Viser arkivet for stikkord wittgenstein

Viktig for Wittgenstein

Fleire av dei fremste filosofane i verda tok hausten 2009 initiativ til å attreisa huset som Ludwig Wittgenstein i si tid sette opp ved Eidsvatnet på Skjolden. Initiativtakarane fekk den gongen solid støtte frå ei rekke forfattarar og kunstnarar, også her i landet.  

Sakte, men sikkert har det også gått opp for lokale krefter og ikkje minst – for dei lokale folkevalde – kor viktig dette prosjektet er.

Luster kommune har dei siste åra jobba målretta og godt for å få hand om hustufti ved vatnet. Sist veke kom dei eit svært viktig steg vidare. Då gjekk formannskapet endeleg inn for å løyva 250.000 kroner til dette føremålet.

Dette er sjølvsagt eit heilt avgjerande steg i prosessen for å få sett opp att huset etter den verdskjende filosofen på tomta, som har fått namnet «Austerrike» etter heimlandet til filosofen.

Mange sogningar kjenner godt til soga om den verdskjende filosofen, som var i Skjolden fleire gonger etter at han fekk reist den omtalte hytta i 1914. Wittgenstein sa ved fleire høve at det var ingen stad han jobba så godt som på Skjolden.

Det er soleis ingen tvil om at Skjolden og hytta ved Eidsvatnet spelte ein viktig, enkelte meiner – avgjerande, rolle i filosofen sitt arbeid.

No når kommunen endeleg har sikra seg eigedomsretten til den ti mål store eigedomen, er det lov å tru på at dette prosjektet kan realiserast. No har dei folkevalde i Luster formannskap i allefall lagt til rette for at dei eksterne kreftene, som står i brodden for attreisinga kan lukkast.

Under siste møte i formannskapet nytta politikarane også høvet til å rosa grunneigar Rune Fuglesteg for goodwillen han har vist ved å avstå dette arealet. Dette må reknast som eit kulturhistorisk klenodium i verdsformat.

Det står mykje arbeid att før hytta er atterreist på denne tomta. Ikkje minst må den eksterne gruppa få tilgang til det som er att av den gamle hytta, i det som i dag er eit feriehus i bygda. Me vil tru det vil vera lettare å få til no når tomta er klargjort.

Neste steg bør vera å vurdera om det bør etablerast eit besøkssenter og eit lokalt arkiv i tilknyting til ei atterreist hytte på tomta – og korleis dette eventuelt kan ordnast reint praktisk. Også dette vil det vera enklare å få til no når kommunen har avklart tomtespørsmålet.

Det er all grunn til å gratulera Skjolden med denne utviklinga.