Viser arkivet for stikkord båtskyss

Tok livet av vona om båtskyss

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Det er av sine eigne ein skal ha det, heiter det. Slik må Olav Ellingsen (Sp) og Marta Finden Halseth (Ap) tenkja nett no. Det var nemleg partia til dei to ordførarane, Senterpartiet og Arbeiderpartiet, som tysdag ettermiddag tok livet av vona om båtskyss mellom Aurland/Vik og skulestaden Sogndal i komande skuleår. Med fem mot fire stemmer sa fleirtalet i hovudutval for samferdsle nei då søknadene om båtskyss frå dei to kommunane vart handsama.

Tilrådinga til fylkestinget, som tek endeleg avgjerd i denne saka, er med knappast mogleg margin, og slik sett er det kanskje framleis nokon som har ei lita von til at dette kan gå likevel. Men kjenner me partipiskane i Arbeiderpartiet og Senterpartiet rett, er det liten – truleg ingen – sjanse for at det knappe fleirtalet blir utlikna og snudd i fylkestinget.

Slaget er dermed diverre tapt for elevane i Aurland og Vik, og etter vårt skjønn er det nokså ille for ungdomane i dei to kommunane.

Verst må det vera for elevane i Aurland og for Sp-ordførar Ellingsen. I inneverande skuleår har aurlendingane betalt busskyssen for elevane sine sjølv. Ei oppgåve som fylkeskommunen utan tvil er ansvarleg for. Og som fylkeskommunen for lengst har vedgått at dei skal betala. Det minste aurlendingane kunne venta til gjengjeld var eit år med prøveskyss på fjorden for å sjå om kostnadssida er så einsidig negativ som administrasjonen vil ha det til. Men også for vikjene er det sjølvsagt ille dersom eit tilbod, som har fungert så godt dette skuleåret, no skal fjernast.

Det er økonomiske omsyn som ligg bak Nils Støyva & Co i fleirtalet si vurdering for å seia nei til båtskyssen. Ifølgje administrasjonen vil båtskyss frå både Aurland og Vik kosta fylkeskommunen rundt 3,5 millionar kroner i året. Det skal vera rundt det doble av kva bussrutene vil kosta.

Samstundes merkar me oss at fleirtalet ikkje er interessert i å prøva ut det potensialet desse båtrutene, spesielt den på Aurland, kan ha i forhold til betalande passasjerar. I andre samanhengar blir det snakka om ei auka satsing på fjorden som transportåre, spesielt i reiselivssamanheng. Me trur at auka satsing på fjorden året rundt vil vera avgjerande viktig for utvikling av reiselivet i fram tida. I ein slik tankegang vil faste båtruter mellom Sogndal og Aurland/Flåm og Vik, men også andre stoppestader, vera ei satsing på utvikling – ikkje berre utgifter på fylkesbudsjettet. Sjølvsagt vil det vera enklare å få slike ruter opp og gå dersom skuletransporten låg i botn, og båtane må jo ikkje liggja i ro medan elevane er på skulen.

Det er ille at Sp og Ap ikkje evnar eller ynskjer å sjå dette.