvergsdal si saksutgreiing til styremøtet i helseføretaket torsdag. Der går det fram at kostnadene med ambulansetenesta i dette fylket vil auka så mykje dei komande åra at Helse Førde ikkje har økonomi til å bera det.

Det står så, svart på kvitt og dette heng ikkje på greip.

Og det blir ikkje betre av klinikkdirektøren si forklaring til nrk.no om kvifor det har vorte slik. Han peikar nemleg på at det har vore store omveltingar både innanfor kommunikasjon, kompetansekrav til tilsette og «andre ting».

Skulle betre kommunikasjon vera eit problem?

Er det slik at dei som leiar dette helseføretaket ikkje verken har forstått eller teke høgde for, at ein konsekvens av sjukehusraseringa måtte gje auka utgifter til ambulansetenesta? Har dei ikkje budsjettert med dette?

Og eit anna moment som nesten ikkje er til å tru i dagens Helse-Noreg: Det er visstnok slik at i eit grisgrendt fylke som vårt er det fare for at ambulanse­personellet ikkje får nok trening og øving etter dagens kompetansekrav. Det er for få utrykkingar, rett og slett.

Kompetansekrava til ambulansepersonell er med andre ord slik at distrikta – som har størst behov for ambulanse sidan avstanden til nærmaste sjukehus ofte er stor, ikkje kan ha ambulanse fordi kompetanseøvinga ikkje er omfattande nok.

Det pussige er at akkurat medan denne leiarartikkelen blir til, kjem følgjande e-post inn frå direktør Herlof Nilssen i Helse Vest: «Helse Vest landar 2012 med det beste resultat nokon gong. Måla for dei fem neste åra er klare: god samhandling, ingen fristbrot og kortare ventetid. Og først og fremst: Enda tryggare pasientbehandling».

Kan nokon utdjupa?

Ikkje spesielt betryggjande

Laurdag fortalde Sogn Avis om to dramatiske situasjonar som oppstod medan og etter at Dagmar hadde herja som verst med fylket. I begge tilfella handlar det om pasientar som ikkje kom fram, eller brukte det som må karakteriserast som heilt uforsvarleg lang tid, på å koma fram til sjukehus.

Me kan berre ana korleis foreldra til den fire veker gamle babyen, som vart sendt ut på ei rundreise utan sidestykke, må ha hatt det. At dei måtte oppleva å bruka heile 11 timar frå Kaupanger til Førde sjukehus med ein liten, sjuk baby er ikkje enkelt verken å forstå eller akseptera.

Foreldra sit att med mange spørsmål etter denne hendinga, noko som er svært lett å forstå. For heilt openbert vart det gjort ein del vurderingar som i beste fall er diskutable. Planen om å bruka ein hjullastar for å frakta ein liten sjuk baby og mor hans, gjennom eit område der det framleis var stor skredfare, er nesten ikkje til å tru.

Og kva var det dei ansvarlege tenkte på då ambulansebåten med den vesle guten om bord vart omdirigert til Lånefjorden for på plukka opp passasjerar som sat i ein innesperra bussen. Passasjerane hadde ikkje fått melding om dette, viste det seg så det vart bomtur.

Det er heller ikkje heilt enkelt å forstå kvifor verken Voss eller Haukeland Sjukehus var eit alternativ denne dagen. Og berre så det er sagt hadde dette skjedd for ti år sidan, hadde guten fått det bra på fødeavdelinga på Lærdal sjukehus…

Dagen før den vesle babyen var send ut på denne rundreisa, opplevde 72 år gamle Berit Reppen i Sogndalsdalen å ikkje koma seg til sjukehus i det heile. Heldigvis viste det seg at hennar hjarteproblem ikkje var alvorleg, men kva om det hadde vore det? Beredskapen hadde ikkje vore betre om sjukdomen hadde vore meir akutt.

Til liks med mange andre etter denne stormen, er Reppen fortvila over korleis beredskapen er når uvêret slår til. Ho peikar på kor viktig det er å behalda eit oppegåande sjukehus i Lærdal.

