Viser arkivet for stikkord fresvik

Byrjinga på slutten

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Direktør Odd Rune Turvoll ved Fresvik Produkt AS brukte mykje krefter på å overtala dei folkevalde i Vik kommunestyre om kor avgjerande viktig det ville vera for framtida til Feios og Fresvik at legekontoret fekk leva vidare. På trass av lokale finansieringsbidrag snakka han for totalt døve øyre. Legekontoret overlevde ikkje den første runden med terrakutt i Vik, same kva næringslivsleiaren, foreldra og andre i dei to bygdene meinte og sa.

No kjem neste runde. Ungdomsskulen står for hogg, og det er fint lite som tyder på at evna til å lytta er blitt betre utvikla hjå dei folkevalde. Rådmann Oddbjørn Ese har neppe anna val enn å tilrå sentralisering av ungdomsskulevane til Flatbygdi slik den økonomiske situasjonen er, men det betyr ikkje at dei folkevalde må behalda sine skylappar på.

Politikarane skal – helst – tenkja mykje lenger enn neste års budsjett, og det eine spørsmålet dei må stilla seg er korleis framtidsutsiktene vil vera for utvikling i Feios og Fresvik dersom dei fjernar ungdomssteget og sender elevane ut på dagleg pendling på ein rasfarleg veg. I bakhovudet må dei folkevalde då hugsa på at alle i Fresvik og Feios må same vegen kvar gong dei har behov for ei eller anna legeteneste.

Odd Rune Turvoll peikar på at det samfunnsøkonomisk vil vera heilt feil å leggja ned skulen. Det har han sjølvsagt heilt rett i. Kor mykje sparar eigentleg Vik kommune? Skal lærarane flyttast med, eller skal elevane inn i stadig større klassar i Flatbygdi? Skal det sparast må sjølvsagt stillingane i Fresvik vekk, sidan det stort sett berre er personalkostnader å kutta i.

Resultatet er truleg større klassar i sentrum. Har foreldra til elevar i sentrum reflektert over at det neppe betyr ei nivåheving med fleire elevar i kvar klasse? Faktum er også at dei samfunnsmessige utgiftene vil auka med å flytta desse elevane. Du kan fjerna skular, men ikkje elevar. For kommunen ligg noko av innsparinga i at fylkeskommunen sponsar skuleskyssen – men i den samfunnsmessige rekneskapen hjelp det fint lite.

Det verste er likevel korleis ei bedrift som Fresvik produkt skal makta å rekruttera kompetent arbeidskraft på litt sikt. Førebels finst det visstnok ikkje flytteplanar sjølv om kommunen knapt kan gjera det verre for verksemda enn å fjerna skulen. Barnefamiliar og næringsliv etablerer seg ikkje i bygder utan skule.

For Vik er spørsmålet kor lenge veletablerte Fresvik Produkt vil overleva uten skulen. Me tippar kanskje fem, maksimalt ti år, for dette er uansett byrjinga på slutten i Fresvik. Og andre kommunar i regionen med behov for og plass til ei veldriven produksjonsbedrift, burde ringa Turvoll & Co snarast.