Viser arkivet for stikkord dommar

På tide å vurdera ulike aldersgrenser

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Ragnar Åmot har passert 52 år og får ikkje lenger lov å dømma lokal 3. divisjonsfotball. Dette har ingenting med Ragnar Åmot sine personlege eigenskapar å gjera – nei, mannen fyller rett og slett 53 år i år. Sogn og Fjordane fotballkrins har i sitt regelverk bestemt at då er du for gamal til å klara å følgja med på det som går føre seg i ein 3. divisjonskamp.

Det einaste som kan opna for at Åmot – eller andre på hans alder, får bruka fløyta på dette nivået er at ein av dei ordinære domarane i 3. divisjon må melda forfall. Men innimellom kan det henda at Åmot, og andre eldre herrar, kan observerast på sidelinja med flagg. Linjemann er dei nemleg framleis unge nok til å vera.

Ragnar Åmot har aldri vore kjent for å brenna inne med sine synspunkt. Heller ikkje no. I Sogn Avis sist laurdag gjekk 52-åringen ut med knallhard kritikk mot fotballkrinsen. Han kjenner seg rett og slett diskriminert på grunn av alderen. Han peikar på at det ikkje er lov å diskriminera folk i dette landet med omsyn til kjønn, alder, hudfarge, religion eller livssyn.

Det kan vera at Åmot dreg det litt langt når han hevdar at han blir diskriminert, men me har ingen vanskar med å forstå hans synspunkt. Me har tvert i mot stor forståing for reaksjonen og tykkjer det er på høg tid at aldersgrenser som dette blir vurdert på nytt. Og då ikkje berre når det gjeld fotballdømming. Det er også fleire andre yrkesgrupper som burde få justert sine aldersgrenser, den eine eller den andre vegen.

Det er i alle fall ingen logikk i at ein mann ikkje kan dømma i lokal 3. divisjon, men køyra ein buss full med skuleungar i mange år etter at domargodkjenninga går ut. Det er heller ingen spesielt fornuftig forklaring i 2009 på at politifolk i aktiv teneste må gå av med pensjon når dei er 57 år.

Men i denne samanhengen handla det altså om noko så prosaisk som å dømma lokale kampar i 3. divisjon. Denne aldersgrenseregelen må etter vårt skjønn ha overlevd seg sjølv. Det er på høg tid å innføra eit anna system, slik at domarar som ynskjer og er fysisk i stand til det, kan få halda fram også etter at dei er blitt heile 53 år gamle.

Ein måte kunne jo vera å innføra ein ekstra fysisk alderstest framfor kvar sesong som ville kunne avsløra om så vaksne karar er i stand til denne jobben eller ikkje. Kontroversielle regeltolkingar som domarar gjer kvar einaste helg, og som provoserer både spelarar, publikum og andre på langt høgare nivå enn i denne fotballkrinsen, har fint lite med alder på domaren gjera.