Me konstaterer at Helse Førde sjølv meiner dei gjorde forsvarlege vurderingar i desse sakene. Noko anna ville vore overraskande. Men fleire spørsmål står likevel att. Me skal nøya oss med eitt: Kan det vera rett å bruka ein ambulansebåt til persontransport når liten ein baby er så dårleg at han må ha oksygentilførsel?

Det er i så fall ikkje spesielt betryggjande vurderingsevne hjå dei som sit og skal vurdera slik.

Langreist mat

I snart eitt år har pasientane på Lærdal sjukehus levd på langreist mat. Det vart åtvara frå fleire hald mot nedlegging av kjøkenet på sjukehuset, som var populært etter å ha levert god, og ikkje minst næringsrik mat i mange år.

Mesteparten av maten som pasientane i Lærdal no får, blir laga i Førde og køyrd langs landevegen til Lærdal. Men det blir hevda at potetene blir kokte i Danmark og vakuumpakka før dei blir sende ut på si lange reise til Indre Sogn.

Etterverknadene av Dagmar gjorde at verken poteter eller anna mat kom fram til Lærdal den 28.12. Då måtte personalet på sjukehuset improvisera og laga graut. Det var graut eller ingenting til pasientane denne dagen.

Direktør for intern service i Helse Førde, Torstein Solset, er klar på at det til ei kvar tid skal vera beredskap for å takla situasjonar som den i romjula, i både ein og to dagar. Med andre ord graut er greitt!

direktøren seier vidare at han prøver å koma behovet ute på dei ulike institusjonane i møte, og at han høyrer på dei som klagar. Han hevdar også at det kjem positive tilbakemeldingar.

Dette står i grell kontrast til det nyss utskrivne Kari Grøtte fortel. Etter tre veker som pasient på sjukehuset i heimbygda, er hennar dom over maten som blir servert der no, knusande. Maten er smaklaus, generelt dårleg og verst av alt ikkje så næringsrik som den burde vera.

Og Grøtte tykkjer det er heilt forkasteleg at dei tilsette på eit sjukehus med fullt utstyrt kjøken, må seia til pasientane at når Kjøsnesfjorden er stengd då er det berre graut som gjeld.

Me har for lengst innsett at det er vanskeleg å nå fram til Helse Førde med kritikk, og at det er nesten heilt uråd å få helseføretaket til å revurdera noko som helst. Men det er heilt openbert at standarden på den langreiste maten, ikkje er i nærleiken av å halda den kvalitet som pasientar treng for å bli friske att. Kari Grøtte har heilt rett når ho meiner dei ansvarlege må ta tak i dette, og revurdera ordninga med langreist sjukehusmat.

Me les at direktør Solset hevdar at han fått positive tilbakemeldingar frå pasientar på maten som blir servert. Desse pasientane skulle me gjerna ha prata med. Kan de vera så snille å ta kontakt med Sogn Avis?

Tre år lang ventetid

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Sigmund Øvstetun frå Øvre Årdal visste ikkje om han skulle tru sine eigne auge då han mottok innkalling til nevrologisk poliklinikk ved sentralsjukehuset i Førde. Det var nemleg gått nesten på dagen tre år sidan fastlegen hans søkte om ei undersøking ved nemnde poliklinikken. Øvstetun var 72 år då denne søknaden vart send, han hadde runda 75 då svaret frå Førde omsider kom.

Men tru det eller dei – den tre år lange ventetida er eigentleg ikkje det verste i denne saka. For då Sigmund og kona hans Dagrun Juvik bestemte seg for å nytta timen Sigmund endeleg var tildelt i Førde tre år etter at søknaden vart sendt, viste det seg at sentralsjukehuset mangla det utstyret som var nødvendig for å gjennomføra denne undersøkinga.

Her makta altså sjukehuset det kunststykket å kalla inn ein pasient til ei undersøking dei ikkje kunne gjennomføra tre år etter at søknaden om undersøkinga vart send. Er det nokon som har høyrt om noko liknande? Sigmund måtte uansett returnera til Øvre Årdal med uforretta sak etter 13 timar på reise, men han hadde med seg ny time – allereie den 20. april.

