Viser arkivet for stikkord kultursjef

Blir fjerna utan debatt?

Hausten 2009 vedtok Sogndal kommune å oppretta ei stilling som kultursjef. I eit intervju med Sogn Avis, då stillinga vart utlyst, sa sektorleiar for kultur og næring, Inger Pedersen at dette var ei stilling utan administrativt ansvar, og med fokus på kultur. Den nye kultursjefen skulle også få vera med på å utforma stillinga sjølv.

To år seinare er det alt som tyder på at denne stillinga blir fjerna. Kultursjefstillinga, som skulle ha fokus på kulturen i regionsenteret, skal vekk. Både dei folkevalde i formannskapet og administrasjonen forklarar det dramatiske kuttet med at dette er heilt naudsynt for å oppnå budsjettbalanse. Og sidan det ikkje er ei lovpålagd stilling, kan ho fjernast med eit pennestrøk i økonomiplanen, tydelegvis.

Det blir lagt merke til, langt utanfor kommunegrensene, at vekstkommunen og regionsenteret Sogndal, fjernar stillinga som kultursjef. Fleire utøvande kunstnarar har uttalt seg kritisk til dette på ulike sosiale media. Dette er ikkje spesielt god reklame for «kulturbygdi».

Mellom linjene er det fleire som seier til Sogn Avis at det slett ikkje berre kan vera budsjettbalansen som gjer at dette skjer. Det blir peika på at Maryann G. Mundal ikkje har fungert slik som målsetjinga var. Ho har ikkje makta å løfta fram kulturen i kommunen på den måten mange hadde vona ein kultursjef i ei sopass fri stilling, burde gjera, blir det hevda.

Det kan så vera. Me skal utan vidare vedgå at me ikkje har god kjennskap til korleis kultursjefen i regionsenteret dei to siste åra har fungert innanfor kommunen. Men me konstaterer at kultursjefen ikkje har vore spesielt mykje framme i det offentlege søkjelyset. Heller ikkje i samband med markeringa av at Sogndal Kulturhus er 20 år, har kultursjefen vore synleg.

Det kan med andre ord vera fleire ting som tyder på at Sogndal kommune ikkje trefte spikaren på hovudet med si tilsetjing av kultursjef i februar 2010. Men kven er i så fall det sitt ansvar? Og kva fortel det om evna til langsiktig planlegging i denne kommunen, at ein kultursjef blir fjerna under to år etter at vedkomande byrja?

Men meir enn noko saknar me ein politisk debatt om kulturen sin posisjon i kommunen framover. Det er nemleg eit faktum at framlegget om å kutta kultursjefstillinga har passert gjennom formannskapet utan at Sogn Avis har registrerer antydning til debatt om kuttet. Dermed blir spørsmålet til dei folkevalde i Sogndal: Kva vil de me kulturen no?