Viser arkivet for stikkord nynorsk

Kampen mot «fjøslatinen»

Fylkestinget har samrøystes vedteke å medverka til at det blir etablert eit nynorsk forum i Sogn og Fjordane. Dette forumet skal mellom anna ha som oppgåve å fremja ein språkpolitisk debatt. Det kan ikkje vurderast som anna enn eit bra og velmeint tiltak.

Men så skulle det også berre mangla om ikkje eit nynorskfylke som vårt stilte seg i bresjen for språkkampen, som går føre seg kvar einaste dag. Akkurat slik fylkesordførar Åshild Kjelsnes gjorde i sin opningstale til fylkestinget tysdag.

Der synte ho ambisjonar om at fylket skal skaffa seg ein meir sentral posisjon i dei nasjonale, nynorskpolitiske miljøa. Frå fylkeskommunen si side er det soleis eit mål å forankra forumet breitt og på tvers av sektorar som kommunane, utdanningsinstitusjonane, næringsorganisasjonar, arbeidstakarorganisasjonar og media.

Dette er eit stort og viktig arbeid som vil krevja både interesse og stort engasjement frå fleire enkeltindivid. Me er trygge på at fylkestinget har valt sin best mogelege kandidat i så måte.

Lærdølen og målmannen Jan Olav Fretland (SV) blir deira sin representant. Då kjem det ikkje til å vanta verken klare standpunkt eller engasjement.

Allereie då han hadde ordet under tingseta gjekk Fretland ut mot delar av den skriftlege framstillinga, som me opplever i det offentlege byråkratiet. Fretland konstaterte, heilt treffande og presist, at nynorsk lett kan bli uforståeleg, om ein bind seg for mykje opp i fagorda, eller «fjøslatinen» som han kalla det.

Fretland strekar under kor viktig det er at me brukar målet vårt rett, me som skriv nynorsk. Og i arbeidet med å gjera Sogn og Fjordane til nynorskfylke nummer ein, må det sjølvsagt ventast at byråkratane herifrå gjer som Fretland ber om – lærer seg og nyttar ein forståeleg nynorsk.

Og ikkje minst må folkevalde og administrative organ i fylkeskommunen og i dei ulike kommunane, vera meir medvitne på ansvaret dei har for den nynorske målforma.

Eit språkmedvite fylkesting vedtok også at fylkeskommunen skal bidra til å markera Språkåret 2013, når det også er 200 sidan Ivar Aasen vart fødd. Det er vel og bra og dessutan godt eigna til å visa fram at ein held seg med eit Nynorsk forum i dette fylket. Men den daglege kampen er det viktigaste. Jan Olav Fretland sin måte å angripa utfordringane på lovar godt.

Alvorleg åtak på nynorsken

Ei arbeidsgruppe har laga forslag til ny læreplan i norskfaget. I eit brev til undervisningsminister Kristin Halvorsen skisserer Utdanningsdirektoratet fleire løysingar. Dette er ikkje gode nyheiter for nynorsken.

SV-statsråd Halvorsen var i går ute i ei rekkje media og hevda at det er urealistisk å forlanga at elevane skal vera like gode i hovudmål og sidemål. Kunnskapsministeren hevdar at ho har fått klokkeklare tilbakemeldingar frå både lærarar og elevar, om at norskfaget er vorte altfor omfattande og arbeidskrevjande.

slike arbeidsmengder kan me ikkje halda fram med på leggja på ungdomane, tykkjer statsråden. Difor har ho gjeve uttrykk for at ho vil støtta framlegget om å fjerna eigen karakter i sidemål. Sidemålet blir redusert til ein parentes, rett og slett.

Noregs Mållag er, som ventande kan vera, misnøgd og karakteriserer utspelet som svært dramatisk for nynorsken. Mållaget minner om at alle dei tre regjeringspartia gjekk til val på at dei skulle styrkja nynorsken og jobba for meir likestilling mellom nynorsk og bokmål. I SV sitt arbeidsprogram 2009 2013, under punktet les me følgjande: «SV vil styrkje nynorskopplæringa både som hovud og sidemål.»

Å støtta eit framlegg som fjernar sidemålet, kan ikkje ein gong SV hevda er i samsvar med programmet dei gjekk til val på. Mållagsleiar Håvard B. Øvregård seier dette både er ei svekking av norskfaget og av nynorsk som offisielt språk. Og at jamstellinga mellom nynorsk og bokmål er i fare dersom det ikkje er eigen karakter i begge målformene.

Det har han sjølvsagt heilt rett i. Det er nynorsken, og berre nynorsken, som vil tapa dersom sidemålet blir fjerna. Argumentasjonen om at det er for tøft for norske ungdom anno 2012 å læra seg to målformer, er ikkje til å tru. Me nektar å vera med på at nivå og kapasitet hjå norske ungdomar er så kraftig svekt dei siste tiåra.

Dette handlar etter vårt skjøn ikkje om kapasitet og evne. Det handlar om vilje og motivasjon. Når både lærarar og politikarar snakkar ned sidemålet i praksis nynorsken på denne måten, er det ikkje nett eigna til å få fleire til å velja seg nynorsk.

Elles reknar me med friske tak om dette i regjeringa sitt underutval, kva seier du, Liv Signe Navarsete?