Viser arkivet for stikkord flytilbod

Uaksetabelt av Widerøe

Dei siste vekene er flytilbodet frå Sogndal Lufthamn til Oslo vorte monaleg forverra. Over natta – og utan forvarsel – endra Widerøe rutetilbodet mellom Sogndal og hovudstaden frå 1. april. Direkteruta frå Sogndal klokka 13.50 midt på dagen går no via Sandane. Det medfører mykje lenger reisetid for sogningane.

Det er ille og dessutan er dette eit klart brot på anbodskrava til Widerøe. Kravet er fire daglege direkteavgangar frå Sogndal til Oslo. Talet er no nede i tre, etter at Widerøe har endra direkteavgangen klokka 13.50 til å gå via Sandane.

Dette har både Sogn regionråd og ordførarane i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap) og Luster, Ivar Kvalen (Sp) reagert på. Dei to sistnemnde var nyleg ute i Sogn Avis med kraftig kritikk mot dette svært merkbare kuttet i rutetilbodet frå Sogndal.

Reisetida blir meir enn dobla når den tidlegare så populære direkteavgangen klokka 13.50 først skal setja snuten nordover til Sandane, for så å flyga attende same vegen til Gardermoen. Og som om ikkje dette er nok, råkar denne omlegginga også returtilbodet frå Oslo til Sogndal om ettermiddagen.

Sogndal lufthamn har hatt ein fin trafikkvekst dei siste månadene. Og dersom denne veksten held fram, kan lufthamna passera 50.000 lokale reisande i år. Det er liten tvil om at 13.50-avgangen fram til 1. april betydde mykje for den positive utviklinga i passasjertalet.

Sogningane har solid støtte for sitt syn i denne saka. Også når hovudutval for samferdsle i fylkeskommunen får saka på sitt bord i morgon. I si tilråding skriv fylkesrådmannen at fylkesutvalet ikkje kan akseptera at Widerøe bryt krava i anbodet til fire direkte avgangar mellom Sogndal og Oslo. I tilrådinga blir Widerøe oppmoda om å vurdera andre løysingar som ikkje medfører lengre reisetid til Oslo og utsett retur på det eine av to ettermiddagsfly frå Oslo til Sogndal.

Dette er sjølvsagt verdfull støtte for dei som arbeidar for ei betre flytilbod over Sogndal Lufthamn.

Sogningane har i fleire år jobba for å få eit betre rutetilbod, ikkje minst med eit nattstasjonert fly på Haukåsen. Og frustrasjonen er svært stor over at dei i staden for å få gjennomslag for dette kravet ser at flyselskapet bryt anbodskravet og omgjer ein av direkteavgangane til ein rundt via Nordfjord.

Du må truleg vera ordførar i Gloppen for å ikkje forstå at dette er provoserande og heilt uakseptabelt frå Widerøe. Dette må endrast på, snarast!