Viser arkivet for stikkord nho

Nyttar neppe med tvang

NHO har igjen teke til orde for ei omfattande kommunesamanslåing her i landet. Før og under NHO-konferansen på nyåret var dette ein hovudbodskap frå John G. Bernander & Co. Og ikkje berre det kommunar som, etter eitt eller anna kriterium, naturleg høyrer saman skal tvingast til samanslåing, om dei ikkje sjølve ser sitt eige beste.

I ei av landets største aviser registrerte me denne veka ei oversikt over kommunar der reiseavstanden mellom rådhusa er så kort, at det i seg sjølv bør føra til ei samanslåing. Det handla då om bilturar på under 10 minutt.

Så små avstandar finst ikkje mellom noko heradshus her i Sogn, men det tek ikkje mykje meir enn 20 minutt å køyra mellom kontoret til Olav Lunden og kollega Jarle Aarvoll i Sogndal.

Det er mange år sidan Sogn Avis første gongen tok til orde for å gjera alvor av planane om å slå Sogndal og Leikanger saman. Men så langt har det mangla politikarar med mot, vilje, evne og ikkje minst visjonar store nok til å gjennomføra det som burde bli ein vellukka kommunefusjon.

Men same kor fornuftig det ser ut å slå saman desse to kommunane, så er me hundre prosent sikre på at tvang ikkje vil nytta. Nytta i den betydning at det skal koma noko konstruktivt og positivt ut av ei slik samanslåing, at det skal vera noko å henta for folk som bur i begge!

Ei samanslåing med tvang, som ikkje kviler på folkeviljen, vil kunna gjera det som måtte vera av vondt verre, og me må sjå langt etter ein positiv synergieffekt av samanslåinga. Du klarar ikkje enkelt å tvinga sogningar til å gjera noko dei ikkje vil.

Difor er ei samanslåing av kommunar, både når det gjeld Sogndal og Leikanger og andre, avhengig av at nokon kveikjer folket skikkeleg. Men då må den politiske viljen til dette materialiserast på eitt eller anna vis.

Diverre er det mykje som tyder på at det enno er eit stykke å gå før Sogndal og Leikanger blir eitt og endå lenger før også Luster kan tenkast å bli med i ein slik stor sognekommune.

Men når våre etterkomarar, om ein generasjon eller toppen to, ser attende og skal vurdera det me driv med i dag, er me rimeleg trygge på at dei kjem til å undre seg mykje på kvifor me ikkje slo oss saman til ein stor kommune, på eit mykje tidlegare tidspunkt og det av eigen fri vilje.