Me føreslår at Sigmund ringjer til sjukehuset i Førde den 19. april for å høyra om utstyret og kompetansen som krevst, er tilgjengeleg slik at han unngår nok ein bomtur.

På toppen av alt dette kjem stadfestinga på det mange lenge har trudd, det er som oftast kor spisse albogar du har som avgjer når du for plass på sjukehus. Det var i alle fall meldinga Sigmund og kona fekk då dei kom til sjukehuset og spurde på avdelinga om korleis det kunne ha seg at dette hadde teke så lang tid. svaret dei fekk var at dei truleg ikkje hadde masa nok. Dei som ikkje masar blir skyvd bakover i køen, var forklaringa.

Klinikkdirektør Arve Varden avviser at det slik at dei som masar for plass før dei som ikkje masar. Det må han sjølvsagt gjera, på same måte som han sjølvsagt må seia at han skal rydda opp dersom nokon kan ha gitt uttrykk for slike haldningar. Me er redd for at det skal meir til enn ein liten oppklaringsrunde for å få folk flest til tru at det ikkje er slik at spisse albogar og evne til å masa har noko å seia i denne samanheng.

At kapasiteten til sentralsjukehuset skal vera så dårleg at nokon må venta i tre år på ei undersøking, er heilt uforståeleg. Og i same slengen må det vera lov å lura på korleis det kan ha seg at sjukehuset, som altså ikkje har hatt kapasitet på tre år, kallar inn denne pasienten til ein time der det viser seg at dei framleis ikkje har kapasitet?

Kom nesten heilt i mål

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Samferdsleutvalet i fylkeskommunen skal ha ros for at dei nytta absolutt første høve til å rydda opp i fadesen som er avdekt med sjukehusbussen for folk som bur i kommunar som Vik, Balestrand og Høyanger. Det er heilt uhaldbart at den sokalla sjukehusbussen frå Midtre Sogn stoggar på rutebilstasjonen i Førde og at pasientane som skal til sentralsjukehuset må ta ringbussen resten av vegen.

Frå fleire hald har det kome klar beskjed om at dette ikkje er akseptabelt. Då dei folkevalde i samferdsleutvalet handsama rutetilbodet i fylket frå 1. mai onsdag, skar dei gjennom og gjorde det rimeleg klart at denne bussen skal gå heile vegen til sjukehuset frå 1. mai. Det gjorde den same bussen tidlegare, heilt fram til eit eller anna gjekk riv ruskande gale i samband med ein eller annan budsjettrevisjon.

Truleg er det manglande folkevald styring som er forklaringa på at det kunne oppstå ein situasjon som er så meiningslaust dum som å stoppa ein etablert sjukehusbuss på ein rutebilstasjonen og overlata pasientar av alle slag til eit ringbusstilbod? Det er i alle fall ingen tvil om at politikarane viste ein bra porsjon handlekraft då dei fekk saka på bordet sitt.

Me registrerer at utvalsleiar Knut M. Olsen også legg opp til eit møte med Helse Førde for å diskutera framtidige løysingar når det gjeld denne type transport. Dei vil no sjå på tilbodet for heile fylket samla for å unngå liknande episodar i framtida. Dette er strålande og viser igjen at samferdsleutvalet både har mot og evne til å gjera noko når urimelegheiter blir avdekt.

Etter det me forstår vil det kosta fylkeskommune 23.000 kroner i året å frakta dei aktuelle pasientane dei ekstra kilometerane til sjukehuset. Det burde vera ein utgiftspost fylkeskommunen maktar utan at alt bryt saman. Så spørsmålet blir eigentleg kvifor ikkje sjukehusbussen like godt kan byrja å gå heilt fram alt frå komande måndag?

Det skulle kosta fylkeskommunen vel 3500 kroner å frakta pasientane frå midtre Sogn heilt fram til sjukehusdøra i dei vekene som er att fram til 1. mai. Det burde eigentleg gå bra det, også…