Viser arkivet for stikkord kommune

Hardt press på trehusmiljøet

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Lærdal kommune har i ei lysing sagt at dei vurderer å selja Vaskar-Anna loftet på Gamleøyri. Det er snakk om ein loftsbygning heilt nede ved sjøkanten, som Claus Lindstrøm karakteriserer som ein sjeldan lokal variant. Lindstrøm er svært opprørt over at kommunen i det heile kan finna på lysa eit slikt hus ut for sal på den opne marknaden. Så opprørt at han trugar med å gå til Riksantikvaren for å be om hjelp til å stogga prosessen.

Bakgrunnen for dette er at Lindstrøm fryktar at slik salet av Vaskar- Anna loftet er utlyst, er det all grunn til å rekna med at det vil bli full ombygging. Det karakteriserer mannen som i samarbeid med fylkeskommunen og kommunen har forvalta dette verneområdet i snart 40 år, som ein katastrofe.

Korvidt det vil vera ein katastrofe skal me ikkje meina så mykje om, men det er liten tvil om at det vi vera eit kraftig slag mot det unike trehusmiljøet om dette bygget vart jamna med jorda og erstatta med noko heilt anna. Lindstrøm seier til Sogn Avis at dette også vil vera eit alvorleg slag mot den organiserte forvaltinga av vernet.

Problemet er sjølvsagt kva som eventuelt skjer dersom Lærdal kommune skulle opna for at dette huset, som står innanfor verneområdet på Gamleøyri, skal koma på private hender med påfølgjande ombygging, og ikkje minst kva presedens dette ville skapa for det framtidige vernet av bygningsmiljøet.

Me går utan vidare ut ifrå at dei folkevalde i Lærdal kommune er opptekne av å ta vare på det spesielle trehusmiljøet dei faktisk har på Lærdalsøyri. Noko anna ville vere uansvarleg både på kort og på langs sikt.

Ordførar Arne Sanden strekar under at bygget ikkje er selt enno og ikkje minst at kommunen førebels berre har sagt at dei vil vurdera eit sal. Det er med andre ord slett ikkje sikkert at det annonserte salet, der bordfristen gjekk ut i går, vil bli gjennomført. Me trur sjølvsagt ordføraren når han seier at det heile vegen har lege og skal liggja strenge vurderingar frå kommunen si side på korleis eit eventuelt sal skal gjennomførast. I dette ligg at kommunen skal krevja heilt konkrete og bindande planar for ei framtidig utnytting og restaurering av denne og andre – eigedommar i sentrum.

Ingenting ville vore betre enn om det kom aktivitet att i alle dei gamle trehusa på øyri. Men det er heilt avgjerande korleis denne aktiviteten blir tilpassa ein heilskap og at den ikkje – i større eller mindre grad – blir overlate til tilfeldige private eigarar sin ynskje og behov.

Det ville vera starten på slutten for trehusmiljøet i Lærdal slik me kjenner det i dag.

Lagnadstid for badeland

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Etter meir enn seks år i bakhovudet til folkevalde i Luster, nærmar det seg ei avklaring på om planane for det gigantiske badeanlegget i Gaupne vil bli realisert eller ikkje. Det er framleis nokre veker fram til realitetshandsaming, men politikarane vil koma eit stykke vidare når Asplan Viak legg fram sine vurderingar av prosjektet i forkant av kommunestyret i morgon. Det knyter seg spaning til kva kostnadskalkylar som vil koma på bordet.

Det er på høg tid at planane om eit badeanlegg i Gaupne blir henta ned frå lufta og konkretisert på ein måte som dei folkevalde kan ta stilling til. Sidan planane vart realisert første gongen i 2003 har kostnadene esa kraftig ut. Og framleis er det altså høgst uvisst kva prislappen til sjuande og sist vil bli. Hausten 2003 var det snakk om eit badeanlegg til rundt 40 millionar kroner, no – i 2009 – er det fleire som fryktar at den endelege prislappen vil verta nærmare 100 millionar kroner.

Heilt frå starten er det krefter i Gaupne, med arbeidarlaget i front, som har vore dei fremste drivkreftene for eit badeland. Det har vore eit bra trykk frå fleire lag og organisasjonar i kommunesenteret for å få realisert dei store planane. Årsmøtet i Gaupne bygdelag i fjor til dømes, forlanga at badelandet til 60 millionar vert realisert innan 2011. Kva viss prislappen er 100 millionar?

I kommunestyret er det berre Frp og V sine grupper som har vore skeptiske. Under handsaminga av 09-budsjettet vart Venstre ståande åleine bak sitt framlegg om å kutta planane om eit badeland og heller satsa på eit symjebasseng. Frp ville då venta til planane kjem på bordet før dei seier nei.

Det er ingen tvil om at badelandplanane er meir kontroversielle i dei andre politiske partia enn det som har kome til overflata så langt. Når saka kjem på kommunestyret sitt bord i april er det duka for eit politisk slag langs dei gamle kommunegrensene og på tvers av partia vil me tru.

Me tvilar sterkt på om Per Tang frå Hafslo får noko gjennomslag for sitt utspel om å plassera eit badeland på Heggmyrane, men utspelet i Sogn Avis i går er eit godt bilete på kva som rører seg i bygdene utanfor kommunesenteret når det no dreg seg mot ei avgjerd.

Har Luster kommune nok folk til forsvara ei så gigantisk investering?

Alt i oktober 2005 stilte førstelektor Johannes Idsø ved HSF spørsmål om det kan vera liv laga med eitt badeland i Sogn, den gongen var det planar om tre. Hans reknestykke den gongen viste at så mange som 1250 personar måtte vera villige til å betala meir enn 6000 kroner i året for å bada to gonger i veka for at ei slik investering kunne forsvarast.