Viser arkivet for stikkord kommunesamanslåing

Bør greia ut samanslåing

Årsmøtet i Leikanger Arbeidarparti vil leggja arbeidet med å greia ut konsekvensane av ei kommunesamanslåing med Sogndal på is. Sidan Senterpartiet i Leikanger alt under i valkampen i fjor gjorde det klart at dei meiner det same, er det fleirtal for å stoppa opp dette arbeidet i det nye kommunestyret i Leikanger.

Det kanskje mest oppsiktsvekkjande i denne saka, er grunngjevinga for at eit samrøystes årsmøte i Leikanger Ap, vil leggja utgreiinga på is. Dei meiner at denne saka ikkje er moden for ei utgreiing enno.

Dersom ikkje tida er moden for ei utgreiing av ei samanslåing av Sogndal og Leikanger no, så blir ho aldri det. Då er det snarare manglande vilje enn modning det handlar om. Etter vårt skjøn er denne saka overmoden for ei skikkeleg og grundig utgreiing, og det har ho vore i mange år. Og spesielt etter at tunnelane i Stedjeberget og gjennom Fatla kom på plass.

Me har for så vidt stor sans for at Leikanger Ap meiner at ei samanslåing av berre Sogndal og Leikanger blir for puslete. Ifølgje partileiar Jan Håkon Odd ser årsmøtet føre seg ei større kommunesamanslåing på nordsida. Lokallaget meiner at ei samanslåing av Sogndal, Leikanger og Luster ei minimumsløysing.

Dette er me samde med lokallaget i, og det har me teke til orde for tidlegare, ved fleire høve. Ein samanslått storkommune av desse tre vil få stor tyngde, på alle måtar. Men me er redd for at dette ligg eit godt stykke inn i framtida. Og me trur ikkje at det er lurt å venta med å greia ut den mest openberre samanslåinga i heile fylket, Sogndal og Leikanger, medan ei ventar på lustringane.

Det einaste som truleg vil setja skikkeleg fart i den prosessen, er ei samanslåing med tvang der Stortinget fortel kvar kommuneskapet skal stå, rett og slett. Det er heilt utenkjeleg at ei raudgrøn regjering vil gå inn for tvangssamanslåing av kommunar, i alle fall så lenge Senterpartiet sit i regjeringa. Men skulle Erna Solberg & Co ta over styringa kan det bli heilt andre tonar.

Det kan vera at Leikanger Ap ser føre seg eit regjeringsskifte etter Stortingsvalet i 2013, og at det er konsekvensane av eit slikt regjeringsskifte dei vil bu seg på. Me tykkjer det er ei alt for defensiv haldning og oppmodar både sogndøler og systrendingar til å gjennomføra denne utgreiinga. Då legg dei premissane sjølve.

Og så får det koma som ein stor pluss om lustringane skulle vakna.

Seksjoner

Min side

Sider

Kontrollpanel

Nyttar neppe med tvang

NHO har igjen teke til orde for ei omfattande kommunesamanslåing her i landet. Før og under NHO-konferansen på nyåret var dette ein hovudbodskap frå John G. Bernander & Co. Og ikkje berre det kommunar som, etter eitt eller anna kriterium, naturleg høyrer saman skal tvingast til samanslåing, om dei ikkje sjølve ser sitt eige beste.

I ei av landets største aviser registrerte me denne veka ei oversikt over kommunar der reiseavstanden mellom rådhusa er så kort, at det i seg sjølv bør føra til ei samanslåing. Det handla då om bilturar på under 10 minutt.

Så små avstandar finst ikkje mellom noko heradshus her i Sogn, men det tek ikkje mykje meir enn 20 minutt å køyra mellom kontoret til Olav Lunden og kollega Jarle Aarvoll i Sogndal.

Det er mange år sidan Sogn Avis første gongen tok til orde for å gjera alvor av planane om å slå Sogndal og Leikanger saman. Men så langt har det mangla politikarar med mot, vilje, evne og ikkje minst visjonar store nok til å gjennomføra det som burde bli ein vellukka kommunefusjon.

Men same kor fornuftig det ser ut å slå saman desse to kommunane, så er me hundre prosent sikre på at tvang ikkje vil nytta. Nytta i den betydning at det skal koma noko konstruktivt og positivt ut av ei slik samanslåing, at det skal vera noko å henta for folk som bur i begge!

Ei samanslåing med tvang, som ikkje kviler på folkeviljen, vil kunna gjera det som måtte vera av vondt verre, og me må sjå langt etter ein positiv synergieffekt av samanslåinga. Du klarar ikkje enkelt å tvinga sogningar til å gjera noko dei ikkje vil.

Difor er ei samanslåing av kommunar, både når det gjeld Sogndal og Leikanger og andre, avhengig av at nokon kveikjer folket skikkeleg. Men då må den politiske viljen til dette materialiserast på eitt eller anna vis.

Diverre er det mykje som tyder på at det enno er eit stykke å gå før Sogndal og Leikanger blir eitt og endå lenger før også Luster kan tenkast å bli med i ein slik stor sognekommune.

Men når våre etterkomarar, om ein generasjon eller toppen to, ser attende og skal vurdera det me driv med i dag, er me rimeleg trygge på at dei kjem til å undre seg mykje på kvifor me ikkje slo oss saman til ein stor kommune, på eit mykje tidlegare tidspunkt og det av eigen fri vilje.