Viser arkivet for stikkord fjorden

Endeleg samla rundt fjorden

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Under Sogn regionråd sitt møte på Bestebakken på Hafslo tidlegare i vinter vart våre lokalt folkevalde oppmoda til å sjå på fjorden som ein felles ressurs, ikkje som eit hinder for kommunikasjon. Fjorden er – historisk sett – sjølve kommunikasjonen vår. Det er fjorden vår – den lengste i verda (der det er busett folk) – folk flest rundt omkring i verda først tenkjer på når nokon seier «Norway».

Ufatteleg nok har me i sogneregionen utvikla eit rimeleg suksessfylt reiseliv, på trass av at dei aktørane som driv i denne bransjen ikkje på noko vis har vore flinke til å samarbeida om korleis denne eigentlege kommunikasjonsåra mellom oss skal og bør nyttast. Fjorden har, lokalt, vore meir opplevd som eit stengsel – medan nesten alle som kjem hit, kjem nettopp på grunn av den.

No har reiselivet i Sogn, i alle fall frå det me kallar midtre Sogn og innover, omsider innsett at dei må samarbeida på tvers av fjorden og kommunegrenser og eventuelle andre stengsler som måtte vera. Målet for eit nytt og stort samarbeidsprosjekt som er lansert, er å skapa eit utvida turisttilbod på fjorden. Eit tilbod av eit omfang og format slik at det på sikt kan betala seg sjølv.

Dette er strålande tankar og etter vårt skjønn den beste av alle måtar å vidareutvikla reiselivstilbodet på og ved verdas vakraste fjord på. Det avgjerande er sjølvsagt at ein klarar å løfta tilbodet på fjorden til å bli så bra at det kan stå på eigne bein, vera økonomisk sjølvberga så og seia. Eit slikt tilbod kan ikkje gjerast avhengig av årlege tilskot. Og det handlar om å utvida sesongen. Det må vera fullt tilgjengelege tilbod for turistar både på fjorden og på land i alle fall frå mai og ut heile september.

Ulike aktørar har i vinter jobba iherdig med å skaffa materiell og midla til å sikra eit bra rutetilbod på fjorden også i skuldersesongane. Dette skal dei ha lukkast med og det er eit bra steg på vegen.

Men det må meir til og i ein oppstartingsfase trengst det økonomisk draghjelp av stort format. Samarbeidsprosjektet gjer no ein freistnad på å skaffa seg tilgang til den rimeleg velfylte kassen til Nasjonale Turistvegar. Det er ein fornuftig og logisk tankegang. Sjølvsagt må også sjølve fjorden inn som ein del av dei Nasjonale turistvegane, det er jo fjorden som bind vegane saman.

Dersom det finst midlar til å byggja eit skaberakkel av eit betongteppe på utsikta av Gaularfjellsvegen, må det finnast midlar til å løfta fjordtilbodet fleirfoldige hakk. Me ynskjer dei samarbeidande reiselivsaktørane lukke til med sitt svært viktige oppdrag.

Eit prisverdig engasjement

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Sogn regionråd har med støtte frå fylkeskommunen sett i gang eit forprosjekt, Leidang, som skal leggja til rette for berekraftig bruk av fjorden. Målsetjinga er at vår felles kulturarv, som er knytt til fjorden, skal vidareførast og takast vare på for komande generasjonar. Eit viktig element i så måte er å ta vare på våre stolte båtbyggjartradisjonar.

Bygging av sognebåtar skal stimulerast og – på litt sikt – er det tanken å få meir aktivitet ute på Sognefjorden gjennom å stabla på beina ein heil liten flåte av sognebåtar. Desse skal byggjast på tradisjonelt vist, tett med fjorden, slik dei gjorde det, dei gamle båtbyggjarane Andreas Torkelsen, Johan Høl, Svein Henjesand og alle dei andre som heldt båtbyggjartradisjonen ved like, men som no er borte.

Når denne flåten er etablert, er det meininga at båtane skal leigast ut. Vona er at denne aktiviteten på fjorden blir så stor at både regionrådet sjølv og dei involverte kommunane finn grunnlag for at dette forprosjektet kan bli noko permanent.

Dette er etter vårt skjønn eit forprosjekt som fortener all den støtte det kan få. Det er også verdt å merka seg at dei gamle båtbyggjartradisjonane er ivaretekne og no blir vidareført av båtbyggjarar som gjekk i lære hjå Johan Høl. Terje Planke og Svein Erik Øyer er to av desse.

Etablering av den omtalte flåten med sognebåtar er alt godt i gang. John R. Jacobs har tenkt å etablera eit båtbyggjarsenter i Sogn. Jacobs er inne i sitt siste år som båtbyggjarlærling og han er full av lovord om sognebåten. Han peikar til dømes på at Sognebåten har halde seg uendra gjennom fleire hundre år og at den såleis er ei kulturarv av det heilt spesielle slaget. Det faktum at to av dei fem vikingskipa som vart funne i Roskilde i Danmark er bygde i Sogn, seier litt om kva tradisjonar denne båtbyggjarkunsten er tufta på.

Sogn regionråd og initiativtakarane bak forprosjektet, er heldige at det finst entusiastar som John R. Jacobs som faktisk har seriøse og konkrete planar om å etablera eit kompetansesenter for sognebåten i området Leikanger – Kaupanger. Her skal båtane byggjast og her tenker Jacobs seg å ta inn lærlingar som kan føra dei stolte båttradisjonane vidare. Det er eit svært prisverdig og viktig engasjement.

Det er sjølvsagt praktiske og økonomiske hinder på vegen mot etableringa av eit slikt senter. Me vonar det let seg gjera å finne eigna lokale i Sogndal eller Leikanger slikt at dette kompetansesenteret kan realiserast snarast mogeleg. Ja, eigentleg burde det vel vera kamp mellom dei to nabokommunane om å få kompetansesenteret.