Viser arkivet for stikkord eldreomsorg

Eldre, sjuke og omsorg

Kommunalminister Liv Signe Navarsete har vore på studietur til Danmark for å læra om Fredericia-modellen. Det er danskane sin suksessmodell for ei ny og moderne eldreomsorg. Etter at kommunen Fredericia starta opp dette prosjektet i 2008, har nær alle andre danske kommunar følgt etter.

Bakgrunnen for prosjektet var ein altfor stor utgiftsvekst grunna eit veksande tal eldre og dermed også mangel på arbeidskraft i omsorgssektoren. Eit hovudmål med den danske modellen er å setja eldre i stand til å bu heime lenger, å bli sjølvhjelpne rett og slett. Sjølv skrøpelege 90-åringar trenar no på å klara seg best mogeleg på eiga hand i Danmark.

Liv Signe Navarsete meiner at Noreg ikkje er i stand til å handtera den komande eldrebølgja utan drastiske tiltak. I praksis seier ho at me bør følgja etter danskane. Eldre nordmenn må rett og slett øvast opp til å klara seg sjølve lenger. Dei må trena meir. Til Aftenposten har Navarsete sagt at Velferdsstaten har virka passiviserande på mange eldre.

Det kan ikkje vera særleg tvil om at den danske modellen kan ha mykje for seg for dei som er friske.

Men Det har kome fleire innvendingar mot å innføra ein modell som dette. Først og fremst er frykta at dette vil råka sjuke eldre. Det er ein reell fare for at dei sjuke vil merka det dersom fokus og ressursar skal aukast for å gjera dei friske sprekare.

Det er nemleg ikkje alle som kan gjera noko med at dei er sjuke. Eller førebyggja eller trena. I Sogn Avis i går fortalde systrene Randi Marie Tandle og Frida Kyllingstad ein sterk og gripande historie om far sin. Han var utsett for ei alvorleg ulukke for snart eitt år sidan, og er i dag heilt pleietrengjande, berre 62 år gamal. Etter mykje att og fram har han fått eit mykje betre liv etter at han vart flytta til Gaupne Omsorgssenter, som ligg ein fem minuttars trilletur med rullestolen unna heimen.

No kan samhandlingsreformen tvinga 62-åringen til å bli flytta til eit anna omsorgssenter langt unna, for at kommunen skal tilfredstilla krava i reforma. Livskvaliteten vil bli kraftig forringa.

Fredricia-modell eller ikkje, til sjuande og siste handlar det om å sjå enkeltindividet sine behov og mulegheiter. Greitt nok at mange eldre kan trena seg friskare, men samstundes må me makta å gjera det best mogeleg for dei som ikkje kan det. Når det gjeld far til søstrene Tandle må han sjølvsagt få bli der han er no samhandlingsreform, Fredricia-modell eller kva det no blir kalla.