Viser arkivet for stikkord fjord1

På tide å vakna Fjord1

Sist laurdag dokumenterte Sogn Avis at Fjord1 ikkje akkurat er godt førebudde på at det kjem turistar til verdsarvferjene mellom Gudvangen og Flåm før 1. mai. Eller rettare sagt, mykje tyder på at konsernet ikkje kjenner til at turistsesongen i indre delar av fylket er i tilnærma full gang lenge før 1. mai.

For i praksis kjem det turistar til Sogn heile året. Og fleire og fleire i det både reiselivsselskapa og – trudde me – Fjord1 har karakterisert som skuldersesongen.

Det er nesten ikkje til å tru at Fjord1, som har frakta folk og fe att og fram over fjordane i dette fylket i mange generasjonar, ikkje har fått med seg at den moderne turistsesongen varar lenger, mykje lenger, enn frå 1. mai til 31. august.

På ein av dei største turistattraksjonane her i landet, Nærøyfjorden – gjekk det den siste laurdagen i april ei turistferje med ein service og eit tilbod som må karakteriserast som katastrofalt dårleg. Det vil seia – den servicen dei tilsette om bord i ferja ytte, var så god som den kunne bli. Det er ikkje mannskapet sin feil at Fjord1 ikkje hadde sytt for å både auka bemanninga og ikkje minst – opna eit tilbod i kafeen som samsvarar med det som er naturleg å venta i 2012.

Ansvaret for kva tilbod passasjerane skal få ligg lenger oppe i systemet enn om bord i den enkelte ferja, om det no gjeld tilbodet på turistferjene i Nærøyfjorden eller mellom Hella og Dragsvik, til dømes. Og dette ansvaret er det på høg tid at nokon lenger oppe i systemet snart tek.

Det er heilt uakseptabelt at det i april gjekk ferjer i trafikk på Nærøyfjorden utan eit skikkeleg og heilskapleg tilbod til dei mange passasjerane. For det var mange passasjerar om bord. Mange var komne frå andre sida av jordkloden til Noreg for, mellom anna, å oppleva verdsarva i Nærøyfjorden. Det går rett og slett ikkje an av ein seriøs aktør å behandla turistar slik.

Og sidan tilbodet Norway in a Nutshell var godt i gang, måtte Fjord1 kjenna til at det ville vera mange turistar. Etter vårt skjøn bør Fjord1 opna eit fullt tilbod om bord i ferjene når sesongen startar.

Men ifølgje Sivert Bakk i Flåmsbana er det ikkje berre Fjord1 som søv i timen. Også reiselivsbedrifter på land er seine med å utvida tilbodet i takt med ein veksande etterspurnad i den sokalla skuldersesongen.

Det er på høg tid at dei som driv innanfor denne bransjen tek seg sjølve i nakken og etablerer eit tilbod som ein region som vår, i eit land som Noreg, kan vera kjent av. Vil me ha turistar før 1. mai og etter 31. august, må det også vera eit tilbod til dei!