Viser arkivet for stikkord melodi

Bondefanga av MGP

Fylkesdirektør jan Heggheim gjorde det einaste rette då han tilrådde å avslå søknaden frå HippHipp Flora i Florø om 900.000 kroner til nok ei Melodi Grand Prix-sending. I si utgreiing peika direktøren på at det er vanskeleg å forsvara ei støtte på 900.000 kroner til eit kommersielt eventselskap for å arrangera ein songkonkurranse. Til samanlikning støtta fylkeskommunen tv-serien Oppdrag Sognefjorden med kr 150.000.

Finst det nokon som trur at ei enkelt TV-sending, med meir eller mindre tilfeldige artistar, frå Florø er i nærleiken av å ha same verdi på noko vis som TV-reportasjane i Oppdrag Sognefjorden?

Fylkesdirektøren peikar også på at rolla til fylkeskommunen er ikkje å vera aktør, men å leggja til rette for god utvikling. «Det er godt mogeleg at dette er eit godt prosjekt, men det kan ikkje forsvarast å støtta dette ut frå eit fylkeskommunalt næringsperspektiv», konkluderte fylkesdirektøren. Etter vårt syn ei nøktern, fornuftig og heilt korrekt vurdering.

Diverre ser det ikkje ut til at våre folkevalde, og slett ikkje fleirtalet i fylkesutvalet, har like godt gangsyn. Med eit stort fleirtal gjekk utvalet torsdag inn for å gje 750.000 kroner i støtte. Dersom fylkestinget støttar tilrådinga i juni, vil fylkeskommunen på to år bruka heile 1.650.000 kroner på å sponsa to TV-sendingar på NRK.

Det er oppsiktsvekkjande at det berre var Norvall Nøringset (SV) som var imot i fylkesutvalet. Me har forståing for at det kan vera kjekt for politikarar både med og utan kjede å sola seg i glansen frå Anne Rimmen & Co. Men ærleg tala det er ikkje ein gong i nærleiken av å vera ei fylkeskommunal oppgåve å finansiera ei TV-sending som dette.

Sjølvsagt er det flott at unge talent får ein scene å opptre på i Florø og i ein lokal, innleiande runde før delfinalen, men det finst andre måtar å nytta desse midlane på som ville ha gjeve langt større effekt for mange fleire ungdomar.

Det er NRK si oppgåve å finansiera sendingane sine. Det er det me betalar lisens for at dei skal gjera. Dei oppgåvene NRK ikkje maktar utan offentleg støtte, får dei overlata til andre. Og dersom ikkje HippHipp Flora maktar å arrangera dette utan offentleg støtte, vel så får dei finna på noko anna.

Men framleis er det folkevalde i fylket som let seg bondefanga og blenda av eit par timars TV-show. Er det slik me vil at dei skal bruka skattepengane våre ? Spørsmålet er korleis avsløringane om at gutane i HippHipp Flora tok ut heile MGP-tilskotet som løn i fjor, vil slå ut når fylkestinget får saka. Let dei seg også bondefanga?