Viser arkivet for stikkord fjordane

Kunnskap og samhandling

Det er snart to år sidan sentrale aktørar tok initiativ til prosjektet «Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane. Eit bra og eit viktig prosjekt, som skal bidra til langsiktig økonomisk vekst, slik at det kan bli verande for folk i dette fylket, også i komande generasjonar.

Sluttrapporten frå gruppa vart presentert denne veka. Den peikar på konkrete felt det bør setjast inn ressursar på å utvikla. Hovudkonklusjonen er at mykje må bli betre om me skal lukkast. Det stemmer sikkert, men me saknar samstundes referansar til det som faktisk går bra til og med svært bra. For det skjer, i eit fylke som, etter vårt skjøn, alt for ofte blir alt for stakkarsleggjort.

Dr. oecon, Inge Jan Henjesand frå Sogndal skriv følgjande i sin gode kronikk om emnet : «For å kompensere for liten størrelse og andre ulemper må man utnytte synergier gjennom samhandling». Henjesand trur det er her skoen trykkjer mest, dersom me skal lukkast med å gjera fylket attraktivt å bu og jobba i.

Dette er sjølvsagt eit heilt vesentleg poeng. Dei som vil sjå dette i praksis kan ta seg ein studietur til Fosshaugane Campus. Ja dei kunne kanskje byrja med å sjå på korleis den vesle bygdi utvikla seg til å bli ein maktfaktor i norsk fotball. Og ikkje minst korleis anleggsutbygginga har gått føre seg frå det starta med tribunebygget i 198788, via Storhallen på 90-talet til den gigantiske utbygginga som no snart blir sluttført.

Viss ikkje dette er å «kompensera for liten storleik og andre ulemper med å utnytta synergiar gjennom samhandling», så veit ikkje me.

Men òg det er også eit poeng som vår spaltist Georg Arnestad ber fram i dagens Innhogg eigentleg handlar det mest om enkeltindividet. Om kremmaren, som torer og som satsar der andre sit i ro.

For me treng fleire av det slaget. Og spørsmålet me kanskje først burde stilla er korleis me legg forholda til rette for at dei som er slik laga, kjem opp og fram. Eller er det nettopp det at me ikkje legg til rette for dei, som gjer at dei som til slutt likevel kjem fram blir så gode som dei faktisk er sjølv om dei kjem frå dette stakkarslege fylket?

Mest av alt handlar det om å tru på oss sjølve, det me står for og det me har å by på. Og satsa på det me kan bli best på. For eit par-tre år sidan var det ikkje så mange som trudde at det ville koma over 250 personar på eit seminar om skredvarsling ein onsdagskveld i Sogndal.

På tide å vurdera ulike aldersgrenser

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Ragnar Åmot har passert 52 år og får ikkje lenger lov å dømma lokal 3. divisjonsfotball. Dette har ingenting med Ragnar Åmot sine personlege eigenskapar å gjera – nei, mannen fyller rett og slett 53 år i år. Sogn og Fjordane fotballkrins har i sitt regelverk bestemt at då er du for gamal til å klara å følgja med på det som går føre seg i ein 3. divisjonskamp.

Det einaste som kan opna for at Åmot – eller andre på hans alder, får bruka fløyta på dette nivået er at ein av dei ordinære domarane i 3. divisjon må melda forfall. Men innimellom kan det henda at Åmot, og andre eldre herrar, kan observerast på sidelinja med flagg. Linjemann er dei nemleg framleis unge nok til å vera.

Ragnar Åmot har aldri vore kjent for å brenna inne med sine synspunkt. Heller ikkje no. I Sogn Avis sist laurdag gjekk 52-åringen ut med knallhard kritikk mot fotballkrinsen. Han kjenner seg rett og slett diskriminert på grunn av alderen. Han peikar på at det ikkje er lov å diskriminera folk i dette landet med omsyn til kjønn, alder, hudfarge, religion eller livssyn.

Det kan vera at Åmot dreg det litt langt når han hevdar at han blir diskriminert, men me har ingen vanskar med å forstå hans synspunkt. Me har tvert i mot stor forståing for reaksjonen og tykkjer det er på høg tid at aldersgrenser som dette blir vurdert på nytt. Og då ikkje berre når det gjeld fotballdømming. Det er også fleire andre yrkesgrupper som burde få justert sine aldersgrenser, den eine eller den andre vegen.

