Viser arkivet for stikkord lutt

Lutt er ein pris verd

Musikkmiljøet i Sogn og Fjordane er heldige. Dei har Lutt. I fem år har to eldsjeler i lokalmusikkredaksjonen til NRK Sogn og Fjordane bidrege til å løfta fram lokal musikk og lokale musikarar. Stian Sjursen Takle og Stein Aase har sytt for at musikarar i og frå fjordfylket har fått ei uvanleg merksemd. Takka vera desse to karane har dei lokale artistane nådd ut til eit stort publikum på ein måte som artistar i andre fylke må misunna dei.

I sine faste Luttsendingar på lokalkringkastinga har dei to løfta ei lang rekkje artistar opp og fram i lyset gjennom intervju, gjennom speling av nylaga musikk og gjennom saklege og gode kritikkar av den lokale musikken. Dette har vore og er ein framifrå scene for lokale utøvarar å eksponera seg på.

Det er liten tvil om at både Tyyl, Eva & The Heartmaker, Liv Kreken, Håvard Lothe og ei rekkje andre lokale artistar, har mykje å takka Lutt for.

Utgangspunktet er Luttprisen, som vart oppretta i 2006. Denne prisen er ei merksemd til artistar frå fylket som har vist seg fram det siste året. Lokalmusikkredaksjonen, som etter det me forstår er samansett av dei to nemnde musikkentusiastane, har også arrangert ei rekkje Luttkonsertar, der den årlege Julelutten har vorte spesielt populær.

I same lokale ånd har Luttprisen sidan starten vore laga av lokale kunstnarar. Det første året var prisen eit trykk av kunstnaren Knut Rumohr. I 2007 og 2008 var prisen skulpturen St. Sunniva av Turid B. Kvalheim frå Vågsøy og sidan 2009 har prisen vore eit pengestipend og ein kunstdiplom av kunstnaren Oddvar Torsheim.

Førre helg var det Stedjelutt i Sogndal kulturhus, ei hending ingen som var til stades kjem til å gløyma. Også denne hyllesten til Olav Stedje og æresprisen, kom i stand først og fremst takka vera dei to eldsjelene i NRK sin lokalmusikkredaksjon. Saman med sponsorar klarar dei å arrangera fleire store musikalske mønstringar i året der me får møta mange flinke musikarane frå fylket me visste om men også artistar me kanskje ikkje har høyrt om før.

Måten dei bidreg til å setja fokus på og løfta fram det lokale musikklivet i heile Sogn og Fjordane gjer at desse to karane sjølve, forlengst har gjort seg fortente til ein pris. Kva med ein fylkeskulturpris? Få om nokon har gjort meir for lokalt musikkliv i heile fylket dei siste åra.