Viser arkivet for stikkord lokale

Førebels utan lokale artistar

Studentveka i Sogndal er og har heilt sidan starten på 1980-taletvore eit viktig aktivum for den største studiestaden i Sogn og Fjordane. Veka er eit sosialt og kulturelt høgdepunkt for både studentar og innfødde. Og det er ingen tvil om at arrangementet har vore ein viktig faktor for det biletet som er skapt av Sogndal som ein studiestad med godt miljø, der det er kjekt å studera.

Me er rimeleg trygge på at det også vil bli slik i 2012. Før helga var det programslepp og det ein stjernenamnet etter det andre slapp ut av vekasekken. Kaizers Orchestra toppar plakaten, men også Veronica Maggio og Maria Mena er artistar som kling godt i dei fleste sine øyre.

Det er også verdt å merka seg at Studentveka i 2012 har eit slagord på sognedialekt. «Kom an dao» er slagordet og ifølgje vekasjef Andreas Macsik skal samtlege plakatar vera på kav sognemål neste år.

Veka 20120 skal visa Sogn frå si beste side og det er ei målsetjing å dra lokalbefolkninga sterkare med enn nokon gong før. Då er det mildt sagt underleg at Veka 2012 ikkje har funne plass til ein einaste lokal artist. I allefall ikkje førebels. Det er ikkje enkelt å forstå at ei studentveke, med ein sopass lokal profil, ikkje satsar på ein lokal artist.

Det er nemleg ikkje mangel på attraktive og spanande lokale namn. Eva & The Heartmaker har eit sterkt år bak seg, og burde vera interessante. Det same er rockebandet Tyyl og ikkje minst Vreid. Og er det for hardt, kunne Tone Damli Aaberge heilt sikkert vera eit godt namn på plakaten, for ikkje å snakka om Olav Stedje og hans gamle kompisar i Lava.

Me trur at ein mimrekonsert med Stedje og Lava ville fått mange innfødde ut av sofaen. Og dersom Veka 2012 skulle vera skikkeleg på hogget, burde dei ha henta Åshild Mundal, opphavleg frå Hafslo.

Veka 2012 skal ha mykje ros for at dei brukar lokal dialekt i si marknadsføring av dette strålande arrangementet. På plussida er også det konstruktive samarbeidet med Fjellsportfestivalen og Sogndal Fotball. Det einaste som manglar førebels er eitt eller fleire lokale namn på artistlista. Klarar Veka 2012 å få det til, kan dette bli den beste noko gong.