Viser arkivet for stikkord lærdal

Langreist mat

I snart eitt år har pasientane på Lærdal sjukehus levd på langreist mat. Det vart åtvara frå fleire hald mot nedlegging av kjøkenet på sjukehuset, som var populært etter å ha levert god, og ikkje minst næringsrik mat i mange år.

Mesteparten av maten som pasientane i Lærdal no får, blir laga i Førde og køyrd langs landevegen til Lærdal. Men det blir hevda at potetene blir kokte i Danmark og vakuumpakka før dei blir sende ut på si lange reise til Indre Sogn.

Etterverknadene av Dagmar gjorde at verken poteter eller anna mat kom fram til Lærdal den 28.12. Då måtte personalet på sjukehuset improvisera og laga graut. Det var graut eller ingenting til pasientane denne dagen.

Direktør for intern service i Helse Førde, Torstein Solset, er klar på at det til ei kvar tid skal vera beredskap for å takla situasjonar som den i romjula, i både ein og to dagar. Med andre ord graut er greitt!

direktøren seier vidare at han prøver å koma behovet ute på dei ulike institusjonane i møte, og at han høyrer på dei som klagar. Han hevdar også at det kjem positive tilbakemeldingar.

Dette står i grell kontrast til det nyss utskrivne Kari Grøtte fortel. Etter tre veker som pasient på sjukehuset i heimbygda, er hennar dom over maten som blir servert der no, knusande. Maten er smaklaus, generelt dårleg og verst av alt ikkje så næringsrik som den burde vera.

Og Grøtte tykkjer det er heilt forkasteleg at dei tilsette på eit sjukehus med fullt utstyrt kjøken, må seia til pasientane at når Kjøsnesfjorden er stengd då er det berre graut som gjeld.

Me har for lengst innsett at det er vanskeleg å nå fram til Helse Førde med kritikk, og at det er nesten heilt uråd å få helseføretaket til å revurdera noko som helst. Men det er heilt openbert at standarden på den langreiste maten, ikkje er i nærleiken av å halda den kvalitet som pasientar treng for å bli friske att. Kari Grøtte har heilt rett når ho meiner dei ansvarlege må ta tak i dette, og revurdera ordninga med langreist sjukehusmat.

Me les at direktør Solset hevdar at han fått positive tilbakemeldingar frå pasientar på maten som blir servert. Desse pasientane skulle me gjerna ha prata med. Kan de vera så snille å ta kontakt med Sogn Avis?

Hardt press på trehusmiljøet

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Lærdal kommune har i ei lysing sagt at dei vurderer å selja Vaskar-Anna loftet på Gamleøyri. Det er snakk om ein loftsbygning heilt nede ved sjøkanten, som Claus Lindstrøm karakteriserer som ein sjeldan lokal variant. Lindstrøm er svært opprørt over at kommunen i det heile kan finna på lysa eit slikt hus ut for sal på den opne marknaden. Så opprørt at han trugar med å gå til Riksantikvaren for å be om hjelp til å stogga prosessen.

Bakgrunnen for dette er at Lindstrøm fryktar at slik salet av Vaskar- Anna loftet er utlyst, er det all grunn til å rekna med at det vil bli full ombygging. Det karakteriserer mannen som i samarbeid med fylkeskommunen og kommunen har forvalta dette verneområdet i snart 40 år, som ein katastrofe.

Korvidt det vil vera ein katastrofe skal me ikkje meina så mykje om, men det er liten tvil om at det vi vera eit kraftig slag mot det unike trehusmiljøet om dette bygget vart jamna med jorda og erstatta med noko heilt anna. Lindstrøm seier til Sogn Avis at dette også vil vera eit alvorleg slag mot den organiserte forvaltinga av vernet.

Problemet er sjølvsagt kva som eventuelt skjer dersom Lærdal kommune skulle opna for at dette huset, som står innanfor verneområdet på Gamleøyri, skal koma på private hender med påfølgjande ombygging, og ikkje minst kva presedens dette ville skapa for det framtidige vernet av bygningsmiljøet.

Me går utan vidare ut ifrå at dei folkevalde i Lærdal kommune er opptekne av å ta vare på det spesielle trehusmiljøet dei faktisk har på Lærdalsøyri. Noko anna ville vere uansvarleg både på kort og på langs sikt.

Ordførar Arne Sanden strekar under at bygget ikkje er selt enno og ikkje minst at kommunen førebels berre har sagt at dei vil vurdera eit sal. Det er med andre ord slett ikkje sikkert at det annonserte salet, der bordfristen gjekk ut i går, vil bli gjennomført. Me trur sjølvsagt ordføraren når han seier at det heile vegen har lege og skal liggja strenge vurderingar frå kommunen si side på korleis eit eventuelt sal skal gjennomførast. I dette ligg at kommunen skal krevja heilt konkrete og bindande planar for ei framtidig utnytting og restaurering av denne og andre – eigedommar i sentrum.

Ingenting ville vore betre enn om det kom aktivitet att i alle dei gamle trehusa på øyri. Men det er heilt avgjerande korleis denne aktiviteten blir tilpassa ein heilskap og at den ikkje – i større eller mindre grad – blir overlate til tilfeldige private eigarar sin ynskje og behov.

Det ville vera starten på slutten for trehusmiljøet i Lærdal slik me kjenner det i dag.