Det er i alle fall ingen logikk i at ein mann ikkje kan dømma i lokal 3. divisjon, men køyra ein buss full med skuleungar i mange år etter at domargodkjenninga går ut. Det er heller ingen spesielt fornuftig forklaring i 2009 på at politifolk i aktiv teneste må gå av med pensjon når dei er 57 år.

Men i denne samanhengen handla det altså om noko så prosaisk som å dømma lokale kampar i 3. divisjon. Denne aldersgrenseregelen må etter vårt skjønn ha overlevd seg sjølv. Det er på høg tid å innføra eit anna system, slik at domarar som ynskjer og er fysisk i stand til det, kan få halda fram også etter at dei er blitt heile 53 år gamle.

Ein måte kunne jo vera å innføra ein ekstra fysisk alderstest framfor kvar sesong som ville kunne avsløra om så vaksne karar er i stand til denne jobben eller ikkje. Kontroversielle regeltolkingar som domarar gjer kvar einaste helg, og som provoserer både spelarar, publikum og andre på langt høgare nivå enn i denne fotballkrinsen, har fint lite med alder på domaren gjera.

"Huset i bygda" framleis viktig

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Gjennom prosjektet «Huset i bygda» har Sogn og Fjordane Ungdomslag von om å løfta fram og styrka dei organisasjonseigde kulturbygga i Sogn og Fjordane. Rundt om i dei fleste bygdelaga – ja, i realiteten samtlege, står det eit gamalt ungdomshus. Mange er heldigvis framleis i bruk, men ein god del er i ferd med å blomstra av, diverre.

Slik er ungdomslaget sitt prosjekt kjærkome og viktig, og for mange kjem det kanskje i grevens tid – forhåpentlegvis tidsnok til å bremsa forfallet som enkelte stader er kome langt.

Det er liten tvil om at ungdomslaget i fylket har heilt rett når dei peikar på at ungdomshusa våre er svært viktige kulturminne. Dette dokumenterte Sogn Avis i ein større reportasjeserie om ungdomshusa i Sogn sommaren 2007. Spørsmålet i 2009 er kor lenge påstanden om at ungdomshusa framleis er viktige sosiale møtestader vil vera korrekt. I mange bygdelag er det heldigvis slik framleis, men vårt inntrykk er at dei faste brukarane av ungdomshusa ikkje akkurat blir yngre.

Gjennom prosjektet «Huset i bygda» skal ungdomshuset, grendehuset eller samfunnshuset (kjært barn har mange namn) nettopp bli styrka som ein sosial møtestad. Ungdomslaget ynskjer å attreisa desse forsamlingshusa som ein viktig arena for utøving av kultur og som eit levande kulturminne.

Visjonane om å gje «frittståande og organisasjonstilknytte lag som eig og driv kulturbygg nye verktøy og ny glød i arbeidet med å skape moderne og framtidsretta kulturbygg», er sjølvsagt både prisverdig og viktig. Spørsmålet er meir kva type «verktøy» det kan vera snakk om, og korleis dei som er i aldersgruppa som deler namn med ungdomshusa, skal venda attende.

Sist helg gjekk Kulturhuskonferansen av stabelen i Underdal Ungdomshus i Aurland. Dette markerte og startskotet på prosjektet «Huset i bygda». Målet for ungdomslaget er å gjera medlemmane endå meir stolte av ungdomshusa og at alle laga skal bli flinkare til å visa fram desse husa. Det er vel og bra sjølvsagt, men neppe nok til å dra dei store ungdomsmassane innomhus.

Her har Sogn og Fjordane Ungdomslag framleis ein stor jobb å gjera, men dei skal ha mykje ros for at dei set fokus på framtida for dei mange forsamlingshusa rundt i bygdene. Slike prosjekt kan utvilsamt vera med på å styrkja den lokale identiteten og samkjensla, noko det utvilsamt kan vera trong for i ei tid der mange kanskje «snakkar» like ofte med nettvennen på andre sida av kloden som naboar i grannelaget.