Viser arkivet for stikkord oddvar

Storveges på Skjolden

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

I desse finanskrisetider er det nesten som ein må klypa seg i armen over Oddvar Røysi si satsing på Skjolden. Rett nok har investoren og eigedomsmagnaten, som er busett ved Hønefoss, både sagt og lova at han skal byggja ut Skjolden til noko heilt ekstra. Prata kan mange gjera, men Røysi har for lengst dokumentert at han gjer mykje meir enn å prata. For utviklinga i indste delen av Luster kommune er ein slik investor meir enn gull verd.

Men at dette skjer no i 2009, at det skal investerast i alt over 130 millionar kroner på eit reiselivsanlegg på Skjolden dette året, er likevel nesten ikkje til å tru. Faktum er at Skjolden – når Skjolden Brygge del 2, cruisekaien og servicebygget for cruisetrafikken – står ferdig, så vil den vesle bygda ha det største overnattingsanlegget i heile kommunen. Skjolden Brygge vil samla ha over 200 sengeplassar, og i løpet av få år vil heile området innsida av den gamle Hydrokaia med eit kaihus som stod til nedfalls, bli forandra til eit spennande reiselivsprosjekt, ikkje berre kloss i, men delvis ute i sjølve fjorden.

Me skal utan vidare vedgå at me var skeptiske til cruisekai-planane frå Oddvar Røysi første gongen dei var lanserte. Og framleis kan det sikkert vera grunn til å lura på om Skjolden er stort nok til å ta i mot ein cruisetrafikk av det omgang som er tenkt. Men vår skepsis er betydeleg redusert etter kvart som me har registrert Røysi si store handlekraft og ikkje minst evne til å setja planane han har ut i livet.

Og det kan jo vera slik at Røysi si satsing på cruisekai på Skjolden, i eit lengre tidsperspektiv, kan visa seg å vera genial. Som til dømes dersom ein nye stamveg mellom Bergen og Trondheim blir plassar gjennom Sognefjellet på eitt eller anna vis. Skjolden er uansett ved inngangsporten til Jotunheimen som sikkert kan gjerast like attraktiv å vitja som ein tur med Flåmsbana. Det er ikkje så mange år sidan folk ville ha ledd om du hadde påstått at Flåm skulle ha så mange cruisebåtanløp som i dag.

Men dette er eventuelt på lang sikt. På kort sikt betyr Røysi si satsing på Skjolden både arbeidsplassar, auka aktivitet og dermed større tru på framtida. Me er sjølvsagt klar over at Røysi satsar på Skjolden fordi han har røtene sine i denne regionen, det var på Skjolden han gjekk barneskulen. Men slett ikkje berre difor. Han har neppe bygd opp sitt eigedomsimperium på nostalgi og behov for å hjelpa lokalsamfunn åleine. Han satsar sjølvsagt først og fremst for å tena meir pengar.

For ei bygd som Skjolden er det storveges og ringverknadene gjer framtidsutsiktene langt lysare enn dei elles ville ha vore.

Det hastar for Harastølen

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Sogn Avis har den siste tida sett fokus på situasjonen for Harastølen som – mildt sagt – er utfordrande og det på mange måtar. Det har vore uendeleg mykje att og fram om framtida til dette unike anlegget dei siste åra. Det einaste som har vore og er heilt sikkert er at anlegget forfell. Den siste tida har forfallet skote fart. No er situasjonen for lengst vorte prekær.

Bygdefolket krev handling.

Det kan ikkje vera særleg stor tvil om at bygdefolket sitt krav om ei snarleg avklaring på kva som skal skje med den nedslitne taubana og bygget nede ved riksvegen er både legitimt og rettkome. Så langt har bygdefolket sett svært lite til konkrete planar om kva som skal skje med det tidlegare så spektakulære anlegget. No står det til forfalls og stor irritasjon.

Det som skapar størst irritasjon er sjølvsagt det gamle taubanebygget som står kloss i riksvegen. Det er liten tvil om at dette er eit historisk landemerke for folk som køyrer gjennom Luster og for dei fastbuande. Men så lenge det ikkje er anna enn forfall som pregar bygget vil folk flest også irritera seg over at det står der det står. Det er vanskeleg å få aksept for at det er viktig å bevara eit minneverdig bygg på denne tomta dersom det ikkje skjer noko med vedlikehaldet.

Samstundes er det ei nesten umogeleg oppgåve å bygga ein gangveg forbi denne flaskehalsen utan å riva eller flytta bygget. Me har forståing for dei som argumenterer for at bygget er så viktig at det bør vernast, men då er det ein soleklar føresetnad at det snarast mogeleg skjer noko med vedlikehaldet. Eit bygg som står slik til forfalls forsvarar ikkje ein status som verdt å ta vare på.

Endå verre er situasjonen for sjølve hovudbygget på Harastølen. Her er akselererer forfallet og den siste tida er det meldt om fleire tilfelle av hærverk og det politiet karakteriserer som uønskt aktivitet i bygget. Det er liten grunn til å rekna med at dette hærverket vil opphøyra om det ikkje skjer noko.

Sist dagens eigarar Harastølen AS (Tinfos AS) hevda die hadde seriøse planar om oppussing av den stor bygningsmassen, var det kalkulert med 150 millionar kroner i kostnader. Det er fint lite som tyder på at nokon er i nærleiken av å realisera slike planar og kostnadskalkylen aukar for kvar dag som går. Investor Oddvar Røysi trur på spøkelsesturisme i det tidlegare sanatoriet. Kanskje er det ein bra idé, men neppe nok til å stagga utolmodige bygdefolk.

Dei forlanger at eigaren gjer noko med bygningsmasse og taubane snarast. Det er eit krav som har vår heile og fulle støtte. Og det hastar!