Viser arkivet for stikkord fjøslatin

Kampen mot «fjøslatinen»

Fylkestinget har samrøystes vedteke å medverka til at det blir etablert eit nynorsk forum i Sogn og Fjordane. Dette forumet skal mellom anna ha som oppgåve å fremja ein språkpolitisk debatt. Det kan ikkje vurderast som anna enn eit bra og velmeint tiltak.

Men så skulle det også berre mangla om ikkje eit nynorskfylke som vårt stilte seg i bresjen for språkkampen, som går føre seg kvar einaste dag. Akkurat slik fylkesordførar Åshild Kjelsnes gjorde i sin opningstale til fylkestinget tysdag.

Der synte ho ambisjonar om at fylket skal skaffa seg ein meir sentral posisjon i dei nasjonale, nynorskpolitiske miljøa. Frå fylkeskommunen si side er det soleis eit mål å forankra forumet breitt og på tvers av sektorar som kommunane, utdanningsinstitusjonane, næringsorganisasjonar, arbeidstakarorganisasjonar og media.

Dette er eit stort og viktig arbeid som vil krevja både interesse og stort engasjement frå fleire enkeltindivid. Me er trygge på at fylkestinget har valt sin best mogelege kandidat i så måte.

Lærdølen og målmannen Jan Olav Fretland (SV) blir deira sin representant. Då kjem det ikkje til å vanta verken klare standpunkt eller engasjement.

Allereie då han hadde ordet under tingseta gjekk Fretland ut mot delar av den skriftlege framstillinga, som me opplever i det offentlege byråkratiet. Fretland konstaterte, heilt treffande og presist, at nynorsk lett kan bli uforståeleg, om ein bind seg for mykje opp i fagorda, eller «fjøslatinen» som han kalla det.

Fretland strekar under kor viktig det er at me brukar målet vårt rett, me som skriv nynorsk. Og i arbeidet med å gjera Sogn og Fjordane til nynorskfylke nummer ein, må det sjølvsagt ventast at byråkratane herifrå gjer som Fretland ber om – lærer seg og nyttar ein forståeleg nynorsk.

Og ikkje minst må folkevalde og administrative organ i fylkeskommunen og i dei ulike kommunane, vera meir medvitne på ansvaret dei har for den nynorske målforma.

Eit språkmedvite fylkesting vedtok også at fylkeskommunen skal bidra til å markera Språkåret 2013, når det også er 200 sidan Ivar Aasen vart fødd. Det er vel og bra og dessutan godt eigna til å visa fram at ein held seg med eit Nynorsk forum i dette fylket. Men den daglege kampen er det viktigaste. Jan Olav Fretland sin måte å angripa utfordringane på lovar godt.