Viser arkivet for stikkord fotball

På tide å vurdera ulike aldersgrenser

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Ragnar Åmot har passert 52 år og får ikkje lenger lov å dømma lokal 3. divisjonsfotball. Dette har ingenting med Ragnar Åmot sine personlege eigenskapar å gjera – nei, mannen fyller rett og slett 53 år i år. Sogn og Fjordane fotballkrins har i sitt regelverk bestemt at då er du for gamal til å klara å følgja med på det som går føre seg i ein 3. divisjonskamp.

Det einaste som kan opna for at Åmot – eller andre på hans alder, får bruka fløyta på dette nivået er at ein av dei ordinære domarane i 3. divisjon må melda forfall. Men innimellom kan det henda at Åmot, og andre eldre herrar, kan observerast på sidelinja med flagg. Linjemann er dei nemleg framleis unge nok til å vera.

Ragnar Åmot har aldri vore kjent for å brenna inne med sine synspunkt. Heller ikkje no. I Sogn Avis sist laurdag gjekk 52-åringen ut med knallhard kritikk mot fotballkrinsen. Han kjenner seg rett og slett diskriminert på grunn av alderen. Han peikar på at det ikkje er lov å diskriminera folk i dette landet med omsyn til kjønn, alder, hudfarge, religion eller livssyn.

Det kan vera at Åmot dreg det litt langt når han hevdar at han blir diskriminert, men me har ingen vanskar med å forstå hans synspunkt. Me har tvert i mot stor forståing for reaksjonen og tykkjer det er på høg tid at aldersgrenser som dette blir vurdert på nytt. Og då ikkje berre når det gjeld fotballdømming. Det er også fleire andre yrkesgrupper som burde få justert sine aldersgrenser, den eine eller den andre vegen.

Det er i alle fall ingen logikk i at ein mann ikkje kan dømma i lokal 3. divisjon, men køyra ein buss full med skuleungar i mange år etter at domargodkjenninga går ut. Det er heller ingen spesielt fornuftig forklaring i 2009 på at politifolk i aktiv teneste må gå av med pensjon når dei er 57 år.

Men i denne samanhengen handla det altså om noko så prosaisk som å dømma lokale kampar i 3. divisjon. Denne aldersgrenseregelen må etter vårt skjønn ha overlevd seg sjølv. Det er på høg tid å innføra eit anna system, slik at domarar som ynskjer og er fysisk i stand til det, kan få halda fram også etter at dei er blitt heile 53 år gamle.

Ein måte kunne jo vera å innføra ein ekstra fysisk alderstest framfor kvar sesong som ville kunne avsløra om så vaksne karar er i stand til denne jobben eller ikkje. Kontroversielle regeltolkingar som domarar gjer kvar einaste helg, og som provoserer både spelarar, publikum og andre på langt høgare nivå enn i denne fotballkrinsen, har fint lite med alder på domaren gjera.

Ein latterleg fotballkrangel

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Det er full krig mellom Sogndal Fotball og Saftkokaradn. Det vil seia – krigen er over. Saftkokaradn er historie som ein offisiell supporterklubb til Sogndal etter ein til dels omfattande debatt i ulike media og ikkje minst på ulike nettforum. Der har det ikkje mangla på ufine karakteristikkar, for å seia det slik.

Men etter Radio Røysi på NRK Sogn og Fjordane si sanselaust morosame raljering med konflikten mellom fylket sitt fotballflaggskip og deira mest synlege supporterar sist fredag, er det kanskje på tide å leggja denne latterlege krangelen daud ?

Eller for å seia det på ein annan måte, dei som framleis har lyst å krangla om dette bør kanskje låna eitt øyra til Radio Røysi først.

Me er ikkje sikre på korleis denne saka kunne få slike dimensjonar som den faktisk har fått, og korleis frontane kunne bli så uforsonlege. I fleire radiodebattar har det vore råd å ana at det ligg meir mellom partane enn det som har kome ut i ope lende.

Uansett så kan ikkje ein supporterklubb, offisiell eller ikkje, rekna med at dei kan koma til eit møte med klubben med eit ultimatum og rekna med å få gjennomslag. Eit ultimatum hindrar all sakleg debatt. Om Saftkokaradn var Sogndal Fotball sin offisielle supporterklubb før denne krangelen, så forsvarte dei ikkje å bli karakterisert som ein seriøs supporterklubb med ei slik tilnærming.

Samstundes ligg det mykje under det offisielle svaret frå Sogndal Fotball. Det må ha vore svært mykje leiinga i Sogndal Fotball var misnøgde med i forhold til Saftkokaradn når dei møtte ultimatumet med å senda supporterane rett på dør. Det kan nesten verka som om dei sat og venta på ei høve til å kvitta seg med desse supporterane.

Ingen – verken Sogndal Fotball eller Saftkokaradn tener noko på ein krangel som dette. Dei einaste som kan ha glede av det er media og spesielt Radio Røysi. Utfordringa for Sogndal Fotball no er korleis dei skal gå vidare ei forhold til ein supporterklubb. I si tid forsvann Fleskaberget ut til venstre – no følgjer Saftkokaradn same vegen.

I medgang var for så vidt begge desse heilt greie, sjølv om dei har hatt uendeleg langt att for å tola samanlikning med Haugesund sine supporterar, for ikkje å snakka om Aalesund. Vona må vera at den latterlege krangelen me har sett resulterer i at det vaknar opp supporterar som bestemmer seg for å ta eit skikkeleg tak for klubben i sitt hjarte både i medgang og i motgang.

Slik kan det koma noko positivt ut av den latterlege krangelen, men det er vel kanskje for mykje å vona på.