Viser arkivet for stikkord nav

Partnerskap på papiret

Leiaren er skriven av journalist Jan Egil Fimreite.

Nav slit tungt for tida. Dei er langt unna sine eigne tidskrav når det gjeld barnebidrag, inntekter til livsopphald, stønad til einslege forsytarar, sjukeløn og på andre område. Nav har også fått saftig kritikk av Riksrevisjonen, der dei peikar på mangelfull kontroll av utbetalingar på ei rekke område.

Me har forståing for at det kan oppstå akutte situasjonar som er utfordrande å handtera, som til dømes utbetaling av dagpengar i Høyanger der fleire hundre vart arbeidsledige over natta. Men me trur at krisa i Nav vil halda fram, blant anna på grunn av mangel på styring og oppfølging av retningsliner for arbeidet. Arbeids- og velferdsdirektør Tor Saglie seier til Aftenposten at dei ikkje kan instruera dei lokale løysingane, men at både stat og kommune har stor innverknad på arbeidet på eit Nav-kontor.

Føringar blir også blant anna lagde gjennom ei etableringshandbok for Nav-kontora. Men, som Saglie seier, så er det heilt naudsynt at eigarane tek eit felles ansvar og er aktive i oppfølginga av det lokale Nav-kontoret i den daglege drifta for at partnerskapen skal fungera.

Det er her me meiner Nav så langt har svikta og har blant anna ført til at dei ulike einingane i partnarskapen skuldar på kvarandre når folk ikkje får det dei har krav på til rett tid. Det nyttar lite med ei etableringshandbok dersom denne ikkje blir følgd opp i praksis. Ei haldning som seier at avgjerslene om korleis Nav-kontora blir organiserte skal gjerast lokalt, er for passiv og kan i mange tilfelle føra til at partnerskapen berre vil fungera på papiret.

Det tek tid å få ein partnarskap til å fungera, men det er fullt mogleg. Det krev at retningslinene som er lagde, blir følgde opp. Dette er heilt klart eit leiaransvar å planta slike samarbeidshaldningar inn i organisasjonen. Det kan her vera nyttig å sjå til ein nyleg komen ut rapport frå helsetilsynet om det arbeidet som blir utført i kommunane når det gjeld hjelp til utsette born og unge. Årdal kommune vart her, som ein av berre 11 kommunar, trekt fram som førebilete. Årdal har lukkast i dette arbeidet fordi dei har fått eit samarbeid til å fungera. PPT, barnevern, helsestasjonstenesta, sosialtenesta, skulehelsetenesta, legetenesta, skular og barnehagar trekk lasset saman og resultata har heller ikkje late venta på seg. Årdal er ei bygd med lite ungdomskriminalitet og svært lite rusproblem blant unge.

Eit sterkt fokus på samhandling i høve til brukarane har gjeve resultat. Det er klart at dette for ein del er personavhengig. Men med ein så kraftig og solid samarbeidsplattform som Årdal har bygd opp på dette feltet, er ikkje systemet så sårbart i høve til utskifting av folk som det elles ville ha vore.

Handlekraft i Holmen

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Hausten 1997 gjekk nyheita om at det ikkje eksisterte ein einaste arbeidsledig i Balestrand kommune verda rundt. 12 år seinare er situasjonen snudd opp ned. På kort tid har pendlarkommunen mangedobla arbeidsløysa. Då Fundo kollapsa vart det meir enn 20 nye arbeidsledige innbyggjarar i den vesle kommunen. Totalt er det no rundt 30 utan arbeid i kommunen.

Talet er kanskje ikkje det største, men ein så liten kommune er svært sårbar for ei utvikling som dette. Det merkast når 20 innbyggjarar mister jobben meir eller mindre over natta.

Frå meir sentrale strøk kjem det kvar einaste dag meldingar om at styresmaktene, verken nav eller andre, maktar å handtera den krisa som råkar fleire nordmenn for kvar dag på som går, på ein akseptabel og god nok måte. Då er det faktisk, midt oppe i alt det negative, kjekt å registrera at Balestrand kommune både har evne og vilje til å handla raskt og målretta i forhold til sine arbeidsledige innbyggjarar.

I perioden frå og med februar til og med juni får alle innbyggjarane i kommunen, som er blitt arbeidsledige 50 prosent rabatt på foreldrebetaling både i barnehage og på skulefritidsordninga. Dette betyr mykje for dei som har mista jobben. Det kommunale strakstiltaket blir naturleg no teke imot på neste måte.

Rådmann Vidar Roseth peikar på at når ein familien mister levebrødet sitt på denne måten, kan det vera heilt naturleg at foreldra vurderer om dei har råd til å halda fram med å senda borna i barnehage eller på skulefritidsordninga. Resultatet kan då bli at borna blir verande heime. Borna bør sleppa å bli tekne ut av sin normale dagrytme, seier rådmannen. Det er klokt sagt og slik unngår familiar, som i ei periode står utan arbeid å bli dobbelt straffa.

Me registrerer at også Høyanger kommune har bestemt seg for eit tilsvarande rabatt til sine arbeidsledige. Det er sjølvsagt positivt og viktig at dei to nabokommunane er samkøyrde på dette. Det kunne utvilsamt ha resultert i mykje ekstra irritasjon om tidlegare arbeidskollegaer vart handsama ulikt på eit så viktig område som dette, berre fordi dei bur på andre sida av kommunegrensa.

Det er grunn til å gje dei folkevalde og administrasjonen i dei to kommunane honnør og skryt for at dei har vist slik handlekraft i ei så vanskeleg og utfordrande tid for så mange av sine innbyggjarar.