Viser arkivet for stikkord dahle

Ap-kandidat under falsk flagg

Kommunevalet i Leikanger tok ei dramatisk vending då ein av Arbeiderpartiet sine kandidatar, Tobias Dahle, melde seg ut av partiet berre ein god time etter at vallokalet stengde. Me kan ikkje hugsa å ha verken høyrt eller lese om ein liknande oppførsel. Dette er i beste fall ufatteleg barnsleg, i verste er det å føra knappe 500 Ap-veljarar i kommunen fullstendig bak lyset.

Til Sogn Avis har Tobias Dahle ei forklaring for si utmelding, som ikkje heilt held vatn. Han hevdar at det vart gjort inngrep i teksten frå program- og nominasjonsmøtet i eit flygeblad som vart sendt ut til veljarane tidleg i september. Det handlar om eit samandrag av programmet som Ap i Leikanger gjekk til val på.

Dahle ville ha ei anna formulering, men vart på normal demokratisk måte nedrøysta i styret då dette var eit tema. Den dramatiske utmeldinga, ein time etter at valet var avslutta, handlar altså om korleis partiet formulerte seg i denne flygeblad, som vart sendt ut over ei veke før valet.

Men det som står i dette flygebladet er altså i det vesentlege henta frå det programmet som vart vedteke på nominasjons- og programmøtet den 9. mars. Det er med andre ord over eit halvt år sidan Leikanger Ap sitt program vart vedteke. Dersom Tobias Dahle var så fundamentalt usamd med fleirtalet på dette nominasjonsmøtet, at utmelding kunne bli eit alternativ, burde han sjølvsagt ha trekt seg frå Ap-lista med ein gong.

I staden har Dahle drive valkamp for Ap heilt fram til valet. Ingen av dei som røysta på denne lista, ante at ein av kandidatane var så djupt usamd med formuleringane i programmet at han ville vurdera å melda seg ut. Det kan ikkje vera nokon tvil om at veljarane, som har røysta på Ap i Leikanger, er førte bak lyset. Partiet som eigentleg fekk sju mandat sit att med seks, etter at Dahle i praksis har lurt seg inn til ein plass i kommunestyret under falskt flagg.

Dette er ein heilt uakseptabel oppførsel av ein person som skal vera folkevald i dei komande fire åra. Og det er ein framgangsmåte som bidreg til å skapa politikarforakt. Korleis stola på slike politikarar?

Spaninga i samband med konstitueringa av Leikanger kommunestyre no, er om Tobias Dahle si utmelding meir enn noko blir ein dolk i ryggen på sitjande ordførar Olav Lunden. Spørsmålet er om dei andre politiske partia er kyniske nok til å vera med på eit slikt spel. I skrivande stund er det framleis eit ope spørsmål.